05.04.2011

Vurdering av genmodifisert potet

Illustrasjonsfoto: IStockphoto.

Det nederlandske firmaet AVEBE U.A. har søkt om bruk av den genmodifiserte stivelsespoteta Modena til dyrking, import, prosessering, mat og fôr. Bioteknologinemnda ønskjer fleire svar frå søkjar.

Det er ikkje søkt om bruk av Modena direkte som mat eller fôr, men det er søkt om at produkta frå stivelsesproduksjonen kan brukast som fôr og gjødsel og tilsetningsstoff i matproduksjonen.

Oppsummering av nemnda sine innspel:

  • Den vedlagte dokumentasjonen frå søkjar tyder på at det ikkje er nokon helse- eller miljørisiko knytt til dyrking av Modena i Europa, og at samansetning og næringsinnhald er tilsvarande det som finst i konvensjonelle poteter.
  • Bioteknologinemnda meiner at søkjar ikkje adresserer viktige spørsmål relatert til samfunnsnytte, etikk og bærekraft som må svarast på i følgje genteknologilova.
  • Bioteknologinemnda peikar på at firmaet har basert seg på tru i ein del av konklusjonane i søknaden. Nemnda understrekar at det er behov for eigenproduserte og uavhengige undersøkingar på effekten av dyrking av Modena på organismar i nærmiljøet.

Potetfakta

  • Vanleg potetstivelse består av 20 prosent amylose og 80 prosent amylopektin. Dersom ein skal bruke potet til industrielle formål, må ein først fjerne amylosen.
  • Modena (potetlinje AV43-6-G7) er genmodifisert slik at mengda av enzymet granule bound starch syntase (gbss), som produserer amylose, er sterkt redusert, og innhaldet av amylopektin har auka til 98 prosent. Dette gjer denne poteta betre eigna til industrielt bruk.
  • Modena liknar på Amflora-poteta (potetlinje EH92-527-1) som nemnda uttalte seg om hausten 2010 (sjå lenke under). Men i motsetnad til Amflora inneheld ikkje verken funksjonelle gen frå andre artar eller gen for sprøytemiddel- eller antibiotikatoleranse.
  • Begge potetene er laga for teknisk bruk, blant anna til glansing av papir i papirindustrien og av trådar i tekstilindustrien og som klister i sement og lim.
  • Det finst òg poteter som inneheld berre amylopektin som er avla fram utan genmodifisering.

Les Bioteknologinemnda sitt innspel: Innspill til søknad EFSA/GMO/NL/2009/69:Genmodifisert stivelsespotet Modena til dyrking, import, prosessering, mat og fôr under EU-forordning 1829/2003

Sjå òg omtale av Amflora-poteta i GENialt 3/2010 og nemnda si anbefaling om å ikkje godkjenne denne frå 04.10.2010 fordi den inneheld gen for antibiotikaresistens.

Siden ble opprettet: 05.04.2011. Siden ble oppdatert: 06.04.2011

Relevante temasider

Flere nyheter

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

Sakskart til ekstraordinært møte i Bioteknologirådet 18. mai

15.05.2020

Tid:  Mandag 18. mai kl. 09.00-13.00 Sted: Digitalt møte,.. Les mer »

I GENialt: Ny milepel for CRISPR-teknologien

12.05.2020

For første gang i historien har genredigeringsteknologien CRISPR.. Les mer »

I GENialt: Doktor AI – muligheter og utfordringer

12.05.2020

I fremtidens helsevesen er datamaskiner legens nye kollega… Les mer »

I GENialt: Kan rundormen vise oss veien til sunn aldring?

12.05.2020

Forskere har identifisert proteiner som fremskynder utvikling av.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter