01.04.2014

Algeoppblomstring i Tananger

Svein Atle Uldahl med astaxanthin i flytande form. Alle foto: Audrun Utskarpen

Svein Atle Uldahl med astaxanthin i flytande form.
Foto: Audrun Utskarpen

Selskapet MicroA i Rogaland har utvikla eit eige patentert dyrkingssystem for algar. I første omgang skal algane produsere stoffet som gjer laksekjøttet raudt.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt 

Lilla suppe boblar i ein gjennomsiktig plastsekk bak metallsprinklar hos firmaet MicroA i Tananger i Rogaland. Når biolog Svein Atle Uldahl slår av det kunstige lyset, viser det seg at suppa i det fire meter lange og halvannan meter høge plastkammeret eigentleg er grøn. Her veks mikroalgen Haematococcus pluvialis, som Uldahl og medarbeidarane vil nytte til å produsere stoffet astaxanthin til laksefôr, kosttilskot og farmasøytisk industri. I nye lokale, med plass til tjue slike dyrkingskammer, reknar dei med å starte produksjon for sal i løpet av året.

Nyttig råvare

Mikroalgar er eincella organismar som lever i sjø og ferskvatn, jord og luft, i fjellsider og på steinar og tre. Dei er næringsgrunnlaget for det meste av livet i havet og står for mykje av oksygenproduksjonen på jorda. Men mikroalgar kan òg nyttast i mat og fôr, som råvare til biodrivstoff og til å lage ei mengd ulike ingrediensar til kosmetikk og kosttilskot. Mange har store forventningar til algar fordi dei krev mindre areal og vatn enn plantar og kan vere nye kjelder til karbohydrat og protein i tillegg til omega-3-feittsyrer som plantar ikkje lagar. Algar kan dessutan vere eit miljøvennleg alternativ til fossilt brensel.

– Teknologien for å utnytte mikroalgar finst på alle desse områda i dag, seier gründer og administrerande direktør i MicroA Svein Dahle.

– Men det er eit spørsmål om kva marknaden vil betale og kva alternativa kostar.

Førebels får ein best betalt for produkt til farmasøytisk industri, enten det er omega-3-feittsyrer eller stoff med biologiske verknader som blir nytta i kosmetikk eller kosttilskot.

Derfor satsar MicroA på astaxanthin i første omgang. Dette stoffet finst naturleg i små mengder i kril, reker og sopp og altså i ferskvassalgen Haematococcus. Astaxanthin blir brukt i kosmetikk og i kosttilskot til menneske og dyr. I tillegg får oppdrettslaks astaxanthin i fôret, det er det som gjer laksekjøttet raudt.

Patentert dyrkingskammer

MicroA har utvikla sitt eige patenterte dyrkingssystem for å produsere algar i stor skala innandørs. I andre land blir mikroalgar ofte dyrka i dammar ute. Slik dyrkar dei mellom anna Haematococcus på Hawaii. Dammar der det blir dyrka algar til biodrivstoff, kan vere fleire kvadratkilometer store.

bilde alger

MicroA testar ut ulike typar mikroalgar på laboratoriet. Foto: Audrun Utskarpen

– Fordelen med eit lukka system er at vi lettare kan kontrollere korleis algane veks og tilpasse dyrkingsvilkåra til algetypen. Vi kan regulere pH-en og temperaturen, samstundes som algane veks fortare og tettare, seier Dahle.

– Algane i dammar er dessutan meir utsette for vêr og vind og kan lettare bli forureina.

For at algane skal vekse og formeire seg, treng dei vatn, CO2 og lys, i tillegg til nitrogen og fosfor som dei får i ei næringsblanding. Det som boblar i dyrkingskammeret, er CO2-gassen som strøymer inn gjennom ein slange.

– Det er lyset som avgjer kor fort algane veks, derfor vil vi ha størst mogleg lysflate på dyrkingskammeret, forklarer Uldahl.

– Men dei skal heller ikkje ha det for lyst, og med kunstig lys kan vi kontrollere at algane får passe med lys heile døgnet.

Målet er å få algane til å vekse mest mogleg på kortast mogleg tid.

– Det hender stadig noko uventa som vi må finne løysingar på, seier Uldahl.

– I tillegg til biologikunnskap er byggteknisk kompetanse viktig, og plastsekkane sveisar vi sjølve.

Dei må òg passe på at andre algar eller stoff som gir næring til bakteriar, ikkje kjem oppi dyrkingskammeret og forureinar.

Stressar algane

Algeprodusentane i MicroA startar med å dyrke fram fem til ti liter algar på laboratoriet og heller dei deretter over i det store dyrkingskammeret. Etter éi til to veker har algane formeirt seg så dei fyller heile plastsekken, som rommar opptil fem hundre liter. Da sluttar dei å gi algane næring og set på ekstra mykje lys. I løpet av nokre dagar skiftar algesuppa farge frå grøn til raud. Det raude fargestoffet er astaxanthin som algane produserer for å verne seg mot påkjenningane. Når algane blir stressa, sluttar dei òg å vekse og lagar eit tjukt skal av cellulose og andre sukker rundt seg.

Så tappar dei algesuppa ut av plastsekken og over i eit kar. Dei innkapsla algane søkk og blir liggjande som ein graut på botnen. Algesuppa kan òg sentrifugerast for å få bort væska. Deretter knuser dei algane i ein maskin for å få ut astaxanthinen. Til slutt filtrerer dei vekk algerestane og får astaxanthin ut i flytande form som ei olje, eller dei tørkar stoffet til pulver. Så er produktet klart til å seljast.

Nye algar – nye produkt

Dei fleste selskapa som produserer mikroalgar for sal i dag, dyrkar Haematococcus, Spirulina eller Chlorella. Spirulina kan nyttast til å produsere blått fargestoff, medan både Spirulina og Chlorella blir brukte direkte som kosttilskot. Men det finst ein stad mellom 100 000 og 10 millionar sortar av mikroalgar, og dei fleste veit vi lite om. Éin algetype kan åleine gi grunnlag for ein heil industri eller ei bedrift.

Foto alger

Det patenterte dyrkingskammeret. Foto: Audrun Utskarpen

MicroA er derfor stadig på jakt etter nye algetypar og nye produkt. Ein samarbeidspartnar i Storbritannia kartlegg ulike algesortar for å finne ut om dei produserer stoff som er interessante. Så testar MicroA ut korleis algen veks under ulike vilkår, og korleis ein best kan framstille stoffet, først i liten skala på laboratoriet og seinare i det store dyrkingskammeret. Det finst òg algesamlingar på universiteta som ein kan tinge algesortar frå.

Ein annan alge som MicroA har komme langt med å dyrke, er Prasinococcus. Når denne algen blir stressa, lagar han ein geléaktig kapsel rundt seg. Denne geleen blir mellom anna nytta i antialdringskremar. MicroA har òg eit prosjekt i samarbeid med Universitetet i Stavanger og fiskefôrprodusenten EWOS der målet er å dyrke algar med mykje omega-3-feittsyrer som kan brukast i fiskefôr.

Ikkje genmodifisert

Dahle seier det ikkje er aktuelt for MicroA å nytte genmodifiserte algar fordi marknaden ikkje vil ha det. Men det blir forska ein del på genmodifisering av algar, mellom anna i USA, og særleg algar til bruk i biodrivstoff. Genmodifisering kan i nokre tilfelle vere aktuelt for å få algane til å vekse fortare eller produsere dei interessante stoffa fortare. Men MicroA og andre jobbar òg med å forbetre produksjonen ved å avle fram særleg eigna enkeltceller av ein algeart utan å lage genmodifiserte organismar (GMO).

Framtida

MicroA vart starta i 2007 og har i dag fire tilsette. Undervegs har dei fått støtte frå Innovasjon Noreg og samarbeidspartnarar i tillegg til at dei delvis har finansiert utviklinga av dyrkingssystemet sjølve. Dahle og medarbeidarane meiner algar utan tvil er ei råvare for framtida. Utfordringa er å produsere raskt nok og billeg nok til at marknaden vil ha produkta, og for ei småbedrift som MicroA er det viktig å finne ein marknad her og no.

Siden ble opprettet: 01.04.2014. Siden ble oppdatert: 01.04.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

Den digitale laksen

19.10.2017

Norske forskarar lagar ein digital modell av oppdrettslaksen for å.. Les mer »

Frukostforedrag 25. oktober: Ein digital laks

04.10.2017

 «Om tjue år er det neppe lov å.. Les mer »

Tare mot cystisk fibrose

25.09.2017

Korleis kan vi best utnytte all taren som.. Les mer »

Frokostforedrag i Tromsø: Det genredigerte mennesket

21.09.2017

Genredigering i mennesker – hva er mulig? Og.. Les mer »

Anbefaler ny fosterdiagnostikk-test

21.09.2017

Ny blodprøve bør innføres for fosterdiagnostikk ved risiko.. Les mer »

Forskere sår tvil om embryostudie

08.09.2017

Konklusjonene i omdiskutert studie hvor sykdomsanlegg ble fjernet.. Les mer »

Nytt medlem i Bioteknologirådet

05.09.2017

Bushra Ishaq ønsker blant annet å løfte frem.. Les mer »

Stamceller: Satsar på superdonorar

04.09.2017

Optimistane har allereie venta tjue år på det.. Les mer »

Går imot biobank over hele befolkningen

30.08.2017

Bioteknologirådet støtter å utvide nyfødtscreeningen med to nye.. Les mer »

Trondheim: Åpent møte om gen-forskning

23.08.2017

Skal forskere melde tilbake forskningsfunn til personene som.. Les mer »

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter