18.01.2016

Strid om klonar

Klona storfe

Den klona kalven «Vitoriosa» vart fødd 5. februar i 2004. Her blir ho vist fram for pressa med mor si, «Vitoria», som òg er ein klon, fødd i 2001. Frå Embrapa i Brasil. Foto: AP Photo/Eraldo Peres.

Fleire tusen husdyr er klona i andre land, og klonane har fått titusenvis av avkom. Bør vi opne for klonar på norske jorde og middagstallerkar òg?

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Det amerikanske firmaet TransOva tilbyr kloning av storfe, hestar, grisar, geiter og kjæledyr. Selskapet oppgir til GENialt at det i USA er klona fleire tusen storfe, både oksar og kyr. Prisen er rundt tjue tusen dollar for kvart dyr. Å lage ein klona kalv frå den beste oksen eller kua er ei bra investering for ein bonde, meiner TransOva.

Avkom av klonar har allereie funne vegen til EU. I 2011 vart det oppdaga at ein bonde i Skottland hadde kjøpt embryo frå USA som stamma frå ei klona ku. Embryoa hadde han fått sett inn i nokre av kyrne sine, og frå oksane som vart fødde, selde han sæd vidare til andre bønder. Det britiske mattilsynet stoppa salet av kjøt frå desse dyra.

EU-parlamentet vil forby mjølk og kjøtt frå klonar og avkomma deira, først og fremst av omsyn til dyrevelferda. Bioteknologirådet har tidlegare rådd til at Noreg gjer det same. Går vi glipp av noko ved å ikkje tillate kloning av husdyr?

Kloning for fleire formål

Kloning vil seie å lage individ som har likt DNA som eit anna dyr, levande eller daudt. Det blir gjort ved å ta DNA frå ei kroppscelle frå eitt dyr og setje inn i ei eggcelle frå eit anna. Egget blir så sett inn i eit hodyr som ber fram avkommet. Slik kan dyr i ulike generasjonar få same DNA. Det første pattedyret i verda som vart klona frå ei kroppscelle, var sauen Dolly. Ho vart fødd på Roslin-instituttet i Skottland i 1996. Sidan har mange pattedyr vorte klona.

Klonane er først og fremst brukte i forsking, men nokre dyr er òg genmodifiserte og så klona for å få fram dyr som lagar medisinar til menneske, til dømes geiter som lagar blodproppmedisin i mjølka. I tillegg er sportshestar og kjæledyr som kattar og hundar klona. Men fordi miljøet òg påverkar eigenskapane, er det ikkje sikkert at katten ser heilt lik ut som originalen, eller at den klona hesten spring like fort som opphavet.

Avl eller kloning?

TransOva rår bønder til å klone viss dei har ein særskilt god avlsokse. Det meiner Dag Inge Våge er ein svært dårleg ide. Våge er professor i genetikk ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og varamedlem av Bioteknologirådet.

– Den genetiske variasjonen i husdyrbestanden er sjølve grunnlaget for moderne avlsarbeid. Kloning bidreg til å redusere genetisk variasjon, og i tillegg frys du genetikken på det nivået du har i dag, seier han.

Kloning er derfor ikkje noko stort tema i internasjonal husdyravl. Genetisk variasjon er viktig for at buskapen skal stå imot sjukdommar. Våge held òg fram at kloning er dyrt og krev mykje teknisk utstyr. Dei beste avlsdyra er i dei fleste tilfelle hanndyr, og den mest effektive og rimelegaste måten å spreie dei gode gena på, er å nytte kunstig inseminering.

Avlssjef Trygve Solberg i Geno har heller inga tru på kloning som avlsstrategi.

– Når du inseminerer, får du variasjon blant avkomma fordi dei får ulike variantar av gena frå mora og faren, seier han.

– Nokre av avkomma blir betre og nokre blir dårlegare enn foreldra. Dei beste kan du nytte vidare i avlen. For kvar generasjon blir gjennomsnittet av alle dyra eit lite hakk betre. Viss du klonar, veit du kva du får, men du får iallfall ikkje noko som er betre enn det dyret du har klona.

Kostbar teknologi

Fordi kloning er så dyrt, er det lite aktuelt å klone fram ein heilt ny buskap frå det same dyret. Målet er i staden å lage kopiar av dei beste avlsdyra. Så kan bonden tene pengar på å selje sæd eller egg frå klonen. Egga må i så fall befruktast på eit laboratorium før dei kan setjast inn i ei ku.

– Det kan umogleg lønne seg når du heller kan selje sæd frå den beste oksen utan å klone han, seier Solberg.

Våge meiner kloning kan gi ein kortsiktig gevinst i nisjemarknader der enkeltindivid kan ha ein svært høg verdi.

– Viss du klonar ein bra travhest, og klonane kan seljast til ein høg pris basert på forventninga om at dei kan bli like gode, kan du kanskje få igjen for investeringa. Det finst òg folk som ønskjer å klone hundane og kattane sine for å få eit dyr som ser likeins ut. Men i vanleg matproduksjon som storfe og sau er nok marginane for små i utgangspunktet til at det kan lønne seg.

Fem klona hundekvelpar

Fem kvelpar som er klona frå redningshunden Trakr, som var med og leitte etter overlevande frå terrorråtaka i New York 11. september 2001. Eigaren vann ein essay konkurranse om kva for ein hund som burde bli klona. (Foto: iStock)

Uvisst kor mange

I 2008 slo det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet, FDA, fast at mat frå klonar av husdyr var like trygg som annan mat. Det vart heller ikkje kravd at slik mat skulle merkjast. FDA fekk kritikk for avgjerda fordi det var forska svært lite på spørsmålet.

Ettersom det ikkje har vore noko krav til registrering av klonar eller avkomma deira, er det svært usikkert kor mange husdyr som er klona, korleis helsa til klonane er, og kor mange avkom dei har fått. Bioteknolog og husdyrforskar Alison van Eenennaam ved Universitetet i California Davis meiner det berre i USA minst dreier seg om titusenvis av avkom. Likevel utgjer avkom frå klonar berre ein ørliten del av alt storfe somblir slakta i USA. Avlsorganisasjonane for dei vanlegaste kjøtt- og mjølkeferasane i USA som Hereford og Holstein krev no at det må registrerast i stamtavla om eit dyr er ein klon eller avkom frå ein klon.

Det blir òg klona husdyr i Argentina, Australia, Japan, Kina og New Zealand. Eit kinesisk selskap hevda nyleg i media at dei skal starte ein fabrikk for kloning av husdyr med ein kapasitet på hundre tusen klonar av storfe det første året, men det er usikkert kor reelle desse planane er.

Få lever opp

Ifølgje EFSA, mattryggingsorganet i EU, utviklar berre mellom seks og femten prosent av dei klona storfe-embryoa seg til kalvar som blir fødde levande. Tjue prosent av dei som overlever fødselen, døyr i løpet av det første døgnet, og atter femten prosent døyr dei første vekene eller månadene. Hovudårsaka til at så mange døyr, er feil i måten gena blir skrudde på og av på, noko som fører til at enten heile dyret eller enkelte organ hos dyret er større enn normalt. Det ser likevel ikkje ut til at avkomma til dei klonane som veks opp, har dei same helseproblema.

Omsynet til dyrehelse og dyrevelferd er den viktigaste årsaka til at EU-parlamentet vil forby mat frå klonar. Sjølv om avkommaikkje lir på same måte, vil det å tillate kjøtt frå avkom kunne sjåast på som ei støtte til kloning. Den norske dyrevelferdsloven slår fast at alle dyr har eigenverdi og skal behandlast med respekt uansett kva nytte dei har for menneska. Det kan diskuterast om kloning bryt med denne eigenverdien og inneber å behandle dyra for mykje som ein gjenstand.

Trygt å ete?

Eit viktig spørsmål er om helseproblema til klonane òg kan påverke samansetninga av næringsstoff eller endre maten på anna vis. EFSA peikar på at det er lite data om kjøtt frå klonar og enda mindre om kjøtt frå avkomma deira. Likevel konkluderer mattryggingsorganet med at det er lite truleg at kjøtt eller mjølk frå klonar er farleg for helsa. Om andre dyr enn storfe og gris er det så lite data at ein ikkje kan seie noko om helserisiko, ifølgje EFSA.

Det har aldri vore lov å selje mat frå klonar verken i EU eller Noreg. Mat frå klonar fell under ny mat-forordninga i EU. Dermed krevst det ei godkjenning før slik mat kan seljast. Ny-mat-forordninga vart i år teken inn i EØS-avtalen, og gjeld derfor også i Noreg. EU har frå 2008 arbeidd med eit eige regelverk for kjøtt frå klonar, men kommisjonen og parlamentet har vore ueinige om kjøtt fråavkom av klonar òg skal vere forbode i tillegg til kloning og kjøtt frå klonane sjølve.

Det har vore spekulert i om forhandlingane om ein handelsavtale mellom EU og USA, den såkalla TTIP-avtalen, kan ende med at både klona kjøtt og genmodifisert mat blir lov å importere til EU. Å forby import av kjøtt frå avkom av klonar kan vere vanskeleg fordi det ikkje finst nokon måte å skilje dette kjøttet frå anna kjøtt. Eit importforbod kan dessutan bli sett på som ei handelshindring. Argumentet om dyrevelferd er heller ikkje så lett å få aksept for i andre og tredje slektsledd. Dersom eit forbod blir innført, må både levande dyr, sæd, egg, kjøtt og mjølk vere sertifiserte som ikkje klona viss det skal importerast.

Eurobarometer-undersøkinga frå 2010 syner at dei fleste forbrukarane i EU vil forby både kloning og kjøtt frå klonar og avkomma deira. Grunnen er omsynet til dyrevelferd og etiske motførestillingar.

Sjølv utan slike innvendingar, er det langt frå opplagt at kloning er ein veleigna måte å få fram nye generasjonar av husdyr på. Som genetikkprofessor Våge seier:

– Hadde vi til dømes basert oss på å klone den beste avlsoksen som fanst i 1970, hadde ikkje sæd frå Norsk Raudt Fe vore etterspurt på verdsmarknaden i dag.

––––––

FAKTA: Kloning av husdyr

Dei fleste som klonar husdyr i dag, nyttar ein teknikk som blir kalla kjerneoverføring. Da erstattar dei kjernen i ei eggcelle med kjernen frå ei kroppscelle som stammar frå dyret som skal klonast. For å klone storfe tilrår firmaet TransOva å ta ein vevsprøve frå øyret eller rumpa til dyret som skal klonast, og sende i posten. Frå vevet dyrkar firmaet celler i skåler på laboratoriet. Så fjernar dei DNA-et frå ei eggcelle og sprøytar inn ei av cellene dei har dyrka. Elektrisk straum får kroppscella til å smelte saman med egget. Eggcella har no to kopiar av kvart kromosom og byrjar etter kvart å dele seg. Etter nokre dagar kan eit embryo setjast inn i livmora til kua som skal bere fram kalven. Genteknologiloven forbyr kloning av virveldyr og krepsdyr i Noreg. Så lenge det ikkje er snakk om primatar, kan ein få dispensasjon til medisinsk forsking, men ikkje til matproduks

Siden ble opprettet: 18.01.2016. Siden ble oppdatert: 20.01.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

Debattmøte 11. mai: Homo perfectus – når klipp og lim i DNA blir dagligdags

21.04.2017

CRISPR åpner for å redigere genene våre. Hva.. Les mer »

Miljø for aldring

20.04.2017

Er det arv eller miljø som har størst.. Les mer »

Frokostforedrag i Oslo 3. mai: Alger!

18.04.2017

  Alger kan brukes i energiproduksjon, sjokolade, kosmetikk.. Les mer »

Ledig stilling i Bioteknologirådets sekretariat

18.04.2017

    Bioteknologirådet søker ny rådgiver/seniorrådgiver i fast.. Les mer »

Prøv Bioteknologirådets påskequizer

13.04.2017

Hva vet du om bioteknolologi? Og hva mener.. Les mer »

Kan genmodifisering redde Afrikas bananer?

03.04.2017

Bananer er livsviktig føde for mange millioner afrikanere,.. Les mer »

Sjå video: Ope møte om NIPT i fosterdiagnostikk

31.03.2017

Ein nye metode for fosterdiagnostikk – NIPT –.. Les mer »

Ingen enkle svar om surrogati

20.03.2017

To fastlåste ytterpunkter har preget debatten om internasjonal.. Les mer »

Verdens frø samles på få hender

07.03.2017

Oppkjøp og sammenslåinger kan ende med at tre.. Les mer »

Frokostforedrag i Oslo 4. april: Aldring og livsforlengende bioteknologi

06.03.2017

Tid: 8.15-9.30 (frokost fra 8.15, foredrag starter 8.30).. Les mer »

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter