15.09.2016

Genmodifiserte medisinprodusentar

Genmodifiserte geiter

Genmodifiserte geiter i Massachusetts produserer proteinet antitrombin III i mjølka. Proteinet blir nytta i medisinen ATryn. Foto: iStock

Fleire medisinar på marknaden er laga med protein produsert av genmodifiserte dyr.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet Genialt

På ein gard utanfor småbyen Charlton i Massachusetts i USA lever ein flokk geiter som ikkje er heilt som andre geiter. Dei er genmodifiserte slik at mjølka deira inneheld proteinet antitrombin III, som finst i blodet til menneske og hindrar at det levrar seg. Folk med ein sjeldan, arveleg genfeil som gjer at dei manglar antitrombin III, kan lettare få blodpropp.

Viss personar med denne genfeilen skal opererast, kan legane gi dei antitrombin III for å hindre at dei får blodpropp under operasjonen. Før måtte ein nytte blodplasma frå menneske til dette, men no finst medisinen ATryn, med antitrombin III frå dei genmodifiserte geitene. Det var den første medisinen laga i eit genmodifisert dyr som kom i sal. EU godkjende medisinen i 2006 og USA i 2009.

Firmaet som produserer ATryn, hevdar at éi geit lagar like mykje antitrombin III i året som ein kan få frå 90 000 bloddonasjonar. Men finst det grunnar til at det ikkje er greitt å nytte dyr som medisinprodusentar?

Prøvd på mange dyr

I 1985 vart dei første husdyra genmodifiserte, og målet var å nytte dei som medisinprodusentar. Det vanlegaste er å produsere protein i bakteriar eller dyreceller i store tankar. Ein fordel med genmodifiserte dyr er at proteina blir meir like protein frå menneske enn i bakteriar, og slike dyr kan eigne seg for å lage komplekse protein.

Ei mus var det aller første dyret som vart genmodifisert for å produsere eit særskilt protein i mjølka. Det hende i 1987. Både geiter, sauer, kyr, kaninar, grisar, fisk og høns har vore prøvd sidan den gongen. Firmaet rEVO Biologics, tidlegare GTC Biotherapeutics, satsa på geiter fordi dei formeirar seg fortare enn kyr og mjølkar meir enn kaninar og mus. I 1998 vart dei første genmodifiserte geitene som laga antitrombin, fødde.

Geitene blir klona

For å genmodifisere ATryn-geitene nyttar forskarane nakent DNA med genet for antitrombin III frå menneske. Med ei nål sprøytar dei DNA-et inn i eit befrukta geiteegg før sædcella og eggcella rekk å smelte saman, og det framande genet blir dermed sett inn på ein tilfeldig stad i DNA-et til det nye individet. Ei utfordring med denne metoden er at genet berre blir sett inn i nokre få prosent av forsøka. Det nye genet hamnar òg gjerne fleire stader, slik at alle dyra ikkje lagar like mykje protein i mjølkekjertlane.

Når ein først har lykkast med å lage ei genmodifisert geit som er frisk og produserer mjølk med passe mykje protein, ønskjer ein seg gjerne ein heil flokk. Derfor blir geitene klona, slik at ein får mange dyr med likt DNA. Kloninga lykkast likevel berre i nokre få av tilfella, og mange dyr døyr før fødselen eller i tida etter på grunn av misdanningar.

Les også: Ebolamedisin produsert i plantar

Fleire utfordringar

Mange har lykkast med å genmodifisere dyr slik at dei lagar eit bestemt protein, til dømes medisin mot cystisk fibrose og blødarsjukdom. Men førebels er berre tre produkt komne på marknaden. I tillegg til at det kan vere vanskeleg å få til genmodifiseringa, er økonomien eit spørsmål. Firmaet som lagar ATryn, hevdar at det er billegare å nytte geiter enn å ha ein fabrikk der ein produserer protein i bakteriar eller dyreceller. Men alt i alt er det slett ikkje sikkert at det blir billegare å bruke genmodifiserte dyr viss det går an å produsere proteina på andre måtar. Å reinse proteina er dessutan dyrt.

Ei anna utfordring kan vere at det nye proteinet er skadeleg for dyret. Immunsystemet til pasientane kan òg reagere på nokre av stoffa som følgjer med. Folk som er allergiske mot protein frå geit eller geitemjølk, bør til dømes ikkje få ATryn.

I dei fleste forsøka på å lage medisin i genmodifiserte dyr, er det nytta mjølk. Det er fordi det er lett å samle opp mjølka og det blir mykje av ho. I kvar liter mjølk kan det lagast fleire gram av det nye proteinet. På marknaden er det òg kommen ein medisin som genmodifiserte kaninar produserer i mjølka. Medisinen blir brukt til pasientar med den sjeldne, arvelege sjukdommen angioødem. I Kina har forskarar genmodifisert kyr slik at mjølka deira er meir lik morsmjølk frå menneske.

Høns og kyr

Det er òg forska mykje på å lage medisin i egg frå genmodifiserte høns. Egga er lette å samle opp, og høner kan leggje over 3o0 egg i året. I 2015 godkjende både EU og USA for første gong ein slik medisin, kalla Kanuma. Kanuma skal nyttast til å behandle folk med den sjeldne, arvelege sjukdommen Wolmans sjukdom. Desse pasientane manglar proteinet lysosomal syrelipase, som er viktig for å forbrenne feitt. Sjukdommen fører til at feitt hopar seg opp i lever, milt og blodårer.

Det er òg gjort forsøk med å lage antistoff til menneske i blodet til genmodifiserte kyr. Fordelen med blod er at protein kan lagast i fleire typar vev og hamne i blodet. Ulempa er at blodet må tappast, og at proteina lettare kan skade dyret. Å lage protein i sædvæske og urin har òg vore prøvd.

Tryggleik og dyrevelferd

– Det er ulike oppfatningar om på kva måte vi kan bruke dyr for å dekkje behova våre, seier Ellen Marie Forsberg, filosof og forskar ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Vi nyttar dyr både til mat og til medisinsk forsking. Det er viktig å balansere lidingane til dyra mot gevinsten for dyr eller menneske. Går vi ut frå at desse medisinane er vanskelege å lage på andre måtar, vil gevinsten for menneske vere stor, og ein kan akseptere noko liding, utdjupar ho.

Ellen Marie Forsberg.

– Det er ulike oppfatningar om på kva ein måte vi kan bruke dyr for å dekkje behova våre, seier filosof Ellen Marie Forsberg.

Det er viktig at produksjonen går for seg på avgrensa område der ein har kontroll på dyra, og at ein sørgjer for at det er rutinar slik at verken kjøtt, mjølk eller egg kjem over i mat.

Før medisinane blir godkjende, skal òg dyrevelferda vurderast. Dyra må ikkje ta skade av genmodifiseringa, og det nye proteinet må ikkje vere helsefarleg for dei. Firmaet som lagar ATryn, rapporterte i 2012 at helsa til dei første genmodifiserte, klona geitene, som da var 14 år gamle, var god.

Krav om godkjenning

Dersom nokon ønskjer å nytte genmodifiserte dyr til medisinproduksjon i Noreg, må dei søke om godkjenning etter genteknologiloven. Produksjonen må òg følgje dyrevelferdsloven. Her står det at det ikkje er lov å drive avl som påverkar fysiske og mentale funksjonar negativt, som gjer det vanskeleg for dyra å te seg slik det er naturleg for dei, eller som vekkjer allmenne etiske reaksjonar.

– Dess mindre ein treng å gripe inn for å få ut medisinen, dess meir akseptabelt vil det vere, til dømes er det betre å nytte mjølk enn blod. Dersom ein ser på den ibuande verdien eller eigenverdien til dyra og den naturlege åtferda, kan mange forsøksdyr komme verre ut enn dyra som blir brukte som medisinprodusentar, meiner Forsberg.

Siden ble opprettet: 15.09.2016. Siden ble oppdatert: 22.09.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

Første GMO-laks solgt som mat

10.11.2017

Genmodifisert fisk er for første gang solgt i.. Les mer »

Biobanken i Østfold er klar for innskudd

10.11.2017

Sykehuset Østfold skal samle biologisk materiale fra pasienter.. Les mer »

Frokostforedrag 29. november: Persontilpasset medisin

09.11.2017

Hva er persontilpasset medisin og hva betyr det.. Les mer »

Toppform i pilleform

07.11.2017

En pille som etterligner kroppens reaksjon på trening.. Les mer »

Fremtidens regulering av genmodifiserte organismer

03.11.2017

Åpent møte med pressekonferanse og lansering av Bioteknologirådets.. Les mer »

Sjå video: Dag Hessen om arv og miljø

03.11.2017

Sjå Dag Hessen sitt frukostforedrag om arv og.. Les mer »

Sjå video: Ein digital laks

25.10.2017

  Sjå Jon Olav Vik sitt frukostforedrag om.. Les mer »

Frokostforedrag 1. november: Dag Hessen om arv og miljø

20.10.2017

Tid: 1. november kl. 8.30-9.30 (frokost fra 8.15).. Les mer »

Den digitale laksen

19.10.2017

Norske forskarar lagar ein digital modell av oppdrettslaksen for å.. Les mer »

Frukostforedrag 25. oktober: Ein digital laks

04.10.2017

 «Om tjue år er det neppe lov å.. Les mer »

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter