06.10.2016

Friskare jordbær

Jordbær

Foto: iStock

Fann du berre rotne jordbær i butikken i sommar? Forskarar håpar dei er på sporet av ei løysing.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet Genialt

I sommar har soppsjukdommen gråskimmel øydelagt over ein tredel av jordbæravlingane i Noreg, og bøndene har tapt store summar. Forskar Tage Thorstensen og medarbeidarane ved NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi, skal no nytte CRISPR-metoden for å endre i gena til jordbæra og undersøkje kva som hender når gråskimmel og andre sjukdommar går til åtak. Målet er å finne ut kva gena har å seie for at nokre sortar er meir motstandsdyktige mot sjukdom. Denne kunnskapen kan ein i neste omgang nytte til å utvikle sortar som toler sjukdom betre.

Resistent mot sprøytemiddel

Det er vanleg å sprøyte jordbæra mot gråskimmel, men det er eit problem at soppen etter kvart blir resistent mot sprøytemidla. Ein måte å motverke problemet på er å passe på korleis jordbæra blir dyrka. Soppen trivst best når det er fuktig, så ein bør ha godt med luft mellom radene, og plantane bør vere luftige og stå oppreiste. Desse eigenskapane er svært arvelege, noko som jordbærforedlarane allereie utnyttar når dei skal lage nye sortar.

Tage Thorstensen

Forskar Tage Torsteinsen ved NIBIO håpar han snart får sjå genredigerte plantar på marknaden. Foto: NIBIO

I jordbæra finst det òg gen som bidreg meir direkte til at nokre plantar er meir og nokre plantar er mindre mottakelege for sjukdom. Dersom ein finn område på DNA med slike gen, kan ein nytte kunnskapen til å krysse fram nye sortar.

Les også: Klare for genredigering?

Skal ta bort DNA-bit

Ein mykje brukt måte for å undersøkje kva eit gen gjer, er å setje genet ut av funksjon og sjå kva som da skjer med planten. For å få til dette skal forskarane nytte CRISPR-metoden til å ta bort ein liten bit av DNA-et i gen som dei trur har noko å seie for korleis planten tilpassar seg soppåtak. Viss jordbæra da toler gråskimmel betre eller dårlegare, tyder det på at desse gena var viktige. Til no har ingen publisert forsking der dei har brukt CRISPR-metoden i jordbær. Thorstensen og medarbeidarane må derfor tilpasse metoden til jordbær sjølve.

Dersom det syner seg at det å slå ut eitt eller fleire gen kan gjere at jordbærplanten blir meir motstandsdyktig, kan ein sjå for seg at ein kan nytte ein slik sort i foredling.

– Med CRISPR-metoden er det mogleg å endre berre på éin eller nokre få av byggjesteinane i DNA-et utan at ein set inn DNA frå andre organismar, slik det har vore mest vanleg å gjere med genteknologi til no, men ein kan òg setje inn eitt eller fleire nye gen, seier Thorstensen.

Raskere endringar

Sjølv om ein greier å lage sortar som er meir motstandsdyktige, vil det alltid vere ei utfordring at soppen tilpassar seg og overvinn resistensen i jordbæra, og det går ofte ikkje mange år før ein god sort ikkje er motstandsdyktig lenger. Det er òg ei utfordring at det som oftast ikkje er eitt, men mange gen som påverkar kva planten toler.

Thorstensen held fram at ein fordel med genteknologi, og spesielt genredigering med CRISPR, er at det kan gå fortare å få inn endringar i gena enn med vanleg kryssing utan at du mistar andre verdifulle eigenskapar.

– Eg håpar derfor at vi om få år kan sjå genredigerte plantar på marknaden, seier han.

Siden ble opprettet: 06.10.2016. Siden ble oppdatert: 06.10.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

Arendalsuka: Kreftbehandling ved bruk av genterapi

12.04.2019

Bioteknologirådet, Kreftforeningen og Radforsk inviterer til podkast om.. Les mer »

Blir fremtidens kjøtt dyrket i laboratoriet?

12.04.2019

Hvor miljøvennlig er egentlig lab-burgeren? Og vil forbrukerne.. Les mer »

Nytt GENialt – les oss på nettbrett og mobil

11.04.2019

Mangler du lesestoff til påske? I den digitale.. Les mer »

Frokostmøte: Syntetisk biologi

11.04.2019

  Med ny DNA-teknologi er det mulig å.. Les mer »

Workshop for lærere: Nytt digitalt verktøy for ungdomsskolen

01.04.2019

På denne workshopen blir du kjent med det.. Les mer »

USA: Første genredigerte matvare på markedet

01.04.2019

Soyaolje, som er gjort sunnere ved genredigering, er.. Les mer »

Ole Frithjof Norheim ny leder for Bioteknologirådet

29.03.2019

  Lege og professor i medisinsk etikk ved.. Les mer »

Sjå video frå Bioteknologidagen her

14.02.2019

Vi er glade for at meir enn 250.. Les mer »

Nyutviklet digitalt læringsverktøy for ungdom lanseres på Bioteknologidagen 14. februar

13.02.2019

Bioteknologi spiller en stadig viktigere rolle i samfunnsutviklingen… Les mer »

Bioteknologidagen 2019: Vi oppsummerer utviklingen innen gen- og bioteknologi

13.02.2019

  Sekvensering av alle arter i verden, fosterdiagnostikk,.. Les mer »

© 2019 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter