13.09.2019

Bioteknologirådet søkjer ny direktør

logo bioteknologirådet

Vi søkjer direktør for Bioteknologirådet

Som direktør i Bioteknologirådet får du eit unikt høve til å arbeide i skjeringspunktet mellom bioteknologi, genteknologi, forsking, politikk og etikk, og til å byggje opp eit miljø i Bergen.

Vi søkjer ein direktør som
•har interesse for etiske problemstillingar
•skal vere ein fagleg ressurs for rådet
•har gode evner til strategisk tenking
•kan kombinere solid fagkunnskap med gode kommunikasjonsevner
•har god forståing for rolla rådet spelar, og har høg personleg integritet
•er med på å informere om – og kan skape ordskifte om – bruken av moderne bioteknologi
•har gode samarbeidsevner og som byggjer gode samarbeidsrelasjonar med relevante fagmiljø, sektoren og media
•tek ansvaret for den daglege drifta av Bioteknologirådet
•vil vere ansvarleg redaktør for nettsidene til rådet

Vi søkjer ein direktør med desse kvalifikasjonane
•utdanning innanfor relevante fagområde, gjerne på doktorgradsnivå
•kan dokumentere gode leiareigenskapar
•erfaring frå eit eller fleire av dei relevante fagfelta
•brei samfunnsforståing og innsikt i politiske prosessar
•høg kjennskap til moderne bioteknologi og utfordringane på området
•erfaring med mediekontakt og formidlingsarbeid
•erfaring og/eller god kjennskap frå internasjonalt samarbeid og prosesser på området

For meir informasjon, ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med Liv S. Bøe, Amrop Delphi, 23 33 27 70.
For ytterligare informasjon kan ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet Espen Aasen, tlf. 22 24 86 17 kontaktast.

Søknad med CV merket A002763 sendast til kontakt@amropdelphi.no så snart som råd innan 30. september 2019.

Etter at søknadsfristen er ute, vert det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at dersom du har ønske om unnatak frå offentleggjering, må du grunngje dette og leggje ved søknaden. Søkjarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel førast opp på søkjarlista. I så fall vert søkjaren varsla før offentleggjering.

Om arbeidsgivaren
Bioteknologirådet er eit frittståande, rådgjevande organ oppnemnt av Regjeringa. Seinast frå 1. januar 2021 skal rådet vere lokalisert i Bergen. Rådet er organisert som eit eige forvaltingsorgan og er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i administrative spørsmål. Verksemda i sekretariatet er styrt av prioriteringane rådet gjer.

Bioteknologirådet skal kome med informasjon til publikum og forvaltinga, og fremje ordskifte kring dei etiske og samfunnsmessige konsekvensane ved bruk av moderne bioteknologi.

Siden ble opprettet: 13.09.2019. Siden ble oppdatert: 13.09.2019

Flere nyheter

Bioteknologirådet søkjer ny direktør

13.09.2019

Vi søkjer direktør for Bioteknologirådet Som direktør i.. Les mer »

26. september: Film og panelsamtale under Bergen internasjonale filmfestival

12.09.2019

Vi inviterer til gratis visning av dokumentaren HUMAN.. Les mer »

Watch the video: A Kodak moment? The effects of consumer genetics on medicine and society

12.09.2019

Here are the four talks from the seminar.. Les mer »

Tok tyren ved hornene – fikk gener for antibiotikaresistens med på kjøpet

12.09.2019

To genredigerte kalver fikk satt inn et gen.. Les mer »

Svensk etisk råd vil ha forbud mot gentesting av barn utenfor helsevesenet

06.09.2019

Svenske Statens medicinsk-etiska råd (Smer) er på linje.. Les mer »

Miljødirektoratet fant løsning på tolking av regelverk for genterapi

29.08.2019

Uhensiktsmessige regler og et komplisert byråkrati kunne ha.. Les mer »

Bioteknologirådet oppsummerer Arendalsuka

19.08.2019

Bioteknologirådet arrangerte og deltok på flere arrangementer på.. Les mer »

Video: Gir kunnskap om bioteknologi et sorteringssamfunn?

16.08.2019

Bioteknologi reiser krevende etiske og politiske spørsmål, der.. Les mer »

Video: Genredigert mat – hvordan skal det reguleres?

15.08.2019

  Hvilke muligheter og utfordringer skaper genredigering for.. Les mer »

Arendal 16. august: Gir ny kunnskap om bioteknologi et sorteringssamfunn?

15.08.2019

Bioteknologi reiser krevende etiske og politiske spørsmål, der.. Les mer »

© 2019 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter