Diskusjonsspel

Diskuter etiske problemstillingar med brettspelet Decide

Resultatet av diskusjonarSpel frå Decide blir brukt over heile Europa for å få unge til å diskutere etiske problemstillingar. No er spela og omsett til norsk.

Det finst spel om følgjande tema:

  • Gentesting av befrukta egg (preimplantasjonsdiagnostikk – PGD)
  • Stamceller
  • Xenotransplantasjon
  • Nevrobiologi
  • Hiv/aids
  • Nanoteknologi
  • Klimaendringar

Spela tek ut utgangspunkt i fire ulike politiske standpunkt. Stamcellespelet tek for eksempel utgangspunkt i følgjande standpunkt:

  1. Stamcelleforsking skal berre kunne utførast med stamceller frå vaksne eller stamceller frå navlestrengsblod.
  2. I tillegg til å bruke stamceller frå vaksne og navlestrengsblod, kan stamcelleforsking utførast ved å bruke overtallige befrukta egg som er mindre enn 14 dagar gamle og som elles ville blitt kasta.
  3. Stamcelleforsking kan også utførast på befrukta egg som er laga spesielt for forsking ved hjelp av IVF (in vitro-fertilisering eller prøverørsbefruktning).
  4. Det er også mogleg å lage befrukta egg der ein set inn arvestoffet til ein person som treng behandling (dette blir gjerne kalla kjerneoverføring eller terapeutisk kloning).

Deltakarane skal ved hjelp av spelet diskutere seg fram til kva dei meiner om dette.

Slik spelar de:

  1. De skal spele i grupper på 4–8 personar. Kva spelar skal ha eit spelebrett, og kvar gruppe skal ha eit sett med kort.
  2. Ved hjelp av infokort, temakort og personkort skal de samle informasjon.
  3. Deretter skal de diskutere temaet. Deltakarane kan enten delta i diskusjonen som seg sjølve, eller dei kan bruke spelet som rollespel der dei for eksempel spelar ein av personane på personkorta i spelet. De kan ha fri diskusjon eller snakke på omgang. De brukar korta de har valt, for eksempel til å underbyggje argumenta dykkar eller til ta å opp problemstillingar. Dersom diskusjonen er vanskeleg eller går tregt, kan de bruke utfordringskorta for å kome vidare.
  4. Diskusjonen skal ende med at de lager ei utsegn der de fortel kva gruppa meiner om emnet. De skal også fylje ut eit diagram og vise kva kvar og ein på gruppa meiner i forhold til dei fire politiske standpunkta.
    Klarar de å kome fram til eit felles standpunkt? De kan for eksempel tenkje at de er eit politisk parti som skal fortelje veljarane kva de meiner. Kva får veljarane om dei stemmer på dykk? Dersom de ikkje klarer å samle dykk rundt eit av dei fire standpunkta i spelet, kan de formulere eit eige femte standpunkt. Det kan for eksempel vere ein variant av eit av dei andre standpunkta.
  5. Når de har avgjort kva de meiner, kan de gå til nettsida www.playdecide.org og laste opp svaret dykkar i ein europeisk database. Der kan de også sjå kva ungdom over heile Europa meiner om dette temaet.

Det er også mogleg å bruke temakorta som eit hjelpemiddel for å diskutere enkelte problemstillingar i klassa.

Førebuingar

  1. Kjøp inn farga ark (oransje/raude, gule, blå, grøne). Bruk gjerne tjukke ark (120 eller 160 g/m2http://www.bion.no/wp-admin/post.php?post=313&action=edit&message=1)
  2. Last ned Decide-spel frå playdecide.org:
    Om stamceller
    Om gentesting av befrukta egg (PGD)
    Spela inneheld: spelebrett, kort (infokort, temakort, personkort, utfordringskort og gule kort) og skjema og diagram til bruk ved utforming av utsegna.
  3. Skriv ut spelet og kopier over på farga ark. Detaljert omtalte av dette finn du på naturfag.no: «Spill frå Decide»
    Der finn du og lenkjer til dei andre spela.
  4. På naturfag.no finn du også lærarrettleiinga «Slik spiller dere Decide» med meir detaljert forklaring på kva de skal gjere i dei ulike fasane av spelet.

Dekkjer kompetansemål i læreplanen

Spela kan brukast i vidaregåande skule i samband med Naturfag vg1 bioteknologi der ein skal gje ei oversikt over ulike former for medisinsk bruk av bioteknologi, og vurdere informasjon om og drøfte etiske spørsmål knytt til bioteknologi. Dei kan og brukast i biologi 2, der ein blant anna skal gjere greie for den biologiske verdien av stamceller, forklare prinsippa for reproduktiv og terapeutisk kloning og drøfte etiske sider ved val av ulike kjelder for stamceller og formulere og drøfte problemstillingar kring bruk av gendiagnostikk og genterapi på menneske.

Spela er omsette til norsk av Forskerfabrikken med støtte frå Bioteknologinemnda og Forskingsdagane.

Siden ble opprettet: 08.07.2010. Siden ble oppdatert: 08.03.2017

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter