Elevøvingar

For alle utstyrspakkar som er omtalt her er det viktig å sjekke kva pakken inneheld av utstyr før ein eventuelt bestiller! Har skulen ekstrautstyret som øvinga krev? Må skulen kjøpe inn meir utstyr for å kunne gjennomføre øvinga?

 

DNA fra hvitløkSjå DNA-trådar som er tvinna saman
– isolering av DNA frå frukt og grønnsaker

Nivå: Ungdomsskule/Vidaregåande skule

Denne øvinga gjer det mogleg å sjå DNA-trådar med blotte auger, og dette med hjelp av utstyr ein stort sett kan finne i kjøkkenbehaldninga.

Oppskrift for dette finn du i på nysgjerrigper.no

 

Isolering av DNALag smykke med eige DNA
– Genes in a Bottle

Nivå: Vidaregåande skule

Med same prinsipp som i øvinga ovanfor isolerer ein og her DNA, men denne øvinga er lagt opp slik at ein isolerer DNA frå celler teke frå sin eigen munn.

Ein utstyrspakke som kan kjøpast frå Bio-Rad gjer det mogleg å lagre eleven sitt eige DNA i ein forsegla kapsel. Kapselen er forma slik at den kan brukast som kledeleg smykke.

Sjå naturfag.no for flytskjema, kort protokoll og oversikt over kva du treng av utstyr.

 

Rør med DNA til kuttingKutt DNA med restriksjonsenzym og analyser DNA-et på gel

Nivå: Vidaregåande skule

Kutting av DNA med restriksjonsenzym og analyse DNA-et ved gelelektroforese er sentrale basisteknikker i genteknologi. Her får elevane prøvd desse teknikkane. Forsøket baserer seg på utstyrspakken Restriction Digestion and Analysis of Lambda DNA Kit frå Bio-Rad.

Sjå naturfag.no for flytskjema, kort protokoll og oversikt over kva du treng av utstyr.

 

PipetteringLag DNA-profil ved å kutte DNA og kjøre gelelektroforese

Nivå: Vidaregåande skule

Forsøket baserer seg på utstyrspakken Forensic DNA Fingerprinting Kit frå Bio-Rad.

Analyse av DNA-profilar blir brukt for å identifisere personar i blant anna kriminalsaker. Her skal elevane analysere seks ulike DNA-prøver; ei frå åstad og fem frå mistenkte. Disse kutta dei med to restriksjonsenzym og analyserarar så ved gelelektroforese. Resultatet blir ein serie DNA-profiler. Klarer dei å finne den skyldige?

Sjå naturfag.no for flytskjema, kort protokoll og oversikt over kva du treng av utstyr.

 

Prøve settes på gelEtterforsk ei kriminell handling der det er lagt igjen biologiske spor
– Crime Scene Investigator PCR Basic Kit

Nivå: Vidaregåande skule

I denne pakken får du DNA frå ein åstad, og DNA frå mistenkt A, B, C og D. Ut frå dette skal ein finne den skuldige. Denne øvinga opnar sjølvsagt for mange kreative forhistorier, og kan og opna for diskusjon rundt eit sentralt DNA-register i Noreg.

I øvinga bruker ein PCR-metoden og elektroforese for å kome fram til ein «match» som altså er den skuldige. Elektroforeseutstyret er ikkje inkludert i denne pakken, men kan kjøpast separat.

Sjå naturfag.no for flytskjema, kort protokoll og oversikt over kva du treng av utstyr.

 

Gel med DNA-prøverGentesting av storfamilie
– Nature’s Dice

Nivå: Vidaregåande skule

Ei elektroforeseøving frå NCBE, som blant anna Skolelaboratoriet i Biologi, UiO, brukar på lærarkursa dei arrangerer saman med Bioteknologinemnda.

Denne øvinga går ut på at du skal undersøkje nedarvinga av eit bestemt gen i ei bestemt slekt. DNA-prøver frå slekta og alt anna ein treng følgjer med i denne pakken som ein kan kjøpe frå NCBE.

Sjå naturfag.no for flytskjema, kort protokoll og oversikt over kva du treng av utstyr.

 

Grønne bakterier på plateLag genmodifiserte grøne bakteriar

Nivå: Vidaregåande skule

Elevane skal transformere bakterier slik at dei får eit gen som lagar protein som gjer bakteriane grøne. Vi lagar altså ein genmodifisert organisme. Forsøket baserer seg på utstyrspakken pGLO Bacterial Transformation Kit fra Bio-Rad.

Sjå naturfag.no for flytskjema, kort protokoll og oversikt over kva du treng av utstyr.

 

Grønner bakterier i kolonneRens grønt protein frå genmodifiserte bakteriar

Nivå: Vidaregåande skule

Her elevane rense eit protein frå genmodifiserte bakteriar. Proteinet er grønt slik at dei lett kan sjå kva dei gjer. Prinsippa i denne øvinga, er dei same som dei ein bruker når ein skal rense for eksempel insulin frå genmodifiserte bakteriar. Forsøket baserer seg på utstyrspakken Green Fluorescent Protein Chromatography Kit fra Bio-Rad

Det passar å gjere dette forsøket etter forsøket over med å lage dei grøne bakteriane.

Sjå naturfag.no for flytskjema, kort protokoll og oversikt over kva du treng av utstyr.

 

Meir informasjon

Her er lenker til sider der du kan finne fleire elevøvingar samt utstyr til dei:

Siden ble opprettet: 08.07.2010. Siden ble oppdatert: 08.03.2017

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter