Filmtips

BioteknologiskolenFilmar om bioteknologi

Bioteknologinemnda, Naturfagsenteret og Snøball Film har laga 10 korte undervisningsfilmar om bioteknologi. Til saman gir filmane ei fin oversikt over kva bioteknologi er, kva det kan brukast til og innblikk i nokre av dei etiske utfordringane som følgjer med. Filmane er laga for bruk i skolen og for alle som ønskjer ei rask innføring i bioteknologi. For meir informasjon og for å sjå filmane gå til Bioteknologiskolen.

 

OutbreakOutbreak (1995)

I 1967 dukker et nytt dødelig virus opp i Zaire. Amerikanerne bomber deler av jungelen for å hindre spredning, men 30 år senere dukker viruset opp i USA. Filmen handler om en leges kamp for å identifisere viruset for å hindre en ny bombing.

 

 

GATTACAGATTACA (USA, 1997)

Science fiction-film som handlar om eit samfunn der gentesting er sett i system i alle delar av samfunnet. Utan riktige gen er du ikkje mykje verd. Hovudpersonen Vincent er fødd på naturleg måte og er ikkje så godt genetisk utrusta. Kan han kome seg fram her i livet likevel?
Bioteknologien i filmen er truverdig og held mål fagleg sett. Filmen tek opp etiske problemstillingar som kan diskuterast etter at ein har sett filmen.

 

MirakelMirakel (Norsk 2006)

Enkemannen Karsten (35) møter forretningskvinna Victoria og søt musikk oppstår etter kvart. Filmen handlar om gentestar og det å leve med alvorlig medfødd sjukdom og kva som er livskvalitet.
Bioteknologinemnda har vore fagkonsulent for filmen.

 

 

The boys from BrasilThe Boys from Brazil (USA 1978)

Kan ein gjenskape avdøde personar ved å klone dei? Her er det nazistane som prøver ut dette. Filmen tek opp problematikken arv og miljø i forhold til kloning.

Siden ble opprettet: 08.07.2010. Siden ble oppdatert: 08.03.2017

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter