Bioteknologi og helse i Sør

God helse er ei av dei viktigaste føresetnadane for eit meiningsfullt og godt liv. Kva er dei viktigaste helseutfordringane i utviklingsland, og korleis kan moderne bioteknologi brukast til å betre helseforholda i desse landa?

 

Ei betring av helsa blant dei fattigaste i verda er ein føresetnad for kampen mot fattigdom, for ei berekraftig utvikling og for auka verdiskaping. God helse vil bidra til redusert fattigdom for eksempel gjennom betre læringsevne i barneåra, større arbeidsevne og reduserte sjukdomsrelaterte utgifter.

Hender som holder medisiner

Foto: iStock

Framleis er store helseproblem i utviklingsland særleg knytt til to sentrale utfordringar:

  • Barne- og kvinnehelse. I låginntektsland gjeld nesten fire av ti dødsfall barn under 15 år. Årsaker til helseproblem hos barn og unge er blant anna knytt til feil- og underernæring, svolt, diare, malaria, meslinger, anemi, HIV/AIDS og lungebetennelse.
  • Smittsame sjukdommar. Hiv, tuberkulose og malaria er dei vanlegaste sjukdommane, men det fins òg mange andre, som hepatitt, gulfeber, denguefeber, sovesjuke, ebola og en del andre mindre kjente tropiske infeksjonssjukdommar. I 2012 døydde 9,5 millionar menneske av smittsame sjukdommar globalt. 81 prosent av desse var i Afrika, Sør-Øst Asia og det austlege Middelhavsområdet. I tillegg kommer lidingane og utgiftene til alle som er sjuke. Spesielt for smittsame sjukdommar er at dei tar mange liv i ung alder og rammer tropiske områder spesielt hardt (og dermed land i Sør).

Etter kvart som deler av befolkninga i enkelte utviklingsland får høgare velstand, blir også ikkje-smittsame sjukdommar og livsstilssjukdommar som hjarte- og karsjukdommar, kreft og diabetes utfordringar.

I tillegg til dei store helseproblema og lidingane dei skaper i Sør, blir infeksjonssjukdommar som ebola, SARS og MERS rekna som eit trugsmål mot global tryggleik av Verdshelseorganisasjonen (WHO). Globalisering, urbanisering og befolkningsvekst bidrar til økt spreiing av slike sjukdommar. Klimaendringar vil kunne gjere at organismane som overfører infeksjonssjukdommane, spreier seg til nye område. Det er også eit aukande problem at bakteriar og andre mikrobar, som for eksempel malariaparasitten, utviklar resistens mot medisinar som antibiotika.

 

Helseutfordringar og utvikling

Baby som får vaksine

Vaksinar kan spele ein viktig rolle i å sikre og fremje god helse. Foto: iStock

For mange av sjukdommane som rammar fattige folkegrupper i utviklingsland, kan det seiast at helseproblema er eit fattigdomsproblem. Det finst mange tiltak for førebygging og behandling, mellom anna vaksinar, reint vann, gode sanitærforhold, myggnett mot malaria og familieplanlegging. Utfordringar som blant anna kostnadar og dårleg infrastruktur i dei aktuelle områda gjer likevel at slike tiltak ikkje når fram til alle.

Gjennom arbeidet med FNs tusenårsmål i perioden 2000-2015 ble det gjort mange framsteg når det gjeld helse i utviklingsland. Sjølv om man ikkje nådde måla for reduksjon i tala på barnedøying og mengda kvinner som dør i forbindelse med graviditet og fødsel, gikk dei ned med høvesvis 53 prosent og 43 prosent. I tillegg gjekk talet på dødsfall grunna ein rekke smittsame sjukdommar også ned, sjølv om ein sjukdom som malaria framleis tar livet av rundt ein halv million årleg. I FNs nye berekraftsmål som erstatta Tusenårsmåla 1. januar 2016, er helse et gjennomgåande tema. Berekraftmål nummer tre er «Å sikre og fremje god helse til alle». Dette målet har 13 delmål, og bruk av bioteknologi kan spele ein viktig rolle i fleire av dei. Det gjelder blant anna måla om å motverke epidemiane av aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropesjukdommar, samt å førebygge og hindre hepatitt, vassbårne sjukdommar og andre smittsame sjukdommar.

 

Kva kan moderne bioteknologi bidra med?

Moderne bioteknologi kan spele ei viktig rolle i globale og regionale initiativ for å førebygge og hindre sjukdommar i utviklingsland. Men forsking på bioteknologi krev ofte mykje laboratoriekapasitet, utstyr og kompetanse, og det er dyrt å utvikle vaksinar og medisinar. Likevel finst det ei rekke initiativ i land i Sør for å ta i bruk moderne bioteknologi på ein betre måte i helsearbeidet. Fleire av dei store vestlege universiteta samarbeider også med universitet og selskap i sør.

Det største potensialet for bruk av moderne bioteknologi for å betre helse i Sør finn vi innan desse tre hovudområda:

  • Diagnostiske verktøy for å påvise sjukdommar eller infisert vatn og mat.
  • Medisinar og vaksinar for å førebyggje og behandle sjukdom.
  • Sporing av utbrot og spreiing av epidemiar og pandemiar.

 

Diagnostikk

Korrekte diagnostiske testar er svært viktige i kampen mot smittsame sjukdommar. Fleire av sjukdommane har symptom som likner kvarandre, men skal behandlast på ulike måtar, så det er viktig å kunne diagnostisere rett. I tillegg er det viktig å kunne påvise kven som er smitteberar for å førebyggje spreiing av for eksempel hiv og tuberkulose. Til dømes har WHO estimert at berre 64 prosent av dei nye tilfella av tuberkulose blir diagnostisert kvart år. Det vil seie at rundt tre millionar tilfelle ikkje blir oppdaga. Tradisjonelle laboratorium for å diagnostisere sjukdom er dyre og krev strøm og kjølesystem. Det er derfor nødvendig å utvikle eigne testar som er tilpassa tropiske forhold med høg temperatur og fuktighet. Eit eksempel er ein test som kan oppdage ebola i felten i løpet av 15–25 minutt.

Jente drikker vann fra kran

Ei rekke testar tar i bruk bioteknologi for å påvise bakteriar i drikkevatn. Foto: iStock

Betre diagnostikk er òg viktig for å påvise kjende sjukdomsframkallande mikroorganismar i mat og vatn. Påvising av sjukdomsframkallande mikroorganismar gjer at ein lettare kan setje i gang nødvendige tiltak for å fjerne dei, eller hindre at dei kjem i kontakt med for eksempel drikkevatn og mat. Det finst ei rekke diagnostiske testar på marknaden for å påvise forskjellige bakteriar i drikkevatn eller mat.

 

Vaksinar og medisinar

For å redusere førekomsten og konsekvensane av ein sjukdom kan ein anten behandle sjukdommen eller førebyggje med for eksempel vaksinering. Ein viktig medisin er antibiotika, som blir brukt til behandling av bakterieinfeksjonar som lungebetennelse og tuberkulose. Antibiotikaresistens, og særleg multiresistens, er eit stort problem for behandlinga av slike sjukdommar. Multiresistens vil seie at bakteriane er resistente mot meir enn ein type antibiotika. Fordi det finst få insentiv til å investere i og bere risikoen ved å utvikle antibiotika, er få legemiddelselskap aktive i antibiotikautvikling, og berre to–tre nye klassar av antibiotika er blitt utvikla dei siste 30 åra.

Det mest effektive for å behandle virusinfeksjonar er å vaksinere mot kvar enkelt sjukdom for å hindre utbrot av sjukdommen. Nokre av proteina til viruset som er årsaka til sjukdommen, kan for eksempel produserast i bakteriar. Dersom ein injiserer dei framande virusproteina i kroppen i form av ein vaksine, reagerer immunsystemet på dei. Når det verkelege viruset kjem inn i kroppen seinare, tek immunforsvaret raskt knekken på virusproteina slik at dei ikkje rekk å gjere nokon skade. Stadig fleire protein eller kjemiske stoff som vaksinar eller medisinar kan framstillast meir effektivt ved hjelp av bioteknologi.

Ein annan måte ein kan ta i bruk bioteknologi på, er å studere genomet til individ som er resistente mot sjukdommar, og på den måten prøve å forstå korleis immunsystemet handterer infeksjonar. Eit eksempel er ein studie frå Bangladesh av menneske som er resistente mot kolera, der forskarane fann gen som bidreg til resistens. Det kan vere nyttig for å utvikle behandlingar.

 

Sporing av sjukdomsutbrot og spreiing av sjukdom

Ved å analysere gena til virus og bakteriar kan ein spore kor eit sjukdomsutbrot starta og korleis sjukdommen spreidde seg. Det er viktig informasjon når ein skal setje inn tiltak for å stoppe spreiinga og hindre utviklinga av epidemiar og pandemiar. Informasjonen kan også brukast til å utvikle både diagnostiske testar, vaksinar og medisinar. Ein kan bruke den nye informasjonen vidare til å utvikle nye diagnostiske testar og medisinar.

Det er viktig at slike data blir gjort tilgjengelege i opne databasar, slik det vart gjort med gen-sekvensane frå ebola-viruset. Da kan internasjonale forskingsmiljø, inkludert dei i Sør, nytte data og forske vidare på dei.

 

Kva føresetnadar må vere på plass?

Ein føresetnad for at nye medisinar skal vere til nytte for utviklingsland, er at prisen ikkje er for høg. Det er som oftast vanskeleg å tene på medisinsal i dei fattigaste landa. Derfor går forholdsvis lite av ressursane som blir brukte på medisinforsking, til å utvikle medisinar mot sjukdommane som rammar fattige land hardast. Frå 1975 til 2000 vart det registrert 1393 nye medisinar, men berre 16 av dei var først og fremst retta mot sjukdommar i utviklingsland.

Strid om patent på medisin er ein sentral konflikt mellom rike land og utviklingsland, og medlemmar i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) har forhandla om slike spørsmål i mange år. Ny medisin som er utvikla, er som regel sikra av patent. Det vil seie at selskapet som har utvikla medisinen, har eit tidsavgrensa monopol på å selje han, vanlegvis over ein periode på tjue år. Det er viktig for selskapet å kunne tene inn utgiftene det har hatt med å utvikle medisinen. Ein konsekvens av patentsystemet er likevel at medisinane blir dyrare i patentperioden i forhold til om fleire fekk lov å konkurrere om å lage den billegaste versjonen. Doha-ministererklæringa under WTO frå 2001 opna for å kunne produsere billegare kopi-medisin før patentet er gått ut, til dømes for hiv. Mange hevdar likevel at denne erklæringa blir undergraven blant anna av bilaterale avtalar (avtalar mellom to land) som ofte hindrar bruken av billige kopi-medisinar.

Ofte er det også vanskeleg å utvikle medisinar og vaksinar som verkar. For eksempel har forsøka på å utvikle ein vaksine mot hiv, så langt ikkje lykkast. Når ein har lovande vaksinar og behandlingar mot smittsame sjukdommar, må ein òg kunne teste dei ut på ein forsvarleg måte mens utbrot går føre seg. I tillegg er det nødvendig å ha eit sett av lovande kandidatar før eit utbrot. Det krev globalt samarbeid mellom offentlige og private bidragsytarar. Det er òg viktig med overføring av kunnskap og laboratorieressursar til land i Sør slik at dei blir betre rusta til å handtera både kjente og ukjente sjukdommar.

 

Nokre etiske problemstillingar

Legemiddelindustrien treng pasientar som kan delta i utprøving av nye legemiddel. For pasientane kan dette vere det einaste moglege behandlingsalternativet dei har. I land kor mange pasientar har lite skulegang kan dette skape utfordringar. Pasienten skal samtykke til utprøvinga og skal kunne trekkje seg frå opplegget om, og når, vedkomande ønskjer det. Samtidig er det viktig at medisinar blir testa ut under dei forholda dei skal brukast, og der sjukdommane finst. I tillegg finnast det eksempel kor ein pandemi eller liknande gjer at ein framskynda utprøving av ein medisin kan redde mange liv. I slike tilfelle kan det være krevjande å bestemme korleis slik medisinutprøving skal skje.

Kvinne tar medisin

Det kan være eit etisk dilemma korleis klinisk utprøving av legemiddel skal skje i land i Sør. Foto: iStock

Utbrotet av ebola i Vest-Afrika i 2014–2015 er eit eksempel på ein krevjande situasjon for medisinutprøving. Utprøving av nye medikament på menneske er strengt regulert og skal skje gradvis, i tre fasar, etter testing på dyr. Under ebolautbrotet måtte desse prosessane gå føre seg parallelt, for å få medisinen ut til pasientane raskt nok. Dette medførte ein viss risiko, men bidrog sannsynlegvis til å redde liv og hindre epidemien å spreie seg. Forskingsetikken seier òg at det kan forsvarast å starte utprøvingar før ein medisin eller vaksine er blitt fullt utprøvd, dersom ein veit at den nye medisinen i alle fall ikkje vil forverre situasjonen for pasientane. Dette finst det eksempel på også i Noreg, for eksempel med pasientar med langt utvikla kreft som det ikkje finst behandling for.

Det som også kan skje er at nye behandlingsformar får en så høg pris at helsemyndighetene i fattige landa ikkje har råd til å tilby behandlinga til innbyggjarane sine. Det kan motverkast til dømes ved å lage eit toprissystem der medisinane er billegare i fattige land.

Store delar av den medisinske forskinga og utviklinga i verda er retta mot sjukdommar som hjerte-karsjukdommar og kreft, og mindre mot sjukdommar som for eksempel malaria og tuberkulose, som rammer fleire hundre millionar i utviklingsland. Det finnes gode argumenter for å investere i medisinar for fattige land, grunngitt både i solidaritet og eigeninteresse. I dagens verd er vi alle nært samanknytt, og utvikling av vaksinar og medisinar mot sjukdommar som primært finnes i utviklingsland kan reknast som eit globalt moralsk ansvar. Samtidig avhenger vår eigen tryggleik i stor grad av tilstanden i resten av verda, og global helsetryggleik blir derfor ein fellesinteresse for alle land. Det finst også økonomiske argumenter, for eksempel vart det estimert at SARS-utbrotet i 2002-2003 kosta den globale økonomien 39 milliardar dollar. Risikoen for spreiing av epidemiar og moglegheitene for bruk av virus i bioterror er òg gode grunnar til å investere i forsking på slike sjukdommar.

Den globale finanskrisa har påverka helseprioriteringar, og i fleire land er viljen til å inngå kostbare forpliktingar overfor verdas fattige redusert. Det er difor en pågåande diskusjon om nye modellar som motiverer til nyutvikling og som høver med behova til utviklingslanda, samtidig som legemiddelfirmaa kan tene pengar på å forska på medisinar mot sjukdommane som rammar fattige land. Ein måte å gjere dette på er økt offentlig finansiering av industrien, mot at det offentlige sikrar seg en viss kontroll over produksjon og bruken av nye legemiddel. Det har og vore foreslått å opprette eit globalt fond som garanterer for at eventuelle nye vaksiner blir selde til priser som dekker kostnadene.

 

Spørsmål til diskusjon:

 

  • Korleis kan ein sørge for at meir ressursar blir tilgjengeleg for forsking på tropiske sjukdommar som rammer fattige land hardast, når pasientane som treng medisinen eller det offentlege ikkje kan betale dyrt for den?
  • Kan det forsvarast å sende nye medisinar som ikkje er ferdig utprøvd til fattige land når det er einaste moglege behandling mot ein pågåande epidemi? Kan det forsvarast å ikkje gjere det?
  • Kor stort moralsk ansvar har vestlege land for helsa til innbyggarane i utviklingsland?

 

Innholdet på denne siden vart sist oppdatert i mai 2017.

Send oss en epost dersom du har spørsmål eller kommentarar til innhaldet.

Siden ble opprettet: 13.07.2010. Siden ble oppdatert: 24.05.2017

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter