Fosterdiagnostikk

Statistikk

Rundt 60 000 barn blir fødde i Noreg kvart år. Om lag 6000 kvinner vel å ta fosterdiagnostikk (tal frå Helsedirektoratet). Tidlege fosterdiagnostiske ultralydundersøkingar er den metoden som blir brukt oftast. Deretter kjem fostervatnprøver og anna fosterdiagnostisk undersøking. Rundt halvparten av alle som tek fosterdiagnostikk gjer det på grunn av høg alder (38 år eller eldre), mens rundt ein femtedel gjer det fordi dei tidlegare har fått barn med kromosomfeil eller alvorlege misdanningar. I omtrent ein sjettedel av tilfella finn ein sjukdom, misdanningar eller liknande hos fosteret. Det er for det meste avvik i kjønnsorgan/urinvegar, hjerte/kar-lidingar og feil i sentralnervesystemet, deretter følgjer mage-tarmsystemet og ansikt/nakke. Det er fosterdiagnostiske undersøkingar gjennomført på bakgrunn av ultralydundersøking i svangerskapsomsorga som gir flest funn. Mange vel å avbryte svangerskapet etter at det er funne utviklingsavvik. Kvinner bestemmer sjølv om dei ønskjer abort før utgangen av 12. svangerskapsveke. I følgje abortlova kan kvinna søkje ei nemnd om abort etter utgangen av 12. svangerskapsveke på bestemte vilkår.

PGD – eit alternativ til fosterdiagnostikk?

Dersom ein har ein kjent arveleg sjukdom i familien finst det alternativ til fosterdiagnostikk. Ein kan utføre preimplantasjonsdiagnostikk (PGD). Det vil seie at ein får assistert befruktning og får gentesta befrukta egg før ein set dei inn i livmora. Dette kan vere ein svært belastande prosess å gå gjennom, så nokre meiner at det likevel er betre med fosterdiagnostikk og eventuelt abort. For nokre vil det og vere etisk problematisk at det ved assistert befruktning blir laga overtalige befrukta egg (les meir om dette på temaark om PGD). Søknader om å få utføre PGD blir behandla av ein nemnd.

Siden ble opprettet: 02.09.2010. Siden ble oppdatert: 22.03.2017

© 2017 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter