17.09.2010

Mais som toler tørke?

Monsanto har kunngjort at den første jordbruksplanten som er genmodifisert til å tole tørke, no er klar for marknaden. Men Bioteknologinemnda meiner at denne planten, maisen MON 87460, ikkje held det han lovar. Nemnda tilrår uansett å ikkje tillate import av denne maisen av di han inneheld eit gen for antibiotikaresistens.

Av Audrun Utskarpen i Genialt 2/2010

Denne artikkelen stod på trykk i GENialt 2/2010. FAKTABOKS - Kuldesjokkprotein mot stress: Maisen MON 87460 frå Monsanto har fått eit nytt gen frå jordbakterien Bacillus subtilis som kodar for kuldesjokkprotein B, CspB. Dersom bakterien blir utsett for tørke, varme, kulde eller andre miljøpåverknader, produserer han meir av nokre protein og mindre av andre for å tilpasse seg dei nye vekstforholda. For å lage protein bruker cella ein RNA-tråd, som er ein kopi av DNA-koden. CspB bind seg til RNA og hindrar RNA-tråden i å folde seg saman. Med CspB til stades går det derfor lettare å lage protein frå RNA-et, og bakterien får såleis laga dei proteina som trengst trass i stresset frå omgivnaden. Protein som liknar på CspB frå denne bakterien, finst òg naturleg i nokre plantar.

Bioteknologinemnda har nyleg uttalt seg om ein søknad frå Monsanto om løyve til import av den genmodifiserte maisen MON 87460 for bruk i foredling, mat og fôr i EU og EØS-landa. Søknaden er no til første gongs høyring i EU/EØS, og nemnda har gitt sine innspel til Direktoratet for naturforvaltning, som sender dei vidare til EFSA (organet for mattryggleik i EU).

Dei store frøselskapa har lenge lova nye, meir nyttige genmodifiserte plantar, og det har vore forska på genmodifisering for å gjere plantar motstandsdyktige mot skadelege miljøpåverknader i årevis. Vi kan rekne med at MON 87460 berre er den første i rekkja av søknader for plantar som er genmodifiserte for å tole tørke eller andre miljøpåkjenningar, som varme, kulde eller for mykje salt i jorda.

Bioteknologinemnda etterlyser opplysningar i søknaden som gjer det mogleg å dømme om maisen fyller krava til berekraft, etikk og samfunnsnytte i genteknologiloven. Sjølv om Monsanto førebels ikkje har søkt om løyve til dyrking i EU, er det viktig å vite noko om tilhøva i dyrkingslanda for å vurdere berekraft og etikk.

Studiar frå Monsanto

Maisen MON 87460 har fått eit nytt gen frå ein jordbakterie som kodar for kuldesjokkprotein B, CspB (sjå tekstboks). Monsanto rapporterer at genmodifiseringa aukar fotosyntesen og oppbindinga av CO2 i planten (karbonfikseringa), og at planten leier vatn betre. Dette skal i følgje firmaet føre til at maisen gir større avlingar enn same mais utan genmodifisering (kontrollmais) dersom det er vassmangel. Dersom det ikkje er mangel på vatn, er utbyttet det same som for kontrollmaisen, og ved alvorleg tørke gir heller ikkje MON 87460 noka avling.

Etter Bioteknologinemnda si meining manglar Monsanto dekning for påstanden om at MON 87460 er tørketolerant. Dersom ein studerer dokumentasjonen frå feltforsøka, viser det seg at det i tre av fem feltstudiar i USA og Chile ikkje var nokon skilnad i avlingsutbytte mellom MON 87460 og kontrollmaisen. Monsanto presenterer like fullt resultata som ein auke. I dei to feltstudiane der ein fann ein ikkje-tilfeldig skilnad, var dei statistiske data mangelfulle, og det blir derfor umogleg å vurdere om maisen kan ha noka nytte for bøndene. Det utbyttet som Monsanto rapporterer for MON 87460, skil seg lite frå variasjonen i utbytte ein finn i dei 16–18 andre maissortane Monsanto har brukt som referansar i USA og Chile, og det er såleis grunn til å spørje seg om ein ikkje like godt kan avle fram ein vanleg maissort som toler tørke.

Etterlyser betre feltstudiar

Monsanto marknadsfører MON 87460 som tørketolerant, men før Bioteknologinemnda kan ta stilling til om maisen er berekraftig og etisk forsvarleg å tilby, må selskapet dokumentere denne agronomiske eigenskapen med vitskapleg haldbare data. Det må kunne svare på om maisen gir redusert avlingstap i ulike dyrkingsområde og under andre klima- og vatningstilhøve enn dei som til no er undersøkte. Feltstudiar må òg gjerast fleire stader og på same staden over fleire år. Nemnda stiller òg spørsmål ved om ein mogleg auke i utbytte er nok til å vege opp auka kostnader ved å byrje å dyrke denne maisen. Kan bøndene rekne med like god avsetnad og pris for ein slik genmodifisert mais? Kan ein dessutan rekne med at denne genmodifiserte maissorten ikkje skaper problem for nabobønder som ønskjer å drive tradisjonelt eller økologisk?

Uønskt genspreiing?

I dei delane av verda der mais ikkje har ville slektningar som han kan krysse seg med, kunne tørketoleranse vore ein god eigenskap. Men Bioteknologinemnda vil gjerne ha svar på kva for konsekvensar det kan ha dersom genet for stresstoleranse spreier seg til ville slektningar i land som Mexico. Trass i at jordbakterien produserer CspB ved mange typar stress, vernar CspB i maisen i følgje Monsanto berre mot tørke og ikkje mot salt, varme eller kulde. Men dersom genet spreier seg, kan Maisen MON 87460 frå Monsanto har fått eit nytt gen frå jordbakterien Bacillus subtilis som kodar for kuldesjokkprotein B, CspB. Dersom bakterien blir utsett for tørke, varme, kulde eller andre miljøpåverknader, produserer han meir av nokre protein og mindre av andre for å tilpasse seg dei nye vekstforholda. For å lage protein bruker cella ein RNA-tråd, som er ein kopi av DNA-koden. CspB bind seg til RNA og hindrar RNA-tråden i å folde seg saman. Med CspB til stades går det derfor lettare å lage protein frå RNA-et, og bakterien får såleis laga dei proteina som trengst trass i stresset frå omgivnaden. Protein som liknar på CspB frå denne bakterien, finst òg naturleg i nokre plantar. Kuldesjokkprotein mot stress det da tenkjast at toleranse for andre typar stress enn tørke oppstår? Eit anna spørsmål er om dei stresstolerante eigenskapane kan overførast til bakteriar i tarmen hos menneske og dyr, og kva for konsekvensar det i så fall kan ha. Den genmodifiserte maisen er laga slik at det er mogleg å ta ut genet for antibiotikaresistens (nptII) frå DNA-et under utviklinga på laboratoriet, men dette er ikkje gjort. Kan ein da vere sikker på at genet ikkje blir teke ut av naturen sjølv, slik at risikoen for at genet spreier seg aukar?

Immunreaksjonar?

Det er kjent at nokre protein som blir danna ved stress, til dømes varmesjokkprotein, kan gi reaksjonar i immunsystemet. Av den grunn spør nemnda om det er undersøkt om CspB kan gi slike reaksjonar hos menneske og dyr.

Liten miljørisiko i Europa

Bioteknologinemnda meiner det er liten miljørisiko ved å importere MON 87460 til Europa sidan Monsanto ikkje har søkt om løyve til dyrking. Mais har ingen ville slektningar i Europa, frøa overlever dårleg i jorda, og planten toler heller ikkje frost. Derfor er det etter nemnda si meining liten fare for at stresstolerante eigenskapar skal spreie seg dersom frø kjem på avvegar her. Nemnda har valt å vurdere fleire sider ved denne planten av di ein kan rekne med at det kjem fleire søknader for liknande plantar. Uansett meiner nemnda at Noreg bør avslå denne søknaden av di maisen inneheld genet nptII, som kodar for resistens mot antibiotika, og slike GMO-ar er forbode i Noreg (sjå GENialt 1/2010).

Vidare lesing

Les høyringssvaret frå Bioteknologinemnda.

Sjå òg bakgrunnsartikkel om genmodifisering mot tørke.
Last ned pdf av denne artikkelen og artikkelen og bakgrunnsartikkelen slik dei stod på trykk i GENialt 2/2010.

Siden ble opprettet: 17.09.2010. Siden ble oppdatert: 22.10.2010

Relevante temasider

Flere nyheter

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter