25.08.2011

Miljømerking av drivstoff

Biodrivstoff vil ta meir av marknaden i tida framover. Foto: Scandinavian StockPhoto.

Bioteknologinemnda meiner at biodrivstoff frå genmodifiserte plantar som toler sprøytemiddel og skadeinsekt, ikkje bør kunne få miljømerket Svanen. Samstundes bør ein vere open for ny teknologi, som å produsere drivstoff frå genmodifiserte algar, dersom det viser seg å vere meir berekraftig enn drivstoffet vi har i dag.

Av Audrun Utskarpen i GENialt 2/2011

Stiftinga Miljømerking skal revidere reglane for svanemerking av drivstoff, og har hatt eit forslag til nye merkjekrav på høyring. Miljømerking foreslår i første omgang at minst ein tredel av det svanemerkte drivstoffet må komme frå fornybar råvare, det vil seie biologisk materiale som blir reprodusert i naturen i løpet av 100 år. Resten kan vere fossilt drivstoff. For å kunne få svanemerket må drivstoffet fylle særskilte krav til klimautslepp, energiforbruk, råmateriale og mindre helsefarlege stoff i eksosen. Bioteknologinemnda meiner likevel det er problematisk å miljømerkje drivstoff, og framhevar at vi bør arbeide for å redusere transportbehovet og forbruket av drivstoff i framtida.

Berekraftig utvikling

Miljømerking foreslår mellom anna at biodrivstoff laga av råvarer frå genmodifiserte organismar, ikkje skal kunne få svanemerket, men det er enno ikkje avgjort om dette blir eit endeleg krav. Når Bioteknologinemnda gir råd om bruk av genmodifiserte organismar i Noreg, vurderer nemnda om den genmodifiserte organismen bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg, i tillegg til at han ikkje er skadeleg for helse og miljø. Genteknologiloven gjeld ikkje for import av biodrivstoff frå genmodifiserte råvarer, fordi biodrivstoffet ikkje inneheld levande organismar eller frø som kan spire. Bioteknologinemnda meiner at kriteria om berekraftig utvikling i genteknologiloven og forskrifta om konsekvensutgreiing som høyrer til, like fullt kan brukast til å avgjere om genmodifiserte råvarer i biodrivstoff er berekraftige.

Genmodifiserte plantar

I dag dominerer genmodifiserte plantar som toler sprøytemiddel eller skadeinsekt eller begge delar, på verdsmarknaden. Bioteknologinemnda har ikkje rådd til å godkjenne nokon av desse plantane for dyrking eller import i Noreg, og biodrivstoff frå slike råvarer bør etter nemnda si meining ikkje kunne få miljømerket Svanen. Bioteknologinemnda rår òg til å stille eigne krav til bruken av sprøytemiddel, anten råvarene er genmodifiserte eller ikkje. Som eit minstekrav foreslår nemnda å ikkje miljømerkje drivstoff når det er brukt sprøytemiddel som er rekna som så helse- og miljøskadelege at dei er forbodne i Noreg.

Vi kan rekne med at det kjem fleire nye typar genmodifiserte vekstar framover, blant anna plantar eller tre som er spesialtilpassa for å lage biodrivstoff. I februar i år godkjende til dømes det amerikanske landbruksdepartementet, USDA, den første genmodifiserte maisen som er særskilt utvikla for produksjon av etanol til biodrivstoff. Maisen er enno ikkje godkjent i EU.

Matplantar til drivstoff

I dag kan ein ikkje svanemerkje drivstoff som er laga frå korn, men stiftinga Miljømerking foreslår no å tillate dette. Bioteknologinemnda meiner derimot at vi ikkje bør nytte matplantar til biodrivstoff, og heller ikkje råvarer som konkurrerer om landareal med matproduksjon. I staden bør vi utvikle biodrivstoff frå andre kjelder, som trevirke, avfall frå matplantar, gjødsel og liknande.

Drivstoff frå algar og bakteriar

Ei ny kjelde til biodrivstoff som det i dag blir forska mykje på, er genmodifiserte mikroalgar og bakteriar, og fleire store internasjonale selskap har investert i slik forsking (sjå GENialt 3/2010). Til no har problemet vore at det er for dyrt å lage. Men genmodifiserte algar eller bakteriar kan produserast i lukka tankar, og Bioteknologinemnda meiner det er viktig å ikkje stengje ute nyvinningar dersom dei viser seg å vere meir berekraftige enn den teknologien vi har i dag.

Betre enzym med genteknologi

For å framstille etanol til biodrivstoff frå plantemateriale eller trevirke, må ein ofte bruke enzym som kan bryte ned råmaterialet. Genmodifiserte bakteriar kan brukast til å lage slike enzym, og denne produksjonen går for seg i lukka tankar. Sjølve enzymet er ikkje å rekne som genmodifisert og er derfor ikkje omfatta av genteknologiloven. Å finne fram til meir effektive enzym er nødvendig for å gjere produksjonen av denne typen biodrivstoff meir lønnsam.

Ekstra på nett:

FAKTA – Svanemerket

Miljømerket Svanen har eksistert sidan 1989 og er eit felles miljømerke for dei nordiske landa. Produkt og tenester som er svanemerkte, skal vere meir miljøvennlege enn andre produkt og tenester innan same kategori. Målet er å styre forbruket i meir miljøvennleg lei.

Stiftinga Miljømerking er ei offentleg stifting som forvaltar dei to offisielle miljømerka i Noreg: Det nordiske merket Svanen og miljømerket til EU, Blomsten. Stiftinga Miljømerking blir i Noreg leidd av eit styre med medlemmer frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Miljøverndepartementet/Klima- og forureiningsdirektoratet, Næringslivets hovedorganisasjon, Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon, Landsorganisasjonen, Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

FAKTA – Kva seier lovverket?

Genteknologiloven regulerer framstilling og bruk av genmodifiserte organismar i Noreg, og omfattar levande organismar i tillegg til spiredyktige frø frå genmodifiserte plantar. Loven gjeld derfor dersom genmodifiserte plantar til biodrivstoff skal dyrkast her i landet. Men genteknologiloven regulerer ikkje import av biodrivstoff som er laga av genmodifiserte råvarer dyrka i utlandet, fordi biodrivstoffet ikkje inneheld levande organismar eller frø som kan spire.

Matloven gjeld både for import av genmodifiserte organismar som skal brukast i mat og fôr, og for mat og fôr som er laga frå genmodifiserte råvarer. Men fordi biodrivstoff ikkje skal brukast til mat eller fôr, gjeld ikkje matloven for biodrivstoff. Det er såleis fritt fram å importere biodrivstoff som er laga frå genmodifiserte råvarer, til Noreg.

FAKTA – Etanolmais

Selskapet Syngenta har utvikla ein mais særskilt for produksjon av etanol til biodrivstoff.
Etanolmaisen har fått sett inn genet for enzymet alfaamylase, som bryt ned stivelse til glukose ved høg temperatur. Glukosen kan så gjære til etanol. Meininga er å spare pengar ved at ein slepp å bruke alfaamylase som er framstilt industrielt. Men no er bønder og næringsmiddelindustri i USA uroa over at etanolmaisen kan krysse seg med vanleg mais eller blande seg med mais som skal brukast i matproduksjon, slik at det nye enzymet bryt ned stivelsen i all maisen. Dersom Miljømerking ender opp med å tillate råvarer frå genmodifiserte plantar, meiner Bioteknologinemnda at ein òg må vurdere om slike nye typar genmodifiserte plantar er berekraftige.

Les meir

Sjå artikkelen slik den stod på trykk i GENialt 2/2011.

Siden ble opprettet: 25.08.2011. Siden ble oppdatert: 25.08.2011

Relevante temasider

Flere nyheter

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter