02.11.2012

Ønskjer GMO-frie soner

Foto av Mallen foran maisåker

Juan-José Mallén, maisbonde og nestleiar i Joaquín Costa-samvirket i Binéfar. Foto: Audrun Utskarpen

Spanske bønder som dyrkar vanleg mais, slit med at avlingane deira blir forureina av genmodifiserte plantar. Dei ønskjer seg GMO-frie soner.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt nr. 4/2012

I Binéfar i den spanske regionen Aragón dyrkar heile tre firedelar av bøndene som høyrer til samvirket Joaquín Costa y La Litera, vanleg, ikkje-genmodifisert mais.

To produksjonslinjer

Bøndene har eit system for å skilje vanleg og genmodifisert mais. Dei bruker ulike såmaskiner, og dei har to korntørker, ei for genmodifisert og ei for vanleg mais. Dei tek prøver av frø og blad både i løpet av vekstperioden og ved innhaustinga, før dei sender frøa i korntørka. Eit uavhengig laboratorium analyserer maisen for å vise at han ikkje er genmodifisert. Medan den genmodifiserte maisen går til dyrefôr, blir den ikkje-genmodifiserte maisen brukt til menneskemat, og gir ein høgare pris.

Trass i tiltaka får bøndene som ikkje dyrkar genmodifisert mais, ofte avlingane sine forureina. Dei krev derfor at bøndene som dyrkar genmodifisert, må halde god nok avstand. Bøndene i samvirket har òg drøfta å rotere mellom ulike vekstar for å hindre forureining. I år skal nokre av bøndene som dyrkar vanleg mais, for første gong saksøke naboar som dyrkar genmodifisert.

Dei som dyrkar genmodifisert, tener òg på at nokon ikkje gjer det, slik at maisengmotten ikkje blir så fort resistent mot insektgifta som den genmodifiserte maisen produserer.

Les meir: Slutt på økologisk mais

Utbytte

Nestleiar i samvirket, Juan-José Mallén, seier forskarar ved Universitetet i Lleida har vist at den vanlege maisen anten gir det same utbyttet som den genmodifiserte maisen eller høgare utbytte.

Årsaka til at mange vel genmodifisert mais, er marknadsføring, meiner han.

– Firma marknadsfører seg med at genmodifiserte vekstar gir større avling enda det ikkje stemmer. Offentleg administrasjon introduserer og reklamerer òg for genmodifisert mais saman med firma. Å vere mot slik ny teknologi blir sett på som å vere mot innovasjon.

Framtida

– Korleis ser de på framtida?

– Vi vil at det skal vere mogleg for forbrukarane å velje om dei vil ha genmodifisert mais eller ikkje, seier Mallén.

Han fortel at til dyrefôr får du i dag berre kjøpt genmodifisert, men at dei òg ønskjer å selje ikkje-genmodifisert mais til fôr der i distriktet, ikkje berre til menneskemat.

– Målet vårt er å få eit regelverk for sameksistens i Spania, og vi ønskjer oss GMO-frie soner, held han fram.

– Utan det kan vi ikkje lenger dyrke vanleg mais.

I 2011 gjekk ein tredel av bøndene som dyrka genmodifisert i Binéfar, attende til vanleg mais.

– Vi kan ikkje nekte nokon å dyrke GMO, sjølv om fleirtalet ikkje vil ha det, men vi håpar at alle vil gå tilbake til ikkje-genmodifisert mais etter kvart, seier Mallén.

Les meir:

Slutt på økologisk mais

Siden ble opprettet: 02.11.2012. Siden ble oppdatert: 19.03.2013

Relevante temasider

Flere nyheter

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

Sakskart til ekstraordinært møte i Bioteknologirådet 18. mai

15.05.2020

Tid:  Mandag 18. mai kl. 09.00-13.00 Sted: Digitalt møte,.. Les mer »

I GENialt: Ny milepel for CRISPR-teknologien

12.05.2020

For første gang i historien har genredigeringsteknologien CRISPR.. Les mer »

I GENialt: Doktor AI – muligheter og utfordringer

12.05.2020

I fremtidens helsevesen er datamaskiner legens nye kollega… Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter