18.12.2012

Genmodifiserte mygg på frifot

Homygg av arten Aedes aegypti som syg blod av eit menneske. Det er slik myggen spreier smitte. Foto: Centers for Disease Control and Prevention / James Gathany

Homygg av arten Aedes aegypti som syg blod av eit menneske. Det er slik myggen spreier smitte. Foto: Centers for Disease Control and Prevention / James Gathany

Meir enn ti millionar genmodifiserte mygg er det siste året sleppte ut i byen Juazeiro i Brasil. Målet er å få bukt med virussjukdommen denguefeber.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt nr. 5/2012

Myggen som blir sleppt ut, er hannmygg av arten Aedes aegypti, som spreier dengueviruset. Han er genmodifisert slik at avkommet døyr. Det britiske firmaet Oxitec, som har patent på myggen, hevdar at denne teknologien kan hjelpe til å halde myggbestanden nede så viruset ikkje spreier seg.

Frå 2009 har Oxitec i samarbeid med lokale styresmakter sett ut genmodifiserte mygg i testforsøk på Caymanøyane i Karibia og i Malaysia. Medan egg til desse forsøka vart frakta frå ein fabrikk i Oxford, har firmaet no bygd ein eigen fabrikk for å lage genmodifiserte mygg i Brasil. Det er òg snakk om å setje ut genmodifiserte mygg i Florida. I tillegg jobbar Oxitec med liknande teknologi på malariamygg og insekt som øydelegg jordbruksplantar.

Trugar folkehelsa

Her ser vi den raude fargen på menneskeblodet gjennom mageskinnet til Aedes-myggen. Det er òg blodet som fargar stikkesnabelen oransje. Foto: Centers for Disease Control and Prevention / James Gathany

Her ser vi den raude fargen på menneskeblodet gjennom mageskinnet til Aedes-myggen. Det er òg blodet som fargar stikkesnabelen oransje. Foto: Centers for Disease Control and Prevention / James Gathany

Denguefeber rammar 50 til 100 millionar menneske i året i tropiske strøk. Sjukdommen liknar i første omgang på influensa. Men andre gongen ein blir smitta, kan sjukdommen gå over i eit nytt stadium med indre blødingar, såkalla hemoragisk feber, som er ein av dei viktigaste årsakene til at barn blir sjuke og døyr i fleire land i Asia og Latin-Amerika. Derfor ser Verdshelseorganisasjonen (WHO) på denguefeber som eit trugsmål mot folkehelsa. Aedes-mygg spreier òg andre tropesjukdommar.

Myggkontroll

Aedes aegypti-myggen treng varmt, tropisk klima, og trivst i små dammar av regnvatn, særleg i bøtter, boksar og bildekk, i område der menneske held til. Det blir stadig fleire slike mygg i takt med at byane veks. Blir det varmare i Europa på grunn av klimaendringar, kan det tenkjast at myggen slår seg til her òg. Enno finst det ikkje nokon godkjent vaksine mot denguefeber, men ein vaksine frå Sanofi-Pasteur blir no prøvd ut på menneske. Det finst heller ingen medisin verken for å førebygge eller kurere sjukdommen. I dag er derfor den einaste måten å kontrollere spreiinga på å bruke myggnett eller myggmiddel for ikkje å bli stukken, eller å fjerne myggen. Mest vanleg er det å sprøyte med insektgift, gjerne over store område. Drenering har òg vore prøvd, og å lære folk å fjerne tomme boksar, bildekk og søppel har gitt gode resultat i nokre land.

Insekt mot insekt

Sidan 1950-talet har sterile insekt vore brukt for å utrydde insektartar. Til å gjere insekta sterile bruker ein ultrafiolett stråling. Sterile hannar parar seg med hoer, men får ikkje avkom. I andre tilfelle lever ikkje avkomma opp. Denne teknologien vart brukt til å utrydde flugearten Cochliomyia hominivorax i Nord- og Mellom-Amerika. Trass i at det har fungert med nokre insektartar, har det ikkje lykkast å bruke steril mygg på denne måten.

Andre forskarar arbeider òg med å infisere mygg med mikrobar som gjer at dei ikkje formeirar seg.

Myggfabrikk

Etter at dei genmodifiserte egga er klekte på fabrikken til Oxitec, blir larvane fôra opp til dei forvandlar seg til mygg. Når myggen når ein viss alder, kan hannmyggen skiljast frå homyggen fordi han er mindre. Det er berre homyggen som stikk og overfører dengueviruset, så derfor slepp dei ut berre hannmygg. Myggen lever i bur til han blir sterk nok til å greie seg ute i naturen og konkurrere med ville mygg om hoene.

Verkemåten

Det nye genet som er sett inn i DNA-et til myggen, får cellene til å lage proteinet tTA, som hindrar produksjonen av viktige protein, slik at myggen etter kvart døyr.

Så lenge myggen er i kontakt med antibiotikumet tetracyclin på laboratoriet, lagar han ikkje tTA-protein. Han har nok tetracyclin i kroppen til at han rekk å pare seg ute i det fri. Avkomma arvar det nye genet som gjer at dei lagar tTA, og fordi dei ikkje har tilgang til tetracyclin, døyr dei ifølgje Oxitec på larve- eller puppestadiet.

Teknologien er bygd på at det ikkje finst tetracyclin i naturen. Men tetracyclin blir mykje brukt både i landbruket og i medisin til menneske, og det finst gjerne tetracyclinrestar i kloakken. Om lag tre prosent av myggen vil alltid overleve, men i laboratorieforsøk overlevde opp til 15 prosent av myggen når han kom i kontakt med fôr som inneheldt restar av tetracyclin. Derfor er det viktig å måle kor mykje tetracyclin som finst i området der myggen skal sleppast ut.

Mindre mygg

Myggbestanden i områda der det er sett ut genmodifiserte mygg, er ifølgje Oxitec og samarbeidspartnarane redusert med over åtti prosent. Oxitec medgir at teknologien deira ikkje er god nok til å utrydde Aedesmyggen, berre til å halde bestanden nede saman med andre tiltak. For at den genmodifiserte hannmyggen skal utkonkurrere vill mygg, må ein med jamne mellomrom setje ut fleire genmodifiserte mygg enn det finst vill mygg.

I naturen

Oxitec held fram at genmodifiserte mygg gjer at ein slepp å bruke skadelege sprøytemiddel, og hevdar at ein kan ta livet av den arten ein ønskjer, utan å skade andre insekt, dyr eller fuglar.

Likevel er det svært mykje vi ikkje veit om konsekvensane av å sleppe ut slik mygg i naturen, blant anna korleis det vil påverke balansen i økosystemet. Insektforskarar meiner ein på førehand må undersøke om den genmodifiserte myggen kan krysse seg med andre myggartar slik at dei nye gena spreier seg. Dessutan er det ein fare for at når vi undertrykker éin art, kan andre myggartar, som spreier andre sjukdommar, blomstre opp. Til dømes kan Aedes albipictus rykke inn dersom Aedes aegypti forsvinn. Albipictus er ein annan type Aedes-mygg som held til i meir landlege omgivnader, og som òg kan spreie dengue-feber.

Ein del av befolkninga kan dessutan vere heilt eller delvis immun mot denguefeber. Om ein ikkje lykkast i å halde bestanden nede, og mygg som ber dengueviruset etter ei tid kjem tilbake, kan immuniteten i befolkninga i mellomtida vere svekt.

Informasjon

Firmaet Oxitec og styresmaktene i Brasil, Caymanøyane og Malaysia har fått mykje kritikk for forsøka med å setje ut genmodifiserte mygg. Kritikarane reagerer på at lokalbefolkninga og verda elles ikkje fekk vite om forsøka på Caymanøyane før etter at dei var gjorde. Genteknologar som forskar på liknande teknologi, meiner det kan øydeleggje tilliten til teknologi som kan vise seg å vere nyttig. Caymanøyane hadde heller ingen lov om biosikkerheit.

I Malaysia var den genmodifiserte myggen den første saka som vart handsama under den nye loven om biosikkerheit, som blant anna seier at det skal haldast offentlege høyringar før genmodifiserte organismar blir sette ut i naturen, og at dei som bur i området, må samtykke først.

Lim Li Ching. Foto: Audrun Utskarpen

Lim Li Ching. Foto: Audrun Utskarpen

Lim Li Ching, seniorforskar i organisasjonen Third World Network (TWN) og rådgivar ved GenØk – Senter for biosikkerheit, er oppteken av at folk må kunne få informasjon. TWN meiner at prosessen til no ikkje har vore open nok.

Noko som òg kan skape vanskar, er at Oxitec har patent på teknologien.

– Vi må få vite kva avtalar regjeringa har gjort med Oxitec, og om landet no blir fanga i ein situasjon der vi stadig må betale pengar til firmaet, seier Lim.

Lim held fram at denguefeber er ein svært alvorleg sjukdom, og at teknologien derfor kan vere nyttig.

– Men før vi eventuelt vel å satse på genteknologi, må vi ha ei grundig og uavhengig risikovurdering og deretter vurdere risikoen opp mot fordelane, samstundes som vi ser på andre alternativ, seier ho.

 

Kjelder:

Harris A. F. et. al. (2012) Successful suppression of a field mosquito population by sustained release of engineered male mosquitoes, Nature Biotechnology 30(9), 828–830.

Wimmer E. A. (2005) Eco-friendly insect management, Nature Biotechnology 23(4), 432–433.

www.oxitec.com

www.genewatch.org/sub-566989

www.who.int/denguecontrol

Siden ble opprettet: 18.12.2012. Siden ble oppdatert: 19.03.2013

Relevante temasider

Flere nyheter

Ny rapport: Hva mener norske forbrukere om genredigert mat?

02.04.2020

Er nordmenn klare for genredigert laks, hvete eller.. Les mer »

I GENialt: Genetikkens historie: Fra Gregor Mendel til dypsekvensering

31.03.2020

Fortsatt har vi mye igjen før vi forstår.. Les mer »

Ja til assistert befruktning for enslige

31.03.2020

Bioteknologiloven er i endring. 10. februar i år.. Les mer »

Bioteknologirådet avlyser åpne møter 19. mars, 26. mars og 23. april grunnet corona

11.03.2020

På grunn av coronaviruset utsetter vi inntil videre.. Les mer »

I GENialt: Miljø-DNA: Tar pulsen på naturen

09.03.2020

DNA i vannprøver og i jordprøver kan gi.. Les mer »

I GENialt: Korleis påverkar genar den psykiske helsa vår?

08.03.2020

Forskarane leitar etter samanhengen mellom genar og psykiske.. Les mer »

AVLYST: 16. april: Hva mener folk om CRISPR-mat?

06.03.2020

Hva mener folk i Norge om CRISPR/genredigert mat?.. Les mer »

På jobbjakt? Bioteknologirådet søkjer rådgivar i genteknologi til sekretariatet i Bergen

03.03.2020

Har du kunnskap om og vil jobbe med.. Les mer »

Petter Frost – ny direktør i Bioteknologirådet

03.03.2020

– Bioteknologi vil påvirke fremtiden for enkeltpersoner og.. Les mer »

AVLYST: Frokostmøte 19. mars: Vil fremtidens laks spise trær?

28.02.2020

Bioteknologi er sentral i det grønne skiftet og.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter