07.02.2013

Vil forby mais med gen for antibiotikaresistens

Mat og fôr frå genmodifiserte plantar som inneheld gen for antibiotikaresistens, bør ikkje godkjennast i Noreg, meiner eit fleirtal i Bioteknologinemnda.

Av Audrun Utskarpen

Fleirtalet rår derfor til at Noreg avslår søknadene om godkjenning av den genmodifiserte maisplanten MON863 og kryssingar av denne til import, mat og fôr. Plantane er resistente mot insekt og sprøytemiddel, og har i tillegg gen for antibiotikaresistens. Desse gena blir nytta til å velje ut dei plantane som er genmodifiserte, undervegs i utviklingsprosessen på laboratoriet. Mindretalet i nemnda meiner gen for antibiotikaresistens i seg sjølv ikkje gir grunn til å avslå søknadene.

Nemndsfleirtalet legg til grunn at det generelt er viktig å hindre at bakteriar utviklar resistens mot antibiotika, slik at vi i framtida kan halde fram med å bruke antibiotika til å kurere sjukdom hos menneske, kjæledyr og produksjonsdyr. For å lykkast må vi sørgje for å ha færrast moglege kjelder til antibiotikaresistens og minske sjansen for at bakteriar skal bli resistente, på alle område der det er mogleg. Det finst i dag mange alternativ til å nytte gen for antibiotikaresistens for å velje ut plantane som er genmodifiserte, og det finst genmodifiserte maissortar på marknaden utan slike gen.

Store konsekvensar
Ein kan ikkje sjå bort frå at gena for antibiotikaresistens kan bli overførte til sjukdomsframkallande bakteriar i tarmen på menneske og dyr når dei et mat og fôr frå dei genmodifiserte plantane. Det har mellom anna Vitskapskomiteen for mattryggleik påpeika. Viss det skjer, kan det føre til at bakterieinfeksjonar ikkje kan kurerast med antibiotika. Sjølv om det er lite sannsynleg at det skjer, kan konsekvensane vere store. Kor sannsynleg det er, avheng mellom anna av kor utbreidd genet for antibiotikaresistens, nptII, er, både i Noreg og Europa elles, noko vi veit lite om.

Både det europeiske legemiddelverket, EMA, og Verdshelseorganisasjonen, WHO, klassifiserer antibiotikaa neomycin og kanamycin, som nptII-genet gir resistens mot, som særs viktige. I Noreg blir neomycin nytta i veterinærmedisin.

Antibiotikaresistens er eit problem over heile verda, og infeksjonar kan smitte over landegrensene. Genmodifiserte plantar som kan føre til at bakteriar blir resistente mot antibiotika, er etter Bioteknologinemnda si meining derfor ikkje eit bidrag til berekraftig utvikling globalt.

EU-direktiv 2001/18 om utsetting av genmodifiserte plantar i naturen slår fast at gen for antibiotikaresistens i genmodifiserte plantar skal fasast ut. EFSA, mattryggingsorganet i EU, har delt inn gen for antibiotikaresistens i tre fareklassar, og konkluderer med at neomycin og kanamycin er mindre viktige.

EMA, legemiddelverket i EU, held derimot fram at sjølv om nokre antibiotika er lite brukt, vil det ikkje seie at dei er uviktige. Vi kan dessutan få større bruk for dei i framtida, og sjeldne antibiotika kan vere siste utveg for å redde liv når bakteriar er resistente mot mange antibiotika. EMA ber derfor EFSA om å gjere om på si vurdering.

Les meir:

Fråsegna frå Bioteknologinemnda til Direktoratet for naturforvaltning

 

Siden ble opprettet: 07.02.2013. Siden ble oppdatert: 08.02.2013

Relevante temasider

Flere nyheter

Nytt GENialt!

16.12.2019

I årets siste utgave av GENialt spør vi blant.. Les mer »

Her er regjeringens forslag til endringer i bioteknologiloven

13.12.2019

Fredag 13. desember la regjeringen fram forslag til.. Les mer »

Sjå video: Gentestar av barn på nettet – fritt fram for nysgjerrige foreldre?

11.12.2019

  Tid: 10.12.2019, kl. 9.30-11.30 Stad: Litteraturhuset i.. Les mer »

Gentester av barn på nettet: Fritt fram for nysgjerrige foreldre?

14.11.2019

Det er enkelt å bestille gentester av barn.. Les mer »

Conference in Oslo 23. april: DNA in police work: New methods, new challenges?

13.11.2019

  Pictures taken from the artist Heather Dewey-Hagborg´s.. Les mer »

Se video: Genetikkforedrag med Knut Erik Berge

12.11.2019

Vi strømmer direkte fra foredrag om genetikkens historie.. Les mer »

Ole Johan Borge slutter som direktør i Bioteknologirådet

11.11.2019

Etter snart fire år i jobben som direktør.. Les mer »

Kraftig summing rundt genmodifisert mygg i Brasil

21.10.2019

Kan forsøk med genmodifisert mygg for å bekjempe.. Les mer »

Se video: Frokostforedrag om gener, psykisk sykdom og personlighetstrekk

15.10.2019

Her kan du se opptak av Ole Andreassen.. Les mer »

Hold av datoen: Bioteknologidagen 2020

14.10.2019

Hva skjedde på bioteknologifeltet i 2019? Hva vil.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter