10.06.2013

Skeptisk til bråmoden laks

Laks

Foto: Istockphoto

Amerikanske styresmakter vurderer å godkjenne ein oppdrettslaks som er genmodifisert for å vekse raskare. Bioteknologinemnda er skeptisk. 

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Ein laks med ekstra veksthormon kan vere det første genmodifiserte dyret som blir godkjent som mat. Våren 2013 hadde det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet FDA ei miljørisikovurdering av laksen på offentleg høyring. Enno har ikkje produsenten AquaBounty søkt om å få godkjent laksen i Noreg eller EU. Bioteknologinemnda meiner likevel ei avgjerd i FDA vil ha mykje å seie for korleis både USA og andre land vil vurdere mat frå genmodifisert laks og andre genmodifiserte dyr i framtida. Derfor har Bioteknologinemnda uttalt seg om laksen.

Ifølgje AquaBounty veks den genmodifiserte laksen AquAdvantage fortare enn vanleg laks og kan slaktast etter halve tida. Selskapet søkte om å få godkjent genmodifisert laks første gongen i 1996.

Landbaserte anlegg
Egga skal klekkast i eit lukka anlegg på Prince Edward Island på den canadiske Atlanterhavskysten. Så skal yngelen fraktast til Panama, der laksen skal alast opp i eit landbasert anlegg langt frå kysten. Slik skal ein hindre at laksen kjem ut i sjøen og blandar seg med eller fortrengjer villaks.

For å unngå at den genmodifiserte laksen blandar seg med villaks om han likevel skulle ende opp i sjøen, er egga gjort sterile, og berre holaks skal nyttast i oppdrett. Men data frå produsenten viser at om lag ein av tjue laksar ikkje er steril. Derfor er det ein viss fare for at den genmodifiserte laksen vil pare seg med villaks.

Bioteknologinemnda meiner ein ikkje kan sjå bort frå mekanisk eller menneskeleg svikt, og at følgjene av at laksen hamnar i sjøen, derfor bør greiast ut. Ettersom laksen ikkje skal produserast i USA, men i Canada og Panama, har ikkje FDA drøfta slike konsekvensar.

AquaBounty planlegg òg å selje lakseegg til andre, og vil da ikkje ha kontroll over om dei som kjøper egga, kjem til å drive med lakseoppdrett i sjøen. I så fall vil det vere umogleg å unngå at laks før eller seinare rømmer.

Einsidig vekt på vekst
Blant fagfolk innan husdyravl er det vel kjent at å velje ut foreldredyr berre etter kor fort dei veks, verkar negativt på andre eigenskapar. Saman med auka vekst kan vi derfor vente skilnader i kjøttkvalitet, slik som grovare struktur, mindre feitt og endra feittsyresamansetjing. Fisk som veks fortare i den første fasen av vekstkurven, vil òg bli større som vaksne og nå slaktevekta raskare. Den genmodifiserte laksen som skal brukast som foreldre til nye generasjonar, vil derfor òg vere større enn vanleg laks, og følgjene av dette bør òg undersøkjast, påpeikar Bioteknologinemnda.

Avlsprogram
Det norske selskapet Salmobreed, som er eit av dei største lakseavlsselskapa, hevdar at dei har oppnådd same vekstrate som AquaBounty med tradisjonelle avlsprogram. I avlsprogramma tek ein dessutan omsyn til mange eigenskapar samstundes, som resistens mot sjukdom, utnytting av fôret, slakteeigenskapar og kjøttkvalitet. Avlsprogramma prøver å balansere dei negative utslaga av rask vekst ved òg å velje ut fisk etter andre eigenskapar. Bioteknologinemnda meiner derfor den genmodifiserte laksen bør samanliknast med laksen frå dei beste avlsprogramma.

Lite data
Fordi USA ikkje har noko særskilt regelverk for genmodifiserte organismar, blir laksen evaluert som ein veterinærmedisin. Derfor er det til dømes ikkje gjort fôringsstudiar med forsøksdyr, slik både Noreg og EU rår til å gjere. Data som FDA har brukt i vurderingane, stammar frå AquaBounty sjølv, og i fleire tilfelle er det brukt svært få fiskar i forsøka der dei samanliknar med annan laks.

Les meir

Les brevet frå Bioteknologinemnda om den genmodifiserte laksen

Les meir om laksen med ekstra veksthormon i GENialt 3/2010

Les meir om avlsarbeid på oppdrettslaks i GENialt 2/2010

Les om korleis laksen vart husdyr i GENialt 1/2013

Siden ble opprettet: 10.06.2013. Siden ble oppdatert: 03.06.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

Sakskart til ekstraordinært møte i Bioteknologirådet 18. mai

15.05.2020

Tid:  Mandag 18. mai kl. 09.00-13.00 Sted: Digitalt møte,.. Les mer »

I GENialt: Ny milepel for CRISPR-teknologien

12.05.2020

For første gang i historien har genredigeringsteknologien CRISPR.. Les mer »

I GENialt: Doktor AI – muligheter og utfordringer

12.05.2020

I fremtidens helsevesen er datamaskiner legens nye kollega… Les mer »

I GENialt: Kan rundormen vise oss veien til sunn aldring?

12.05.2020

Forskere har identifisert proteiner som fremskynder utvikling av.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter