11.06.2014

Tang med stamtavle

Hand som held tang

Fjærehinne er ein raudalge av slekta Porphyra som veks langs heile Norskekysten. I Kina, Japan og Korea dyrkar dei slike algar i stor skala til mat. Det japanske namnet er nori. Foto: Pierrick Stévant, Bioforsk

Om få år kan tang til sushien komme frå algefarmar langs Norskekysten

Av Audrun Utskarpen for tidsskriftet GENialt

Medan tang- og taredyrking lenge har vore stort i Asia, er denne næringa framleis i startgropa i Noreg. Ved Bioforsk Nord Bodø nyttar dei kunnskap og metodar frå planteforedling på land til å dyrke nye sortar tang og tare som eignar seg til mat og fôr. Målet er å få fram sortar med særskilde eigenskapar som er tilpassa ulike formål og dyrkingstilhøve, slik vi i dag har for korn, gras og potet.

Foredlingsprogram

I første omgang satsar Bodøforskarane på raudalgar. Raudalgar er ei fellesnemning for fleire tang- og taresortar som er raude i fargen. For å få eit variert materiale å foredle på, samlar dei inn flest mogleg ulike sortar. Deretter kartlegg dei både eigenskapane, gena og kva miljø algane trivst i. Så vel dei ut sortar med visse verdifulle eigenskapar til eit foredlingsprogram og kryssar dei med kvarandre etter eit visst system.

Kvinnelig forsker

Margarita Novoa-Garrido, forskar og seksjonsleiar ved Bioforsk Nord Bodø. Foto: Birger Volden, Bioforsk

Klimatilpassing

Tanken er å lage fleire slike foredlingsprogram tilpassa ulike regionar.

– I Nord-Noreg må tang- og taresortane vere tilpassa det spesielle klimaet vi har her, seier forskar Åsbjørn Karlsen, som etter mange år i Bioforsk no driv eige firma.

– Om somrane er det kjøleg og lyst døgnet rundt, og om vinteren er det lite lys ein lang periode. Algane må derfor ha ein effektiv fotosyntese og kunne vekse godt under ulike tilhøve. Nokre algar har betre genetiske føresetnader for det enn andre, og det er desse algane vi er på jakt etter.

– I tillegg til kor fort dei veks og kor store dei blir, ser vi etter kva næringsstoff algane inneheld, mellom anna kor mykje protein som finst og kor lett fordøyeleg det er, forklarer forskar og seksjonsleiar i Bioforsk Nord Bodø Margarita Novoa-Garrido.

Medan det er lite feittsyrer i raudalgane, er opp mot halvparten av tørrstoffet protein, og Bioforsk samarbeider med bedrifter om å utnytte det i laksefôr.

Reip i sjøen

Livssyklusen til raudalgane er innfløkt. Dei formeirer seg både ved hjelp av sporar og ved at det veks fram nye skot. Forskarane dyrkar raudalgane gjennom fleire syklusar i laboratoriet. Når dei til slutt får fram ein sort dei er nøgde med, er planen å setje algane ut i sjøen. Dei reknar med at det kan ta fem til ti år før den første foredla raudalgesorten er klar. Kryssa sortar vil ta lengre tid. I tillegg er det nokre tekniske utfordringar.

– I anlegga i sjøen er det vanleg å flette algane inn på reip for hand. Men dette krev mykje arbeidskraft, og kan fort bli dyrt i Noreg, seier Karlsen.

– Derfor ville det vere eit framsteg om vi kunne få sporane til å feste seg direkte på reipa.

Det er òg aktuelt å løfte og senke reipa i sjøen etter årstidene for å sikre at algane veks mest mogleg jamt gjennom året.

Utnyttar avfall

For å vekse treng algane næring. I dag slepp fiskeoppdrettsnæringa ut tonnevis med nitrogen og fosfor i havet, og dette avfallet kan utnyttast som næring til algar. I tillegg kan ein nytte gjødsel frå landbruket og kloakk.

Novoa-Garrido og Karlsen meiner algeoppdrett vil påverke økosystemet i sjøen på ein god måte, mellom anna ved at algane bind CO2. Småfisk kan òg beite på algane samstundes som dei kan gøyme seg for rovfisk.

– Algeoppdrett i sjøen konkurrerer heller ikkje med andre formål om landareal, seier Karlsen.

– Og vi kan få to og ein halv til ti gonger så stor avling som ein får på land med det same arealet.

Eincella algar, såkalla mikroalgar, kan nyttast til noko av dei same formåla som tang og tare, men tang og tare har ein fordel ved at ein får mykje meir av dei, peikar Karlsen på. Til mikroalgar treng ein dessutan energi, og dei må dyrkas i tankar inne eller i dammar utandørs, medan tang og tare kan vekse i havet.

Manglar regulering

Ei utfordring for algeoppdrettarar er at det finst lite lovar og reglar på området. Mellom anna trengst det reglar for korleis ein kan få godkjent nye sortar for dyrking. Viss ein til dømes ønskjer å dyrke ein taresort frå Bodø i nabokommunen, er det uvisst om det er lov i dag.

Algeforskarane i Bodø håpar tang- og taredyrking etter kvart kan bli ei stor næring her til lands. Frå gammalt av har folk på kysten nytta tang og tare i fôr til husdyr, men tang og tare kan like gjerne brukast i fôr til fisk og til menneskemat eller til å lage bioenergi og å utvinne stoff til kosmetikk og legemiddel. I fleire tiår har trålarar hausta stortare som blir nytta til å framstille tjukningsmidlet alginat, men førebels er ingen i gang med dyrking av tang og tare til næringsformål. Novoa-Garrido og Karlsen trur dei første kommersielle anlegga vil komme om få år.

Siden ble opprettet: 11.06.2014. Siden ble oppdatert: 11.06.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

Nytt GENialt!

16.12.2019

I årets siste utgave av GENialt spør vi blant.. Les mer »

Her er regjeringens forslag til endringer i bioteknologiloven

13.12.2019

Fredag 13. desember la regjeringen fram forslag til.. Les mer »

Sjå video: Gentestar av barn på nettet – fritt fram for nysgjerrige foreldre?

11.12.2019

  Tid: 10.12.2019, kl. 9.30-11.30 Stad: Litteraturhuset i.. Les mer »

Gentester av barn på nettet: Fritt fram for nysgjerrige foreldre?

14.11.2019

Det er enkelt å bestille gentester av barn.. Les mer »

Conference in Oslo 23. april: DNA in police work: New methods, new challenges?

13.11.2019

  Pictures taken from the artist Heather Dewey-Hagborg´s.. Les mer »

Se video: Genetikkforedrag med Knut Erik Berge

12.11.2019

Vi strømmer direkte fra foredrag om genetikkens historie.. Les mer »

Ole Johan Borge slutter som direktør i Bioteknologirådet

11.11.2019

Etter snart fire år i jobben som direktør.. Les mer »

Kraftig summing rundt genmodifisert mygg i Brasil

21.10.2019

Kan forsøk med genmodifisert mygg for å bekjempe.. Les mer »

Se video: Frokostforedrag om gener, psykisk sykdom og personlighetstrekk

15.10.2019

Her kan du se opptak av Ole Andreassen.. Les mer »

Hold av datoen: Bioteknologidagen 2020

14.10.2019

Hva skjedde på bioteknologifeltet i 2019? Hva vil.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter