21.08.2014

Debattmøte i Tromsø: Ny metode for fosterdiagnostikk

Dei fleste barn blir fødde friske. I Noreg blir om lag éin prosent fødde med alvorlege utviklingsavvik eller sjukdom, medan tre prosent har mindre alvorlege avvik. Nokre avvik kan avdekkjast gjennom fosterdiagnostikk; ultralydundersøkingar, blodprøvar, morkakeprøvar eller fostervatnprøvar. Men kva skal det vere lov å teste for?

Blodprøve av gravid kvinne

Foto: Scandinavian Stockphoto.

Morkake- og fostervatnprøvar er meir risikabelt og aukar faren for spontanabort. NIPD – non-invasive prenatal diagnosis – er ein ny metode for fosterdiagnostikk som avdekkjer sjukdom og kromosomavvik gjennom ein enkel blodprøve. Metoden gir sikrare svar enn tidleg ultralyd og blodprøve (KUB-test) og kan nyttast tidlegare i svangerskapet, før grensa for sjølvbestemt abort. Universitetssjukehuset i Nord-Noreg er dei første som har søkt om å få ta i bruk metoden i Noreg.

NIPD-metoden inneber at ein undersøkjer DNA-et til fosteret. Etter kvart vil det bli mogleg å DNA-teste fosteret for kjønn, fleire sjukdommar og eigenskapar. Det kan òg bli aktuelt å teste for sjukdommar for å starte behandling på fosterstadiet. Med all denne kunnskapen kan òg fleire velje å ta abort. Kva etiske dilemma reiser denne nye metoden?

Kva skal det vere lov å teste for? Kven skal få lov å få fosteret testa? Bør alle gjere det? Korleis kan det å velje bort ulike tilstandar påverke haldningar og tilbod samfunnet har til folk som lever med desse tilstandane?

Program

Innlegg ved:

  • Ragnhild Glad, overlege ved medisinsk-genetisk avdeling, Universitetssjukehuset Nord-Noreg.
  • Åse Torunn Pettersen, overlege, Kvinneklinikken, Universitetssjukehuset Nord-Noreg.
  • Åge Wifstad, førsteamanuensis i medisinsk filosofi ved Institutt for samfunnsmedisin, Universitetet i Tromsø
  • Bjørn Myskja, nestleiar i Bioteknologirådet og professor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Etter innlegg blir det opna for spørsmål frå salen.

Tid: Onsdag 10. september, kl. 18.00–20.00
Stad: Clarion Hotel The Edge, Strandtorget 1, Tromsø

Møtet er gratis og ope for alle.

Av omsyn til servering ber vi om at du melder deg på her.

Siden ble opprettet: 21.08.2014. Siden ble oppdatert: 15.09.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

Offentleg utval om genteknologi

18.11.2020

Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal greie.. Les mer »

Kronikk – Svangerskapsomsorg, tidlig ultralyd og den nye fosterdiagnostikken: Fem råd fra Bioteknologirådet

18.11.2020

Bioteknologiloven er en av Norges mest kontroversielle lover… Les mer »

BIOTEK 2020 – Hva nå?

17.11.2020

Rådet for legeetikk arrangerer i samarbeid med Bioteknologirådet.. Les mer »

I GENialt: Bidronningens hemmeligheter

21.10.2020

Hva vi putter i oss av mat, er.. Les mer »

I GENialt: Enkel blodprøve – kompliserte spørsmål

18.10.2020

Teknologien rundt analyse av fosterets DNA gir oss.. Les mer »

Sakskart til møte i Bioteknologirådet 16. oktober

15.10.2020

Tid: Fredag 16. oktober 2020 kl. 09.00-11.30 Sted: Sted: Digitalt,.. Les mer »

I GENialt: Genredigerte bananer – fremtiden for afrikanske bønder?

12.10.2020

Bananene på 1950-tallet smakte annerledes enn de vi.. Les mer »

Nobelpris til Charpentier og Doudna – CRISPR

07.10.2020

Årets Nobelpris i kjemi går til franske Emmanuelle.. Les mer »

I GENialt: Nye pingviner – nye gener

05.10.2020

I Akvariet i Bergen blir det stadig født.. Les mer »

I GENialt: DNA i politietterforskning

21.09.2020

De som har brukt sommeren til å se.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter