20.10.2014

Nytt blod gjer gamle mus nye

Mus

Ny forsking på mus gir håp om at nedsett muskelstyrke, svakt hjarte og redusert hjernefunksjon kan reverserast av blodet til unge personar. Foto: iStock

Forskarar håpar dei er på sporet av metodar som kan gjere gamle menneske sprekare.

Av Åsmund H. Eikenes i tidsskriftet GENialt

Befolkninga i den vestlege verda vert stadig eldre, og det er bruk for kunnskap som kan gi ein betre alderdom. Ny forsking på mus gir håp om at nedsett muskelstyrke, svakt hjarte og redusert hjernefunksjon kan reverserast av blodet til unge personar.

Idéen om at ungt blod kan vere ei kjelde til eit langt liv har interessert forskarar og andre i mange hundre år. Mange av forsøka på laboratoriet tek utgangspunkt i å kople saman blodsystema til ei ung og ei gamal mus (såkalla parabiose) og undersøke korleis kvar av musene vert påverka av blodet til den andre.

Resultata frå slike eksperiment har vist at blod frå unge mus kan stimulere til fornying av ulike organ i gamle mus. Tre nye forskingsrapportar bygger vidare på desse funna, og i tillegg til å beskrive korleis musklar og hjernen blir fornya, har forskarane også funne eit av proteina som gir denne effekten.

I forskingsgruppa til Tony Wyss-Coray ved Stanford-universitetet i California har Saul Villeda forska på korleis hjernen endra seg i gamle mus. Saul Villeda og kollegaene hans sprøyta ungt blod inn i gamle mus og fann ut at dei gamle musene både lærte raskare og hugsa betre. Samtidig såg det ut til at hjernecellene laga fleire nye koplingar med kvarandre.

I ein artikkel publisert i tidsskriftet Nature Medicine i vår konkluderer dei med at «ei moglegheit er at ‘ungdomsfaktorar’ frå ungt blod kan reversere aldersrelaterte endringar i hjernen.» Dette er svært spennande resultat, men Wyss-Coray og teamet hans kan enno ikkje seie noko om kva denne ungdomsfaktoren i blodet er.

Fann ungdomsfaktor

I Boston har forskargruppene til Amy Wagers og Richard Lee funne ein slik ungdomsfaktor, eit protein som heiter GDF11 (growth differentiation factor 11), som det finst mykje av i blodet til unge mus, men svært lite av i gamle mus. For å undersøke effekten av å auke mengdene av GDF11 til eit ungdommeleg nivå, produserte forskarane GDF11 i laboratoriet og sprøyta det direkte inn i blodet til gamle mus.

Resultata av desse forsøka vart publiserte i tidsskriftet Science i vår og viser at GDF11 fornyar både musklar og hjernen.

Etter å ha sprøyta GDF11 inn i blodet til gamle mus, såg forskarane at muskelstamcellene i musene vart meir aktive. Dette auka muskelstyrken til musene samtidig som dei kunne springe lenger på tredemølla.

I andre forsøk talde forskarane kor mange blodårer som fanst i hjernen til gamle mus, og det vart mange fleire nye blodårer etter innsprøyting av GDF11. Forskarane såg at meir blod dermed strøymde til hjernen, og at produksjonen av nye hjerneceller auka.

Frå før er det kjend at GDF11 er med på å regulere spesialisering av celler i eit musefoster, men detaljane om korleis GDF11 påverkar musklar og hjernen i ei vaksen mus er framleis ukjende.

Lengre liv?

Resultata om GDF11 og ungt blod gjeld så langt berre for aldrande mus og kan enno ikkje overførast til menneske. Likevel skal det snart settast i gang eit pilotprosjekt ved Stanford-universitetet, leia av Tony Wyss-Coray, der Alzheimerpasientar skal få overført blod frå 30-åringar.

Samla representerer desse funna svært spennande gjennombrot. Ikkje berre har forskarane oppdaga at ungt blod fornyar musklar og hjernen, men dei har også identifisert proteinet GDF11 som ein av dei viktige ungdomsfaktorane. Seinare eksperiment vil kanskje vise om ungt blod, GDF11 eller andre ungdomsfaktorar også bidreg til at dei gamle musene lever lengre.

Siden ble opprettet: 20.10.2014. Siden ble oppdatert: 22.10.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

Nytt GENialt!

16.12.2019

I årets siste utgave av GENialt spør vi blant.. Les mer »

Her er regjeringens forslag til endringer i bioteknologiloven

13.12.2019

Fredag 13. desember la regjeringen fram forslag til.. Les mer »

Sjå video: Gentestar av barn på nettet – fritt fram for nysgjerrige foreldre?

11.12.2019

  Tid: 10.12.2019, kl. 9.30-11.30 Stad: Litteraturhuset i.. Les mer »

Gentester av barn på nettet: Fritt fram for nysgjerrige foreldre?

14.11.2019

Det er enkelt å bestille gentester av barn.. Les mer »

Conference in Oslo 23. april: DNA in police work: New methods, new challenges?

13.11.2019

  Pictures taken from the artist Heather Dewey-Hagborg´s.. Les mer »

Se video: Genetikkforedrag med Knut Erik Berge

12.11.2019

Vi strømmer direkte fra foredrag om genetikkens historie.. Les mer »

Ole Johan Borge slutter som direktør i Bioteknologirådet

11.11.2019

Etter snart fire år i jobben som direktør.. Les mer »

Kraftig summing rundt genmodifisert mygg i Brasil

21.10.2019

Kan forsøk med genmodifisert mygg for å bekjempe.. Les mer »

Se video: Frokostforedrag om gener, psykisk sykdom og personlighetstrekk

15.10.2019

Her kan du se opptak av Ole Andreassen.. Les mer »

Hold av datoen: Bioteknologidagen 2020

14.10.2019

Hva skjedde på bioteknologifeltet i 2019? Hva vil.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter