31.10.2014

Regjeringa opnar for import av genmodifisert mais

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft slår fast at det er lov å importere dei genmodifiserte maissortane T25 og NK603 til Noreg til bruk i mat, fôr og vidareforedling.

Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Mais

Regjeringa opnar for import av genmodifisert mais til Noreg. Foto: Scanstockphoto

Det er i strid med kva fleirtalet i Bioteknologirådet har rådd til fleire gonger, sist i 2013, og får truleg òg konsekvensar for fleire andre GMO-søknader som er godkjende i EU.

Det som i første omgang kan importerast, er mais som kan spire, til dømes heile maiskorn. Viss nokon vil importere ferdig tilverka mat- eller fôrvarer eller male opp maiskorna til mat og fôr i Noreg, må dei søkje Mattilsynet om løyve først. Mattilsynet har tidlegare rådd til at desse maissortane bør godkjennast til mat og fôr, men har til no ikkje motteke nokon søknader frå importørar.

Det var i eit intervju med Bergens Tidende ministeren først opplyste om at det er lov å importere dei to maissortane. Klima- og miljødepartementet hevdar at desse genmodifiserte organismane (GMO-ane) allereie har vore godkjende i Noreg i fleire år. Regjeringa meiner at viss ikkje norske styresmakter innan rimeleg tid legg ned forbod mot ein GMO som er godkjend etter GMO-direktivet i EU, er han godkjend i Noreg.

Fleire godkjende GMO-ar

Denne tolkinga av genteknologiloven kan føre med seg at fleire andre GMO-ar som er godkjende i EU, òg er å rekne som godkjende i Noreg. Det gjeld mellom anna maisen MON810, som er den einaste genmodifiserte planten som i dag blir dyrka i EU.

Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet er no i gang med å gjere klart kva for GMO-ar som er godkjende i Noreg. Det er komplisert fordi ein del GMO-ar er godkjende etter EU-lovverk som i dag er erstatta med nye lover. Nokre av godkjenningsvedtaka i EU er dessutan forelda, medan produsenten i nokre tilfelle har søkt om ny godkjenning.

Det står ikkje noko i genteknologiloven om kor lang tid Noreg har på seg til å gjere eit vedtak viss ein GMO blir godkjend i EU. Den førre regjeringa stod fast på at GMO-ane var forbodne så lenge Noreg vurderte søknadene. Søknadene som gjeld dei to maisane NK603 og T25, låg hos den raudgrøne regjeringa i fem år frå 2008 utan at det vart fatta noko vedtak, fordi regjeringspartia var usamde.

I tillegg til å vurdere risikoen for helse og miljø, skal Noreg etter genteknologiloven òg leggje vekt på om GMO-ane bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttige og etisk forsvarlege. Søkjarane har ikkje svart på spørsmål frå norske styresmakter om dei tre siste kriteria.

Bruker meir sprøytemiddel

Maisen T25 er genmodifisert for å tole sprøytemiddel med verkestoffet glufosinat-ammonium. Slike sprøytemiddel er forbodne i Noreg fordi dei er dokumentert helse- og miljøfarlege, og dei blir fasa ut i EU. Maisen NK603 er genmodifisert for å tole sprøytemiddel med glyfosat, slik som Roundup. Fleirtalet i Bioteknologirådet la seinast i 2013 vekt på at desse maissortane ikkje bidreg til berekraftig utvikling og heller ikkje er særskilt samfunnsnyttige eller etisk forsvarlege. Bioteknologirådet viste mellom anna til at dyrking av genmodifiserte plantar som er resistente mot sprøytemiddel, har ført til at bøndene bruker meir sprøytemiddel, og at ugras blir fortare resistent mot sprøytemidla enn med alternative produksjonsmåtar.

I 2012 sette Miljødirektoratet i gang norsk sluttbehandling av 37 GMO-søknader som er godkjende i EU, mellom anna dei 27 søknadene om godkjenning av genmodifisert mais som Bioteknologirådet uttalte seg om i 2013. Truleg vil ikkje alle desse søknadene vere å rekne som godkjende i Noreg fordi dei er godkjende under mat- og fôrforordninga i EU, som enno ikkje er teken inn i norsk lov. Det nye Bioteknologirådet vil mellom anna vurdere fleire genmodifiserte soyasortar. Miljødirektoratet skal tilrå vedtak for Klima- og miljødepartementet, men er enno ikkje ferdig med å vurdere dei 37 sakene.

Siden ble opprettet: 31.10.2014. Siden ble oppdatert: 13.11.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

Ny episode av Biotekpodden

03.08.2020

I den siste utgaven av Biotekpodden snakker Liv.. Les mer »

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter