19.11.2014

Få funn av genmodifisert mat i Noreg

Papaya

I 2014 fann Mattilsynet ulovleg genmodifisert papaya i eit parti med hermetisert papaya frå Thailand. Det var første gongen dei testa for dette. Genmodifisert papaya som er resistent mot virussjukdommen papaya ringspot virus, blir òg dyrka i Kina og på Hawaii. Foto: iStockphoto

Genmodifisert mat skal ikkje finnast i norske butikkar, men kor god kontroll har vi på mat som vi importerer frå utlandet?

Av Audrun Utskarpen for tidsskriftet GENialt

Ingen genmodifiserte matvarer er til no godkjende for sal i Noreg, og genmodifisert mat skal derfor ikkje finnast i butikkane. Men ingrediensar frå genmodifiserte plantar som soya og mais finst i mat produsert i andre land, særleg i ferdigmat. Da kan vel genmodifisert mat fort hamne i norske butikkhyller likevel? For å få vite meir om dette, har GENialt snakka med seniorrådgivar Aslaug Hagen i Mattilsynet, organet som skal kontrollere at reglane blir følgde.

Prøvetaking

Mattilsynet tek prøvar av over 100 mat- og fôrvarer kvart år for å undersøkje om dei inneheld materiale frå ulovlege genmodifiserte organismar (GMO-ar). Importørar må melde frå til Mattilsynet om mange typar næringsmiddel og fôr- og såvarer frå land utanfor EU/EØS-området som dei ønskjer å ta inn i landet. Distriktskontora i Mattilsynet følgjer med i sine område, og når dei får vite at det kjem ein last med til dømes popkorn eller maismjøl frå USA, der det blir dyrka genmodifisert mais, kan inspektørane dra ut og ta prøvar. Oftast tek dei prøvar av mais, raps og soya, som er dei vanlegaste genmodifiserte plantane. Prøvane sender dei til Veterinærinstituttet, som har ansvaret for analysane.

Små mengder

I 2013 fann Mattilsynet ulovleg genmodifisert materiale i 4 av 63 matvareprøvar, og importen av desse varene vart stansa. Alle fôrprøvane var fri for ulovlege genmodifiserte ingrediensar. Resultatet er ifølgje Hagen mykje likt det dei har funne dei siste åra. Dei fann òg små mengder, såkalla spormengder, av EU-godkjent genmodifisert materiale i om lag ein femdel av prøvane frå næringsmiddel og halvparten av prøvane frå fôr, men det er ikkje ulovleg i Noreg så lenge innhaldet av genmodifisert materiale er utilsikta og under 0,9 prosent. Når ein GMO ikkje er godkjend i EU, er sjølv spormengder ulovlege.

EU-samarbeid

Mattilsynet set inn tiltaka der det er størst sjanse for å finne ulovleg genmodifisert materiale. Når ei matvare blir importert frå eit EU-land, skal dette landet ha kontrollert vara. Derfor konsentrerer Mattilsynet seg om import frå land utanfor EU.

Gjennom EØS-avtalen er Noreg òg med i eit meldingssystem for mat og fôr i EU, der landa varslar kvarandre viss dei til dømes oppdagar ulovleg genmodifisert materiale i mat- og fôrvarer. For nokre år sidan vart det i EU funne ris som var genmodifisert, i fleire parti med ris frå Kina. Etter at Noreg fekk melding om dette, innførte Mattilsynet ei ny forskrift som krev at all ris frå Kina skal kontrollerast særskilt. EU kontaktar òg eksportlanda for å drøfte tiltak. Til dømes innførte kanadiske styresmakter eigne krav til produsentar og eksportørar av linfrø etter at ulovlege, genmodifiserte linfrø frå Canada vart oppdaga i fleire EU-land.

Av og til dukkar det opp matvarer i norske butikkar som er merkte med at dei inneheld ingrediensar frå genmodifiserte organismar. Desse kan vere godkjende i EU, men er likevel ulovlege i Noreg. Om nokon kjem over slike varer, oppmodar Hagen til å melde frå til det lokale distriktskontoret i Mattilsynet.

Kva med soyaolje?

For å stadfeste om ei matvare inneheld ingrediensar frå genmodifiserte organismar, nyttar Veterinærinstituttet DNA-analysar. Men kva med soya- og rapsolje og andre matvarer som ikkje inneheld DNA? Korleis kan vi vite at dei ikkje er laga frå genmodifiserte plantar?

– Da er vi avhengige av at dokumentasjonen stemmer, og at verksemdene har gode system for internkontroll, seier Hagen.

Må kunne dokumentere

Verksemder som importerer råvarer eller ferdige produkt frå land der det blir produsert genmodifisert mat, har eit særskilt ansvar for å dokumentere at varene ikkje inneheld ingrediensar frå genmodifiserte organismar.

– Mattilsynet rår til å bruke såkalla identitetssikra råvarer (forkorta: IP-råvarer), opplyser Hagen.

– Det vil seie at verksemda må kunne dokumentere at råvara er halden åtskilt frå genmodifiserte råvarer eller varer som inneheld genmodifisert materiale, i alle ledd gjennom heile verdikjeda, både under dyrking, transport, lagring, foredling og produksjon.

Verksemdene er forplikta til å ha eigne system for internkontroll, og når Mattilsynet kjem på inspeksjon, må dei kunne dokumentere kva rutinar dei har for å hindre at dei får inn ulovlege GMO-produkt.

– Er kontrollsystema gode nok til å hindre import av ulovleg, genmodifisert mat?

– I dei prøvane vi tek, finn vi lite ulovleg genmodifisert materiale, og i og med at vi tek prøvar der det er mest sannsynleg å finne noko, meiner vi at vi har god oversikt over marknaden, sjølv om det ikkje er mogleg å ha total oversikt, seier Hagen.

– Alle verksemdene har heller ikkje like god dokumentasjon på alle ledda matvarene har vore gjennom, men da gir vi i alle fall råd om korleis dei bør forbetre seg, og kontrollerer dei igjen året etter. Vi veit òg at svindel i matbransjen førekjem, og det kan sjølvsagt òg hende med genmodifisert mat.

Siden ble opprettet: 19.11.2014. Siden ble oppdatert: 04.12.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

Nytt GENialt!

16.12.2019

I årets siste utgave av GENialt spør vi blant.. Les mer »

Her er regjeringens forslag til endringer i bioteknologiloven

13.12.2019

Fredag 13. desember la regjeringen fram forslag til.. Les mer »

Sjå video: Gentestar av barn på nettet – fritt fram for nysgjerrige foreldre?

11.12.2019

  Tid: 10.12.2019, kl. 9.30-11.30 Stad: Litteraturhuset i.. Les mer »

Gentester av barn på nettet: Fritt fram for nysgjerrige foreldre?

14.11.2019

Det er enkelt å bestille gentester av barn.. Les mer »

Conference in Oslo 23. april: DNA in police work: New methods, new challenges?

13.11.2019

  Pictures taken from the artist Heather Dewey-Hagborg´s.. Les mer »

Se video: Genetikkforedrag med Knut Erik Berge

12.11.2019

Vi strømmer direkte fra foredrag om genetikkens historie.. Les mer »

Ole Johan Borge slutter som direktør i Bioteknologirådet

11.11.2019

Etter snart fire år i jobben som direktør.. Les mer »

Kraftig summing rundt genmodifisert mygg i Brasil

21.10.2019

Kan forsøk med genmodifisert mygg for å bekjempe.. Les mer »

Se video: Frokostforedrag om gener, psykisk sykdom og personlighetstrekk

15.10.2019

Her kan du se opptak av Ole Andreassen.. Les mer »

Hold av datoen: Bioteknologidagen 2020

14.10.2019

Hva skjedde på bioteknologifeltet i 2019? Hva vil.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter