13.02.2015

Vil ikkje ha GMO-ar med gen for antibiotikaresistens

Mat og fôr frå genmodifiserte organismar som har gen for resistens mot antibiotika, bør ikkje kunne importerast til Noreg.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Petriskåler med synlige bakteriekolonier

Bakteriekulturar i laboratoriet. Problemet med antibiotikaresistente bakteriar aukar. Foto: iStock

Omsynet til helse, miljø og berekraftig utvikling i eit globalt perspektiv må her vege tungt, meiner Bioteknologirådet. Det gjeld både produkt med frø som kan spire, slik som heile maiskolbar, og tilverka produkt som maismjøl og soyaolje.

Spreiing av gen i miljøet

Hovudårsaka til at bakteriar blir resistente, er at vi bruker for mykje antibiotika. Men vi må sjå antibiotikaresistens i eit heilskapleg perspektiv, og derfor er det òg viktig å hindre at gen for resistens spreier seg i miljøet.

Ein del genmodifiserte plantar har gen som gjer plantane resistente mot visse antibiotika. Desse gena gjer nytte under utviklingsprosessen på laboratoriet, men har ingen funksjon i den ferdige planten. Gena for antibiotikaresistens kan bli overførte frå dei genmodifiserte plantane til bakteriar som kan gjere menneske sjuke. Sjukdommane vil da ikkje kunne kurerast med desse typane antibiotika. Sjølv om det er lite sannsynleg at gena blir overførte, kan konsekvensane bli store. Nokre av antibiotikaa som enkelte GMO-ar (genmodifiserte organismar) er resistente mot, er svært viktige. Samstundes treng vi å ha flest mogleg antibiotika tilgjengeleg i framtida.

Globalt problem

Bakteriar kan ta opp i seg gena for antibiotikaresistens gjennom heile produksjonskjeda, det vil seie under dyrking, transport, tilverking og bruk i mat og fôr. Antibiotikaresistente bakteriar spreier seg over landegrensene, og problemet med antibiotikaresistens er globalt. Sjølv om gena for antibiotikaresistens ikkje finst heile i maten eller fôret når produkta kryssar grensa til Noreg, er det likevel ein risiko for at gena blir overførte til bakteriar i produksjonslandet.

Stortinget har bede regjeringa forby genmodifiserte produkt med gen for antibiotikaresistens og arbeide for internasjonale forbod mot slike produkt. Genteknologiloven regulerer GMO-produkt som inneheld frø som kan spire, og ifølgje genteknologiloven må Noreg vurdere om ein GMO er helse- eller miljøfarleg, bidreg til berekraftig utvikling og er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg før han eventuelt kan godkjennast. Regjeringa har tidlegare forbode produkt frå GMO-ar med gen for antibiotikaresistens som inneheld frø som kan spire.

Matloven regulerer produkt som ikkje kan spire, altså tilverka mat- og fôrvarer.

Etter forskriftene til matloven er det forbode med gen for antibiotikaresistens i mat og fôr frå GMO-ar dersom det kan provast at gena finst i det ferdige produktet. Frø som kan spire, inneheld heile gen, men i tilverka matvarer er gena ofte ikkje lenger til stades eller dei er delvis brotne ned. Mattilsynet har tolka det slik at GMO-ane ikkje utan vidare er forbodne så lenge gena ikkje er heile. Likevel skal matloven ifølgje formålsparagrafen tryggje miljøvennleg produksjon og fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile produksjonskjeda. Bioteknologirådet rår til at styresmaktene tek omsyn til helse, miljø og berekraftig utvikling i eit globalt perspektiv og ikkje tillèt import av desse produkta.

LES MEIR: Fråsegna frå Bioteknologirådet

LES MEIR:: Stopper dispensasjon for omdiskutert fiskefôr (13. 11.2014)

 

 

 

Siden ble opprettet: 13.02.2015. Siden ble oppdatert: 13.02.2015

Relevante temasider

Flere nyheter

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter