11.03.2015

Ja til import, nei til dyrking

Miljødirektoratet rår regjeringa til å forby dyrking av den genmodifiserte maisen MON810 i Noreg. Direktoratet meiner derimot at det bør vere lov å importere og tilverke maisen og bruke han til fôr.

Av Audrun Utskarpen

Maisplantar på åkeren

Maisplantar på åkeren. Foto: Scanstockphoto

Fleirtalet i Bioteknologirådet har tidlegare rådd til å forby både dyrking, import og bruk av denne maissorten i fôr.

Den genmodifiserte maisen skal vurderast etter dei fem kriteria i genteknologiloven: helserisiko, miljørisiko, berekraftig utvikling, etikk og samfunnsnytte. Når ein vurderer berekraft, skal perspektivet vere langsiktig og globalt. Bioteknologirådet har dei siste åra arbeidd med å konkretisere berekraftkriteriet i genteknologiloven på oppdrag frå Miljødirektoratet.

– På neste møte i Bioteknologirådet vil vi drøfte korleis Miljødirektoratet har vurdert om maisen bidreg til berekraftig utvikling, seier leiar Kristin Halvorsen.

LES MEIR: Råda frå Miljødirektoratet (ekstern lenke)

Dyrking

Maisen MON810 er genmodifisert slik at han produserer insektgift og derfor er resistent mot visse skadeinsekt. Desse skadeinsekta finst knapt i Noreg.

Miljødirektoratet rår regjeringa til å forby dyrking fordi det er usikkert om insektgifta kan skade andre organismar i miljøet enn skadeinsekta. Direktoratet legg òg vekt på at det vil bli kostbart å setje i verk tiltak for å halde genmodifisert og ikkje-genmodifisert mais åtskilt, i tillegg til at delar av befolkninga har etiske innvendingar.

Eit samla bioteknologiråd rådde i 2013 regjeringa til å forby dyrking av MON810. Rådet hadde da andre medlemmer enn i dag. Bioteknologirådet peika mellom anna på at ein mais som produserer insektgift som kan skade miljøet, og samstundes ikkje er til nytte, er eit negativt bidrag til både samfunnsnytte og berekraftig utvikling.

MON810 er den einaste genmodifiserte planten som blir dyrka i EU. Spania og Portugal er dei landa som dyrkar mest, men det blir òg dyrka litt i Tsjekkia, Slovakia og Romania. Åtte EU-land har forbode dyrking av MON810 på grunnlag av miljørisiko.

LES MEIR: Bioteknologirådet si fråsegn om dyrking av maisen MON810 (2013)

Import

Miljødirektoratet vil tillate import og tilverking av maisen MON810 og bruk til fôr. Dei grunngir det med at dagens kunnskap ikkje gir grunnlag for forbod, og at det ikkje finst informasjon om berekraft, samfunnsnytte og etikk som tilseier eit forbod.

Det er i strid med det eit fleirtal i Bioteknologirådet rådde til i 2013. 15 av 19 medlemmer rådde til at Noreg avslår søknaden, medan eit mindretal ville halde fast på godkjenningsvedtaket i EU. Fleirtalet la i hovudsak vekt på at den insektresistente, genmodifiserte maisen ikkje bidreg til berekraftig utvikling i eit globalt perspektiv, og heller ikkje er etisk forsvarleg eller særskilt samfunnsnyttig. Dei la vekt på at forsking tyder på at MON810 kan skade ikkje-målorganismar i miljøet, og at planten derfor kan utgjere ein miljørisiko som enno ikkje er avklart. MON810 er dessutan laga for ein dyrkingspraksis som ser ut til å vere mindre berekraftig på lang sikt enn meir heilskaplege strategiar for å motverke skadedyr, som integrert plantevern.

LES MEIR: Bioteknologirådet si fråsegn om import og bruk av MON810 og andre maissortar (2013)

Søkjaren sitt ansvar

Eit samla bioteknologiråd bad styresmaktene leggje vekt på at det er søkjaren sitt ansvar å dokumentere om den genmodifiserte maisen bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg. Søkjaren har ikkje svart på spørsmål om dette frå norske styresmakter.

Etter at Klima- og miljødepartementet i fjor haust tolka genteknologiloven på ein ny måte, er det no lov å omsetje ni GMO-produkt i Noreg. Departementet skal vurdere om regjeringa bør forby nokon av desse GMO-ane og har bedt Miljødirektoratet om råd. MON810 er den første av dei ni GMO-ane som direktoratet har vurdert.

LES MEIR: Ni GMO-produkt kan omsetjast i Noreg

LES MEIR: Rapport om genmodifiserte, insektresistente plantar og berekraft (2011)

Siden ble opprettet: 11.03.2015. Siden ble oppdatert: 11.03.2015

Relevante temasider

Flere nyheter

Ny rapport: Hva mener norske forbrukere om genredigert mat?

02.04.2020

Er nordmenn klare for genredigert laks, hvete eller.. Les mer »

I GENialt: Genetikkens historie: Fra Gregor Mendel til dypsekvensering

31.03.2020

Fortsatt har vi mye igjen før vi forstår.. Les mer »

Ja til assistert befruktning for enslige

31.03.2020

Bioteknologiloven er i endring. 10. februar i år.. Les mer »

Bioteknologirådet avlyser åpne møter 19. mars, 26. mars og 23. april grunnet corona

11.03.2020

På grunn av coronaviruset utsetter vi inntil videre.. Les mer »

I GENialt: Miljø-DNA: Tar pulsen på naturen

09.03.2020

DNA i vannprøver og i jordprøver kan gi.. Les mer »

I GENialt: Korleis påverkar genar den psykiske helsa vår?

08.03.2020

Forskarane leitar etter samanhengen mellom genar og psykiske.. Les mer »

AVLYST: 16. april: Hva mener folk om CRISPR-mat?

06.03.2020

Hva mener folk i Norge om CRISPR/genredigert mat?.. Les mer »

På jobbjakt? Bioteknologirådet søkjer rådgivar i genteknologi til sekretariatet i Bergen

03.03.2020

Har du kunnskap om og vil jobbe med.. Les mer »

Petter Frost – ny direktør i Bioteknologirådet

03.03.2020

– Bioteknologi vil påvirke fremtiden for enkeltpersoner og.. Les mer »

AVLYST: Frokostmøte 19. mars: Vil fremtidens laks spise trær?

28.02.2020

Bioteknologi er sentral i det grønne skiftet og.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter