09.10.2015

EU-land forbyr GMO-dyrking

Maiskolbe

EU-landa kan no sjølve avgjere om dei vil dyrke genmodifiserte plantar som er godkjende i EU. Foto: Sven Kaestner/AP.

To av tre EU-land vil forby dyrking av genmodifiserte plantar.

Av Audrun Utskarpen

Tidlegare i år vedtok EU å endre lovgivinga for genmodifiserte organismar (GMO) slik at medlemslanda kan forby dyrking av EU-godkjende genmodifiserte plantar på sitt eige territorium. Nitten av 28 EU-land har no varsla EU-kommisjonen om at dei ønskjer å forby GMO-dyrking.

Desse landa vil forby all dyrking: Austerrike, Bulgaria, Danmark, Frankrike, Hellas, Italia, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxemburg, Malta, Nederland, Polen, Slovenia og Ungarn. Tyskland forbyr dyrking for sal, men ønskjer å kunne tillate feltforsøk. Belgia forbyr GMO-dyrking i den sørlege delen, Vallonia, og Storbritannia gjer det i Nord-Irland, Skottland og Wales.

 

Valfri bruk i mat og fôr?

Berre éin genmodifisert plante er i dag godkjend for dyrking i EU. Det er maisen MON810, som er genmodifisert til å produsere ei insektgift og først og fremst blir dyrka i Spania. Men EU behandlar no søknader om løyve til å dyrke fleire andre genmodifiserte maissortar.

Landa som ønskjer forbod, kan mellom anna leggje vekt på måla i miljø- og landbrukspolitikken, byplanlegging og regional planlegging, bruk av landområde, sosioøkonomiske verknader, hindring av GMO-innblanding i andre produkt og nasjonale politiske mål. Dei kan forby ein GMO på heile eller delar av territoriet sitt, og dei kan forby visse grupper av GMO-ar, til dømes all mais eller alle insektresistente vekstar.

Dei nye reglane gir EU-landa lov til å forby dyrking, men ikkje import og bruk i mat og fôr. EU-kommisjonen foreslo i april at medlemslanda sjølve òg skal få avgjere om dei vil forby mat og fôr frå genmodifiserte plantar som er godkjende i EU. Landa må i så fall sørgje for at forboda ikkje er i strid med EU-lovgivinga eller diskriminerer utanlandske produkt.

Dei kan heller ikkje grunngi eit forbod med noko som strir mot helse- og miljørisikovurderingane til EFSA, mattryggingsorganet i EU. Forslaget frå EU-kommisjonen skal drøftast i EU-parlamentet og Rådet.

 

Kritikk frå fleire hald

Mange har kritisert forslaget, både miljøorganisasjonar og andre som ikkje ønskjer genmodifisert mat og fôr, bondeorganisasjonar, næringsmiddelindustri og aktørar som vil opne for meir GMO-import til EU.

Nokon meiner at slike nasjonale forbod vil vere i strid med reglane for fri flyt av varer og tenester på den indre marknaden, og at det vil by på praktiske vanskar og koste pengar å gjennomføre kontrollar. Andre er misnøgde fordi dei ønskjer å endre systemet for helse- og miljørisikovurderingar, samstundes som dei er redde det vil bli lettare å få godkjent nye GMO-ar med dette forslaget.

I EU-parlamentet har det som regel ikkje vore stort nok fleirtal for å godkjenne eller forby ein GMO. Derfor har sakene gått til EU-kommisjonen, som har godkjent ei rekke GMO-ar. I april godkjende kommisjonen ti nye, slik at 68 GMO-ar no er godkjende til mat og fôr i EU.

For Noreg kan det vere positivt at EU legg meir vekt på at medlemslanda sjølve skal få velje, og at dei kan nytte vurderingskriterium som samsvarer med dei norske kriteria berekraft, etikk og samfunnsnytte.

 

Les meir: www.bioteknologiradet.no/2015/01/landene-skal-fa-bestemme-mer-over-gmo/

Siden ble opprettet: 09.10.2015. Siden ble oppdatert: 31.03.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter