19.01.2016

Ope møte i Bergen: Genmodifisert laks

Laks

I november 2015 godkjende USA for første gong  ein genmodifisert laks for sal. Selskapet AquaBounty står bak fisken som har fått sett inn eit gen for veksthormon som skal gjere at han veks heile året og når slaktevekta fortare enn annan laks. Korleis vil den genmodifiserte laksen påverke miljøet, og kva vil genmodifiseringa ha å seie for helsa til laksen og dei som skal ete han? Vil den nye laksen truge Noregs stilling som verdas største innan fiskeoppdrett?

Tid: Torsdag 11. februar, kl. 18–20

Stad: Litteraturhuset i Bergen, Auditoriet

Arrangørar: Bioteknologirådet, Havforskingsinstituttet og Nifes – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Enkel servering.

Sjå video frå møtet her.

Ifølgje selskapet AquaBounty skal den genmodifiserte laksen AquAdvantage vekse fortare enn vanleg laks og kunne slaktast etter halve tida. Produksjonen skal gå for seg ved at egga blir klekte i eit lukka landanlegg på den kanadiske Atlanterhavskysten. Yngelen skal så fraktast til Panama for å bli ala opp i eit anlegg på land langt fra kysten. Målet er å hindre at laksen hamnar i sjøen og blandar seg med eller trengjer vekk villaks.

I risikovurderinga si meinte det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet (FDA) at laksen ikkje er meir skadeleg for helsa til menneske enn annan laks. Vurderinga har møtt kritikk frå miljø- og forbrukarorganisasjonar og enkelte forskarmiljø, og kritikken handlar òg om miljørisiko ved rømming. Derfor er det òg knytt spenning til korleis marknaden vil reagere på den genmodifiserte laksen.

Første gong AquaBounty søkte om å få godkjent genmodifisert laks var i 1996. Selskapet har enno ikkje sendt søknad til Noreg eller EU.

Bioteknologirådet uttalte seg om laksen i 2013. Les fråsegna og andre saker om emnet  her.

Panel:

Egil Ove Sundheim, fiskeriutsending til USA i Noregs sjømatråd

Håvard Bakke, direktør i Salmobreed

Audun Helge Nerland, professor, Universitetet i Bergen

Rune Waagbø, forskingssjef, fiskeernæring, fiskevelferd og -helse, NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Ordstyrar: Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet

Bioteknologirådets logologo havforskningsinst logo nifes

Siden ble opprettet: 19.01.2016. Siden ble oppdatert: 14.09.2017

Relevante temasider

Flere nyheter

Offentleg utval om genteknologi

18.11.2020

Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal greie.. Les mer »

Kronikk – Svangerskapsomsorg, tidlig ultralyd og den nye fosterdiagnostikken: Fem råd fra Bioteknologirådet

18.11.2020

Bioteknologiloven er en av Norges mest kontroversielle lover… Les mer »

BIOTEK 2020 – Hva nå?

17.11.2020

Rådet for legeetikk arrangerer i samarbeid med Bioteknologirådet.. Les mer »

I GENialt: Bidronningens hemmeligheter

21.10.2020

Hva vi putter i oss av mat, er.. Les mer »

I GENialt: Enkel blodprøve – kompliserte spørsmål

18.10.2020

Teknologien rundt analyse av fosterets DNA gir oss.. Les mer »

Sakskart til møte i Bioteknologirådet 16. oktober

15.10.2020

Tid: Fredag 16. oktober 2020 kl. 09.00-11.30 Sted: Sted: Digitalt,.. Les mer »

I GENialt: Genredigerte bananer – fremtiden for afrikanske bønder?

12.10.2020

Bananene på 1950-tallet smakte annerledes enn de vi.. Les mer »

Nobelpris til Charpentier og Doudna – CRISPR

07.10.2020

Årets Nobelpris i kjemi går til franske Emmanuelle.. Les mer »

I GENialt: Nye pingviner – nye gener

05.10.2020

I Akvariet i Bergen blir det stadig født.. Les mer »

I GENialt: DNA i politietterforskning

21.09.2020

De som har brukt sommeren til å se.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter