Sjå video frå vårt opne møte om genmodifisert laks.

I november 2015 godkjende USA for første gong  ein genmodifisert laks for sal. Korleis vil den genmodifiserte laksen påverke miljøet, og kva vil genmodifiseringa ha å seie for helsa til laksen og dei som skal ete han? Vil den nye laksen truge Noregs stilling som verdas største innan fiskeoppdrett?

Tid: Torsdag 11. februar, kl. 18–20

Stad: Litteraturhuset i Bergen, Auditoriet

Innlegg:

Innleiing ved Audrun Utskarpen, fung. direktør i Bioteknologirådet

Håvard Bakke, direktør i Salmobreed

Rune Waagbø, forskingssjef, fiskeernæring, fiskevelferd og -helse, NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Egil Ove Sundheim, fiskeriutsending til USA i Noregs sjømatråd

Audun Helge Nerland, professor, Universitetet i Bergen

Debatt og spørsmål frå salen

Ordstyrar: Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet

Arrangørar: Bioteknologirådet, Havforskingsinstituttet og Nifes – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking