29.04.2016

Støttar enklare reglar for gen-tilpassa medisinering

KH_bredde_web

Det er bra at regjeringa følgjer opp forslaget frå Bioteknologirådet om å lage ei forskrift om farmakogenetikk, meiner rådet.

Bioteknologirådet støttar hovudtrekka i forslaget frå regjeringa til forskrift om farmakogenetikk. Enkelte genvariantar påverkar korleis eit legemiddel blir omsett i kroppen, slik at nokre pasientar treng ei anna dosering av legemiddelet eller bør bruke eit anna legemiddel. Ei farmakogenetisk undersøking er ein gentest for å undersøke forventa respons på desse legemidla, slik at behandlinga kan tilpassast pasienten. I 2014 vart det gjort farmakogenetisk testing av 2650 pasientar i Norge, ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet.

Farmakogenetiske testar er definerte i forarbeida til bioteknologiloven som prediktive genetiske undersøkingar. Det fører med seg krav til skriftleg samtykke, genetisk rettleiing for pasienten og godkjenning av verksemda som gjennomfører testen. Forskrifta som er foreslått, vil gjere at farmakogenetiske undersøkingar, med enkelte unntak, ikkje blir omfatta av desse krava.

– Farmakogenetiske undersøkingar gjer det mogleg å gi enkelte pasientar betre og meir skånsam behandling ved at typen medisin og doseringa blir tilpassa dei genetiske anlegga til pasienten. Vi har tatt til orde for å lage ei slik forskrift som kan fjerne nokre unødvendige administrative hinder for slike undersøkingar, og er glade for at regjeringa følgjer opp dette, seier leiar i Bioteknologirådet Kristin Halvorsen.

Bioteknologirådet tilrår likevel at ein av reglane i forslaget til forskrift bør omformulerast, slik at det blir tydelegare kva for slags testar som skal omfattast av forskrifta.

 

Les heile fråsegna om forslag til forskrift om farmakogenetikk.

Siden ble opprettet: 29.04.2016. Siden ble oppdatert: 29.04.2016

Relevante temasider

Flere nyheter

Offentleg utval om genteknologi

18.11.2020

Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal greie.. Les mer »

Kronikk – Svangerskapsomsorg, tidlig ultralyd og den nye fosterdiagnostikken: Fem råd fra Bioteknologirådet

18.11.2020

Bioteknologiloven er en av Norges mest kontroversielle lover… Les mer »

BIOTEK 2020 – Hva nå?

17.11.2020

Rådet for legeetikk arrangerer i samarbeid med Bioteknologirådet.. Les mer »

I GENialt: Bidronningens hemmeligheter

21.10.2020

Hva vi putter i oss av mat, er.. Les mer »

I GENialt: Enkel blodprøve – kompliserte spørsmål

18.10.2020

Teknologien rundt analyse av fosterets DNA gir oss.. Les mer »

Sakskart til møte i Bioteknologirådet 16. oktober

15.10.2020

Tid: Fredag 16. oktober 2020 kl. 09.00-11.30 Sted: Sted: Digitalt,.. Les mer »

I GENialt: Genredigerte bananer – fremtiden for afrikanske bønder?

12.10.2020

Bananene på 1950-tallet smakte annerledes enn de vi.. Les mer »

Nobelpris til Charpentier og Doudna – CRISPR

07.10.2020

Årets Nobelpris i kjemi går til franske Emmanuelle.. Les mer »

I GENialt: Nye pingviner – nye gener

05.10.2020

I Akvariet i Bergen blir det stadig født.. Les mer »

I GENialt: DNA i politietterforskning

21.09.2020

De som har brukt sommeren til å se.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter