Publisert: 23. september 2016

Nelliker i ulike farger
Illustrasjonsfoto: iStock

Et fleirtal i Bioteknologirådet vil tillate import av genmodifiserte nellikar med endra farge. To medlemmer tilrår at Noreg legg ned forbod.

Eit fleirtal i Bioteknologirådet tilrår at det ikkje bør leggjast ned forbod mot import av snittblomster frå den genmodifiserte nelliken SHD-27531-4. Nelliken er genmodifisert slik at han har ein annan blomsterfarge enn vanleg nellik. Gena kjem frå petunia og fiol og gjer nelliken raudlilla.

EU har godkjent søknaden frå selskapet Suntory om å få lov til å importere desse nellikane for sal i blomsterbutikkar. Når ein GMO er godkjend i EU, skal Noreg vurdere om det skal leggjast ned forbod etter genteknologiloven, eller om det skal vere lov å omsetje produkta i Noreg. Bioteknologirådet skal mellom anna vurdere om ein GMO bidreg til berekraftig utvikling og er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg.

– Etter ei heilskapleg vurdering ser fleirtalet i Bioteknologirådet ikkje grunn til at Noreg skal leggje ned forbod mot desse nellikane. Nellikane utgjer ikkje nokon helse- og miljørisiko. Og sjølv om dei ikkje har nokon spesiell samfunnsnytte eller bidreg spesielt til berekraftig utvikling, meiner vi at ein i denne saka ikkje treng å leggje avgjerande vekt på dette, seier leiar i Bioteknologrådet Kristin Halvorsen.

To medlemmer i Bioteknologirådet tilrår at Noreg legg ned forbod mot import av den genmodifiserte nelliken. Desse rådsmedlemmene meiner at fråvær av negative effektar ved GMO-ar eller GMO-produkt er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår for godkjenning. I tillegg må ein òg kunne vise til korleis slike produkt gir positive bidrag til samfunnet. Desse rådsmedlemmene kan ikkje sjå nokon nemnande samfunnsnytte ved desse nellikane, og meiner informasjonen frå søkjaren om berekraft, etikk og samfunnsnytte er mangelfull.

Klikk her for å lese heile fråsegna frå Bioteknologirådet.