02.06.2017

Regjeringa forbyr GMO-raps og -mais

Mais

Foto: iStock

Regjeringa har i statsråd i dag lagt ned forbod mot import av éin genmodifisert maisplante og tre rapsplantar, medan fem genmodifiserte nellikar vart tillatne for sal.

Maisen og rapsen skulle brukast til fôr og industrielle formål. Regjeringa forbaud rapssortane på grunn av miljørisiko i Noreg og maisen på grunn av etiske motførestillingar. Det er første gong Noreg har avvist ein GMO av etiske grunnar åleine.

– Dette er svært gledeleg og heilt i tråd med det Bioteknologirådet har rådd til fleire gonger, seier leiar i Bioteknologirådet Kristin Halvorsen.

 Forbode sprøytemiddel

Maisen 1507 er genmodifisert slik at han toler sprøytemiddelet glufosinat-ammonium, som er forbode i Noreg på grunn av helse- og miljøfare. Når ein dyrkar denne maisen, kan åkrane sprøytast med glufosinat-ammonium slik at ugraset døyr, medan maisplantane står igjen uskadde.

Etter genteknologiloven skal ein GMO ikkje vere helse- eller miljøskadeleg for å bli godkjend i Noreg. Noreg skal òg leggje vekt på om GMO-en bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg. Kriteria om helse og miljø gjeld bruken av GMO-en i Noreg, medan berekraft og etiske forhold skal vurderast i eit globalt perspektiv. Når nokon søkjer om å få godkjent ein GMO til import, må vi derfor òg vurdere forholda i produksjonslandet.

– Bioteknologirådet meiner det ikkje er etisk forsvarleg å utsetje folk i andre land for ein helse- og miljørisiko som vi ikkje ønskjer i vårt eige land. Slike GMO-ar bidreg heller ikkje til berekraftig utvikling, seier Halvorsen.

Etikk, berekraft og samfunnsnytte er sjølvstendige vurderingskriterium i genteknologiloven. Det er likevel første gongen at Noreg har lagt ned eit forbod som ikkje er basert på helse- og miljørisiko i Noreg, men på etiske motførestillingar mot forholda i produksjonslandet åleine.

Nei til raps, ja til nellik

Regjeringa har forbode dei tre rapssortane MS8, RF3 og MS8xRF3 fordi dei kan utgjere ein miljørisiko i Noreg. Rapsfrø spreier seg lett og kan krysse seg med ville slektningar av raps. GMO-en kan derfor skade norske artar og naturtypar og det biologiske mangfaldet. Som maisen 1507 er dei tre rapssortane resistente mot sprøytemiddel med glufosinat-ammonium.

Verken maisen eller rapsen har nokon særskild samfunnsnytte i Noreg ettersom det finst nok av alternative raps- og maissortar som kan brukast i fôr.

Regjeringa vedtok òg at fem genmodifiserte nelliksortar skal vere lov å importere som snittblomster. Alle dei ni GMO-ane regjeringa behandla, er godkjende etter utsettingsdirektivet i EU (direktiv 2001/18). Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i vurderingssystemet for GMO i EU. Når EU har sagt ja til ein GMO, må Noreg vurdere søknaden etter genteknologiloven og avgjere om vi skal leggje ned forbod, eller om vi skal tillate GMO-en her.

– Noreg har vore eit føregangsland med å ta inn omsynet til berekraft, samfunnsnytte og etikk i regelverket for GMO, og seinare har andre land følgt etter, seier Halvorsen.

– Genteknologiloven gjer at vi kan seie nei til GMO-ar som maisen 1507 og bidra til å styre utviklinga av genteknologi mot meir samfunnsnyttige og berekraftige produkt.

Siden ble opprettet: 02.06.2017. Siden ble oppdatert: 02.06.2017

Relevante temasider

Flere nyheter

Ukens gjest: Synne Lerhol

16.09.2020

Har du fått med deg den siste utgaven.. Les mer »

Webinar 23.-25. September: DNA in police work: New methods, new challenges?

01.07.2020

  Pictures taken from the artist Heather Dewey-Hagborg´s.. Les mer »

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter