26.02.2020

I GENialt: Kraftig summing rundt genmodifisert mygg i Brasil

Nærbilde av mygg på menneskehud

Forskingsprosjekt med genmodifisert mygg for å hindre malaria skapar strid. Foto: iStock.

Kan forsøk med genmodifisert mygg for å kjempe mot farlege tropesjukdommar gje ein meir robust lokal mygg? Påstandar i ny artikkel har sett sinna i kok.

Av Hilde Mellegård i tidsskriftet GENialt

Eit team med brasilianske og amerikanske forskarar har vist at arvestoff frå genmodifisert mygg er overført til den lokale bestanden av mygg, og dei hevdar at det kan gje ein meir robust lokal mygg. Selskapet bak teknologien, Oxitec, og andre forskarar tek til motmæle.

Ber dødeleg gen

Myggborne sjukdommar, som malaria og zikafeber, er eit stort helseproblem, særleg i utviklingsland. Mange tiltak går ut på å redusere myggbestand, men myggen har vorte motstandsdyktig mot fleire insektmiddel. Andre tilnærmingar, som genmodifisert mygg, vert derfor prøvde.

Oxitec har gjennom fleire år utvikla og testa genmodifisert mygg, mellom anna ein variant av myggarten Aedes aegypti. Føremålet er å kjempe mot virussjukdommar som denguefeber, gulfeber og zikafeber, som denne myggarten overfører. Strategien til Oxitec har vore å genmodifisere hannmygg, slik at dei vert berarar av eit dødeleg gen. Hannmyggen overfører genet til avkommet, som sjølv døyr før det rekkjer å formere seg. Tidlegare laboratorieforsøk har likevel vist at 3–5 prosent av myggane kan overleve fram til dei vert vaksne, men det har til no vore uvisst om dei òg kan formere seg. I tillegg til dødeleggenet har Oxitec òg sett inn eit gen som gjer myggen sjølvlysande, som ei form for merking.

Stort forsøk i Brasil

Den genmodifiserte myggen har vore testa i Malaysia, på Caymanøyene og i Brasil. Forsøket som no vert debattert, er det hittil største feltforsøket med genmodifisert mygg. I kommunen Jacobina i den nordaustlege delen av Brasil vart det sloppe ut omtrent 450.000 genmodifiserte hannmygg kvar veke frå juli 2013 til september 2015. I feltforsøket vart myggbestanden i gjennomsnitt redusert med 70 prosent samanlikna med før utsleppa starta. Då utsleppa opphøyrde, gjekk bestanden gradvis opp igjen, som venta.

Uventa funn eller ikkje?

Teamet med brasilianske og amerikanske forskarar, som ikkje var knytt til Oxitec eller feltforsøket i Jacobina, utførte eigne forsøk parallelt for å sjå på overføring av arvestoff frå genmodifisert mygg til den lokale myggbestanden. Forskarane tok prøver undervegs og ved slutten av utsleppsperioden, og offentleggjorde deretter funna sine i september i år.  I artikkelen viser dei at mellom 10 og 60 prosent av dei undersøkte lokale myggane hadde noko DNA frå Oxitec-myggen. Dette tyder på at den lille delen av avkommet etter dei to variantane som overlever til vaksen alder, kan formere seg vidare. Forskarane fann likevel ikkje gena som Oxitec sette inn i myggen for å drepe avkommet og merke myggen. Oxitec viser likevel på sine heimesider til at dersom dødeleggenet skulle verte vidareført, vil det halde fram å ta livet av avkommet og etter kvart verte borte frå villmyggen.

Hovudforskaren bak studien, professor Jeffrey Powell ved universitetet i Yale i USA, understreker i ei nyheitssak frå Science at det ikkje er noko bevis for at blandingsmyggen utgjer ein helserisiko for menneske.

–  Men det viktige er at det skjedde noko uventa, held Powell fram.

Han utdjupar vidare at når vi utviklar genmodifiserte organismar som skal sleppast ut, så har vi nesten berre laboratoriestudiar å lene oss på.

Firmaet Oxitec svarer på kritikken på heimesidene sine ved å vise til at det tidlegare er dokumentert at 3–5 prosent av GM-myggen kan overleve.

–  Vi er ikkje overraska av resultata, men vi er overraska over spekulasjonane som forskarane har kome med, seier Nathan Rose frå Oxitec i nyheitssaka frå Science.

Oxitec har derfor bede tidsskriftet som har utgjeve den vitskapelege artikkelen, om å ta stilling til det selskapet kallar «misvisande og spekulative påstandar».

Kor usemja står

Det er meiningane til dei amerikanske og brasilianske forskarane om konsekvensane av lokal mygg med arvestoff frå Oxitec-myggen som skaper høg temperatur. Forskarane konkluderer nemleg med at blandingsmyggen kan vere meir robust, med tilvising til at Oxitec-myggen igjen har anar frå ulike delar av verda (Cuba og Mexico). Dei brasilianske og amerikanske forskarane har ikkje sjølve undersøkt om blandingsmyggen faktisk er motstandsdyktig overfor insektmiddel eller lettare kan overføre sjukdom, og det er heller ikkje vist til anna forsking. Oxitec meiner det ikkje er forsking som støttar denne hypotesen.

Dei amerikanske og brasilianske forskarane utsette òg genmodifisert mygg og lokal mygg for zika- og denguevirus før feltforsøket starta, for å sjå om det var skilnader i kor mange mygg som vart berarar av sjukdommen. Dei fann ingen skilnader, men påpeikar at det kan vere annleis ute i felten og med andre virustypar.

Siste ord er ikkje sagt

Saka klør framleis. Kort tid etter at studien vart offentleggjord, kunngjorde det vitskapelege tidsskriftet bak studien at det skal vurdere kritikken. To månader seinare har tidsskriftet framleis ikkje konkludert. I tillegg til at tidsskriftet gjer sine vurderingar, har éin av forskarane som deltok i studien, offentleg protestert mot påstanden om at blandingsmyggen kan ha vorte meir robust. Forskaren hevdar at det ikkje er data som underbyggjer denne ideen, og at ho ikkje såg den endelege versjonen av artikkelen før han vart offentleggjord. Protesten, som vert attgjeven i Science, er ytra i ein brasiliansk nyheitsartikkel. I artikkelen heiter det at fleire av forskarane bak studien har bede tidsskriftet trekkje tilbake artikkelen.

Sidan forsøket i Jacobina har Oxitec utført feltforsøk fleire stader i Brasil med ein ny variant av den genmodifiserte myggen. Den nye typen har eit dødeleg gen som, i motsetnad til den første varianten, berre drep avkom som er hunnmygg. Hannmygg overlever og kan føre genet vidare. Det er hunnmygg som stikk og overfører sjukdom til menneske. Selskapet har nyleg søkt om løyve til å gjere feltforsøk òg i USA.

Siden ble opprettet: 26.02.2020. Siden ble oppdatert: 31.03.2020

Relevante temasider

Flere nyheter

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

Hastig behandling av fosterdiagnostikk i Bioteknologirådet

18.05.2020

Frp, AP og SV foreslår i sitt «Bioteknologiforlik.. Les mer »

Sakskart til ekstraordinært møte i Bioteknologirådet 18. mai

15.05.2020

Tid:  Mandag 18. mai kl. 09.00-13.00 Sted: Digitalt møte,.. Les mer »

I GENialt: Ny milepel for CRISPR-teknologien

12.05.2020

For første gang i historien har genredigeringsteknologien CRISPR.. Les mer »

I GENialt: Doktor AI – muligheter og utfordringer

12.05.2020

I fremtidens helsevesen er datamaskiner legens nye kollega… Les mer »

I GENialt: Kan rundormen vise oss veien til sunn aldring?

12.05.2020

Forskere har identifisert proteiner som fremskynder utvikling av.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter