08.03.2020

I GENialt: Korleis påverkar genar den psykiske helsa vår?

Edvard Munchs maleri Skrik

I «Skrik» skildrar Edvard Munch korleis han opplevde angst. Ny forsking viser at gena våre påverkar mange aspekt ved psyken vår. Foto: Nasjonalmuseet, Bjørn Høstland.

Forskarane leitar etter samanhengen mellom genar og psykiske tilhøve. Ny kunnskap viser at genar som gjer oss menneske kreative og intelligente, òg kan gjere oss utsette for psykiske lidingar.

Av Sigrid Bratlie i tidsskriftet GENialt

Du har sikkert sett det – biletet med dei bølgande linjene i sterke fargar som omgjev skikkelsen med den ovale munnen forma i eit taust skrik. Det verdsberømde måleriet «Skrik» er ei skildring av korleis Edvard Munch opplevde angst. Munch er ikkje det einaste kreative geniet som har røynsle med psykisk liding. Vincent van Goghs kjende måleri «Stjernenatt» viser utsikta frå vindauget på sanatoriet, der han var lagd inn med psykose. Matematikaren John Nash gjorde sitt mest banebrytande arbeid mens han var i ferd med å utvikle schizofreni. Og forfattaren Virginia Woolf drukna seg sjølv etter lang tids kamp mot depresjon. At psykisk liding førekjem hyppigare blant dei som er særleg kreative og nyskapande, er godt dokumentert. Men dei biologiske faktorane som ligg bak desse samanhengane, har vi berre så vidt byrja forstå. Ny forsking viser at gena våre påverkar mange aspekt ved psyken vår.

Genar og psykisk helse

Portrett av Ole Andreas Andreassen

Ole A. Andreassen, professor ved Oslo Universitetssjukehus og senterleiar ved NORMENT.

– Psykiske lidingar er i ganske høg grad arvelege. Dei genetiske samanhengane er likevel veldig komplekse, fortel professor Ole A. Andreassen ved Oslo Universitetssjukehus og senterleiar ved NORMENT – Norsk senter for forsking på mentale lidingar.

Med hjelp av avansert gensekvensering jobbar han med å undersøkje korleis genar påverkar mental helse.

Nyleg identifiserte han og kollegaene hans over hundre genar som påverkar kor utsette vi er for schizofreni. Mange av genane påverkar korleis nervecellene våre snakkar saman. Dei fann òg ei rekkje genar som er viktige for immunforsvaret, noko som tyder på at det er ein samanheng mellom immunforsvaret og psykisk helse. Slik kunnskap vert no brukt for å prøve å utvikle nye behandlingar for psykiske lidingar, til dømes medisinar som påverkar immunresponsen hos pasienten.

– Ingen av genvariantane var likevel klare sjukdomsvariantar. Funna tyder på at det heller er ein uheldig kombinasjon av normale genvariantar som avgjer om du vert sjuk eller ikkje, forklarer Andreassen.

Dette kan vere noko av forklaringa på kvifor psykisk sjukdom ofte er ekstremversjonar av normale personlegdomstrekk; vi kan alle oppleve kjensler som tungsinn, redsel og angst utan at vi kallar det sjukdom. Det er derfor ein flytande overgang mellom det vi kallar normal variasjon og sjukdom.

Genar, kognisjon og personlegdom

Det har lenge vore kjent at genane våre òg har mykje å seie for kognisjon, altså evne til høgare tenking. Til dømes kan mellom 50 og 80 prosent av variasjonen i intelligens forklarast av genane vi arvar frå mor og far. Dei siste åra har det kome fleire store studiar som har byrja kartleggje kva genar som er involverte. Ei undersøking av genane til omtrent 270 000 personar i England kopla fleire hundre genar til intelligens. Mange av desse genane er viktige for utvikling, funksjon og vedlikehald av nervesystemet. Det er òg vist ein samanheng mellom genar og kor høg utdanning ein tek.

– Men det finst ikkje eitt «skulegen» eller eitt «intelligensgen». Slike eigenskapar vert forklarte av kombinasjonen av mange normale genvariantar som verkar saman, understreker Andreassen.

Òg personlegdomstrekk er i høg grad arvelege. Ny forsking har kartlagt genar som påverkar alle dei «fem store» personlegdomstrekka som du kanskje kjenner frå NRK-serien «Sånn er du» – openheit for røynsle, nestekjærleik, ekstroversjon, planmessigheit og nevrotisisme.

Geniale tankar utanfor boksen

Forskarar har funne mange genetiske samanhengar mellom personlegdomstrekk, kognisjon og psykisk liding. Til dømes er det ein stor grad av overlapp mellom gen for bipolar liding og openheit for nye røynsler. Depresjon og nevrotisisme ser òg ut til å kunne ha eit felles genetisk utspring.

Det ser òg ut til å vere ein genetisk samanheng mellom kognisjon og psykisk sjukdom. Personar med høg IQ er genetisk meir utsette for enkelte psykiske lidingar som bipolar liding og autisme. Og dei med kreative yrke er mykje hyppigare genetisk utsette for schizofreni og bipolar liding.

– Funna tyder på at det å vere genial heng saman med å kunne tenkje utanfor boksen, seier Andreassen.

Han viser òg til nyare forsking som tyder på at psykiske lidingar som schizofreni kan forklarast med evolusjonen.

– Genvariantar som gjer ein utsett for schizofreni, er særeigne for oss menneske, og kan vere kopla til utvikling av språk og høgare kognitiv funksjon, seier Andreassen.

Langt igjen til mål

Sjølv om vi lærer stadig meir om samanhengen mellom genar og psykiske lidingar og trekk, er vi framleis i startgropa.

– Til dømes utgjer dei nokre hundre genane som vi har vist gjer oss meir utsette for schizofreni, berre nokre få prosent av alle genane som faktisk er involverte. For å finne alle må vi undersøkje mange fleire personar, kanskje fleire millionar, forklarer Andreassen.

Det er òg foreløpig avgrensa nytte av kunnskapen for deg som einskildperson.

– Det finst ingen gentest, verken i helsevesenet eller på den private marknaden, som kan gje deg sikre svar om psykisk sjukdom eller personlegdom, understreker han.

Det er òg viktig å vere klar over dei avgrensingane som ligg i forskinga. Funna seier berre noko om det som faktisk vert målt, og intelligens og personlegdom er meir enn det som vert fanga opp i ein IQ-test og i «big five»-personlegdomstestar. Som med det meste av forskinga på genetikken hos mennesket er utvalet dessutan i all hovudsak sett saman av personar av europeisk avstamming, noko som gjer at vi må vere varsame med å generalisere for breitt.

Miljø òg viktig

Ole Andreassen meiner det òg er viktig å hugse på at ikkje alt er skrive i genane.

– Personlegdommen din og den mentale helsa di vert òg forma av miljøet du lever i. Du kan vere genetisk utsett for depresjon eller angst, utan at du nødvendigvis vert sjuk av den grunn. Og motsett – du kan ha låg risiko for psykisk sjukdom, men framleis ende opp med å verte deprimert eller over snittet engsteleg om du til dømes opplever ei traumatisk hending, forklarer han.

Det finst mange døme på geniale forskarar og kunstnarar som har mental helse godt innanfor normalområdet. Så om du har ein gryande kunstnar i magen, treng du ikkje leggje penslane på hylla sjølv om du ikkje har førstehands røynsle med psykisk liding. Som Andreassen til sist filosoferer:

– Mennesket har ein kompleks natur, og det finst ikkje noko svar på kva som er eit perfekt menneske.

Sagt med andre ord: Du er den du er, på godt og vondt.

Siden ble opprettet: 08.03.2020. Siden ble oppdatert: 31.03.2020

Relevante temasider

Flere nyheter

Ny episode av Biotekpodden

03.08.2020

I den siste utgaven av Biotekpodden snakker Liv.. Les mer »

Genteknologiloven i endring

26.06.2020

Reglene for GMO-legemidler og en mulighet for å.. Les mer »

Bioteknologiloven – hva ble endret?

25.06.2020

Mange og store endringer ble vedtatt da Stortinget.. Les mer »

Kan granlaksen erstatte soyalaksen? Webinar i to deler

22.06.2020

Hvor viktig er bioteknologi for det grønne skiftet?.. Les mer »

Biotekpodden – en podcast om bioteknologi

30.05.2020

Bioteknologien utvikler seg raskt, noe som skaper nye.. Les mer »

– Norge har fått en ny, modernisert bioteknologilov

26.05.2020

– Bioteknologirådet har evaluert bioteknologiloven og har sett.. Les mer »

I GENialt: Ønskjer du deg eit sjølvlysande juletre?

19.05.2020

Då må du nok smøre deg med tolmod… Les mer »

I GENialt: Cellefabrikker som lager rullebaner, medisiner og mat

19.05.2020

Bakterier og sopp er arbeidere som jobber døgnet.. Les mer »

I GENialt: Hva vet vi om helserisiko for barna etter assistert befruktning?

19.05.2020

Stortinget skal snart vedta endringer i bioteknologiloven. En.. Les mer »

I GENialt: Eggdonasjon og assistert befruktning til enslige – hva står på spill?

19.05.2020

Bioteknologiloven er i endring. Snart skal stortingspolitikerne si.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter