Publisert: 12. mai 2020

Våren 2020 vil gå inn i historia som annleisvåren, der eit virus endra samfunn over heile kloden. Covid 19 bremsa òg Stortingets handsaming av bioteknologilova, men no samlar troppane seg på Stortinget for å endre lova.

Av Ole Frithjof Norheim, leder av Bioteknologirådet, i tidsskriftet GENialt

Leder av Bioteknologirådet Ole Frithjof Norheim

Avgjerdene som Stortinget tek 26. mai, vil ha store konsekvensar for samfunnet vårt og for einskildpersonar. I grunnen handlar bioteknologilova om korleis vi skal regulere bioteknologi med tanke på reproduksjon, kunnskap om gen og genterapi. Det er store, komplekse spørsmål som er etisk utfordrande.
Som eit rådgjevande organ har Bioteknologirådet gått gjennom bioteknologilova og prøvd å kaste lys over spørsmåla frå så mange synsvinklar som mogleg. Desse innspela har vi så gjeve vidare til dei som til slutt skal vedta endringane: Dei folkevalde.

To av dei spørsmåla som har fått mest merksemd, er eggdonasjon og assistert befrukting til einslege. Då dagens bioteknologilov vart vedteken i 2003, vart det avgjort at assistert befrukting skulle vere øyremerkt kvinner som er gifte eller sambuarar med ein mann. Då det i 2009 vart innført ei felles ekteskapslov, vart bioteknologilova endra slik at òg lesbiske par som er gifte eller sambuarar, fekk rett til assistert befrukting. No står vi ved eit nytt vegeskil. Skal det vere lov å donere egg for å hjelpe barnlause? Og skal samfunnet seie ja til at einslege kvinner får tilgang til assistert befrukting?

På rådsmøta våre balanserer vi ulike omsyn opp mot kvarandre – gjennom grundig diskusjon: Når det er lov med sæddonasjon, kvifor skal ikkje det å donere egg vere tillate? Kor viktig er ei biologisk tilknyting mellom foreldre og barn? Så fundamentale er nokre av dei spørsmåla som bioteknologilova rører at vi i møta våre òg har stilt spørsmålet: Vil nokon angre på å verte fødd?
Då rådet i 2014–2015 evaluerte bioteknologilova og handsama eggdonasjon og assistert befrukting til einslege, sa fleirtalet ja til eggdonasjon, men nei til at einslege mødrer skal få assistert befrukting. Grunngjevinga var at barn som veks opp med berre éin omsorgsperson, vil vere i ein meir utsett posisjon dersom mor vert ute av stand til å sørgje for omsorgen.

10. februar i år handsama dagens råd dei same spørsmåla. Denne gongen sa fleirtalet ja i begge spørsmåla. Så spør du kanskje: Kva har skjedd?
Fleirtalet er knapt, og i fråsegna vil du sjå at det er gode argument både for og imot. Fleirtalet meiner likevel at når vi vegar dei ulike argumenta opp mot kvarandre, så vegar dei moglege ulempene ved å vere éin i staden for to foreldre mindre enn ønsket om sørgje for at einslege kvinner skal kunne få barn. Vi legg likevel til grunn at alle som søkjer, må gjennom ei medisinsk og psykososial vurdering.

Kanskje er dreiinga i rådet eit bilete av at haldningane i samfunnet er i endring. «Regnbogefamilie» var ikkje eit omgrep då eg vaks opp. I dag ser vi korleis lovverket har opna opp for nye familiekonstellasjonar. Seier politikarane ja til eggdonasjon og assistert befrukting til einslege, vert familiekonstellasjonane utvida endå meir. Ein annleis barndom enn i A4-familien. Men eg trur barndommen vert like god. Det var viktig for meg då eg stemde ja til både eggdonasjon og retten einslege kvinner har til assistert befrukting.