18.11.2020

Offentleg utval om genteknologi

Skal me skille mellom tradisjonell genmodifisering og genredigering i lovverket?

Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal greie ut om genteknologi, nye teknikkar og reguleringa av genmodifiserte organismar. Forskingssjef Anna Wargelius vil leie utvalet, som skal levere si utgreiing innan juni 2022.

Av Mette Risa

– Det er gledeleg å sjå at utvalets mandat inkluderer å vurdere Bioteknologirådets framlegg til oppmjuking av GMO-regelverket frå desember 2018, seier Petter Frost, direktør i Bioteknologirådet.

Det nye utvalet har 12 medlemmar med relevant erfaring og brei kompetanse innanfor molekylærbiologi, syntetisk biologi, mikrobiologi, havbruk, medisin og helse, jus og etikk. Det er representantar frå forsking, interesseorganisasjonar, helseteneste, næringar og forbrukarsida. Bland medlemmane i utvalet er Trygve Brautaset og Arne Holst-Jensen, som begge er medlemmar av Bioteknologirådet, samt to tidlegare medlem og ein tidlegare tilsett i sekretariatet.

På overtid

– Dagens genteknologilov er frå 1993, og hadde 25-års jubileum allereie da det førre Bioteknologirådet la fram sitt forslag til oppmyking i 2018. På desse 27 åra har det skjedd ei utroleg teknologi- og kunnskapsutvikling, som denne loven i betydeleg grad ikkje såg føre seg. Loven er av den grunn moden for ein revisjon, og ein slik revisjon må bygge på ei grundig utgreiing, som er det utvalet nå skal setje i verk, seier Arne Holst-Jensen, seniorforskar ved Veterinærinstituttet og medlem i Bioteknologirådet.

Eit samrøystes Bioteknologiråd gjentok i juni i år si tilråding om å opprette eit offentleg utval for å sjå på framtidas genteknologilov, grunna den teknologiske utviklinga.

Rask utvikling

Genteknologi er i svært rask utvikling, både her heime og internasjonalt. Nye metodar, biologiske løysingar og genteknologiske tilnærmingar er kome langt, og blir stadig meir aktuelle på fleire område i samfunnet. Eitt eksempel er den såkalla CRISPR-teknikken, som forskarane bak fekk Nobel-prisen i kjemi for. Den går ut på å redigere gena til organismar ved å gjere små, målretta endringar i arvestoffet. Det er til forskjell frå tradisjonell genmodifisering der ein tek eit heilt gen frå ein organisme og sett inn i ein annan.

Den enorme teknologiske utviklinga dei siste åra opnar for nye mogelegheiter. Utvalet skal gje eit godt grunnlag for vidare politikkutforming når det gjeld genteknologi innanfor miljø- og helseteknologi, industri og matproduksjon. Utvalet skal også vurdere om lovverket bør justerast for å sikre at den teknologiske utviklinga kjem samfunnet til gode, utan skade på helse og miljø.

Gjennom EØS-avtala er Noreg tett knytt til reguleringa av genteknologi i EU. Trass i dette sikrar tilpassingar i EØS-avtala at Noreg kan gjere sjølvstendige vurderingar ut frå eige lovverk. Utvalet skal vurdere kva handlingsrom for endringar vi har i genteknologiforvaltninga i Noreg innanfor EØS-avtala og internasjonale plikter om handel og biologisk mangfald.

– Eg ser fram til å få eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. Utvalet skal også  diskutere etiske dilemma og foreslå korleis vi kan utvikle og regulere genteknologien i dei komande tiåra, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ein pressemelding.

Ny lov?

– Mandatet vårt er samansett og eg forventar at vi klarer å få på plass et solid fagleg kunnskapsgrunnlag som basis for en rekke store spørsmål vi skal svare på. Særleg er det no mye synsing og usamde omkring forskjellen mellom genmodifisering og det som vi nå kallar genredigering knytt til presisjon, risiko og teknologi. Med basis i den valdsame utviklinga vi har innanfor genteknologi, så både håper og forventar eg at dette arbeidet faktisk skal føre til ei endring i genteknologiloven som opnar for dei mange moglegheitene bioteknologien representerer innan både helse, medisin, mat og industri, seier Trygve Brautaset, professor i syntetisk biologi ved NTNU og medlem i Bioteknologirådet.

 

Medlemmar av utvalet:

Anna Wargelius, forskingssjef ved Havforskingsinstituttet, Bergen (leiar)

Arne Holst Jensen, seniorforskar ved Veterinærinstituttet, Oslo (medlem i Bioteknologirådet frå 2014)

Trygve Brautaset, professor i syntetisk biologi ved NTNU, Trondheim (medlem i Bioteknologirådet frå 2019)

Kaare Magne Nielsen, professor i mikrobiologi ved Oslo Met, Drammen

Muath Alsheikh, forskingssjef ved Graminor AS, Hamar

Ingvild Ulrikke Jakobsen, professor i rettsvitskap ved UiT, Tromsø

Ole Kristian Fauchald, professor ved Institutt for offentleg rett ved UiO, Oslo (varamedlem i Bioteknologirådet, 2014-2018)

Espen Gamlund, professor i filosofi ved UiB, Bergen

Fern Wickson, vitskapleg leiar ved North Atlantic Marine Mammal Commission, Tromsø (medlem i Bioteknologirådet 2014-2018)

Aina Nilsen Bartmann, dagleg leiar i GMO-nettverket, Nesodden

Sigrid Bratlie, spesialrådgjevar i Kreftforeininga og Norsk Landbrukssamvirke, Oslo (tidlegare tilsett i sekretariatet i Bioteknologirådet)

Camilla Tøndel, overlege ved Haukeland Universitetssjukehus, Bergen

Siden ble opprettet: 18.11.2020. Siden ble oppdatert: 18.11.2020

Relevante temasider

Flere nyheter

Offentleg utval om genteknologi

18.11.2020

Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal greie.. Les mer »

Kronikk – Svangerskapsomsorg, tidlig ultralyd og den nye fosterdiagnostikken: Fem råd fra Bioteknologirådet

18.11.2020

Bioteknologiloven er en av Norges mest kontroversielle lover… Les mer »

BIOTEK 2020 – Hva nå?

17.11.2020

Rådet for legeetikk arrangerer i samarbeid med Bioteknologirådet.. Les mer »

I GENialt: Bidronningens hemmeligheter

21.10.2020

Hva vi putter i oss av mat, er.. Les mer »

I GENialt: Enkel blodprøve – kompliserte spørsmål

18.10.2020

Teknologien rundt analyse av fosterets DNA gir oss.. Les mer »

Sakskart til møte i Bioteknologirådet 16. oktober

15.10.2020

Tid: Fredag 16. oktober 2020 kl. 09.00-11.30 Sted: Sted: Digitalt,.. Les mer »

I GENialt: Genredigerte bananer – fremtiden for afrikanske bønder?

12.10.2020

Bananene på 1950-tallet smakte annerledes enn de vi.. Les mer »

Nobelpris til Charpentier og Doudna – CRISPR

07.10.2020

Årets Nobelpris i kjemi går til franske Emmanuelle.. Les mer »

I GENialt: Nye pingviner – nye gener

05.10.2020

I Akvariet i Bergen blir det stadig født.. Les mer »

I GENialt: DNA i politietterforskning

21.09.2020

De som har brukt sommeren til å se.. Les mer »

© 2020 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter