Mette
Publisert: 31. desember 2020

– Dersom desse cellene ikkje hadde blitt oppdaga, er det ikkje sikkert du og eg hadde vore i live, seier Stuart Jay Olshansky, forskar ved University of Illinois, til BBC.

I 1962 tok ei kvinne abort i Sverige. Det døde fosteret blei pakka inn i eit sterilt, grønt teppe og sendt til Stockholm. I USA fekk ein ung forskar, Leonard Hayflick, tilsendt celler frå fosteret. Den store oppdaginga hans var at celler kan dele seg rundt 40-60 gonger før dei døyr. Fenomenet fekk namnet Hayflick-limit, og forklarar kvifor menneske kan leve i opptil 120 år.

Hayflick oppdaga at cellene frå dette fosteret kunne dele seg rundt 50 gonger og var difor glimrande å dyrke i laboratoriet. Takka vere oppdaginga til Hayflick, fekk forskarar eit nytt verktøy som gjorde det mogleg å utvikle nokre av dei mest brukte vaksinane i verda. I dag blir cellene framleis nytta for å lage vaksine mot raude hundar.

Olshansky estimerer at cellene har hindra rundt 4,5 milliardar infeksjonar og spart 10,3 millionar liv.

Men historia har eit mørkt bakteppe. Den svenske kvinna visste ikkje at celler frå fosteret blei brukte i forsking. Ho blei først klar over det nokre år seinare då ein forskar tok kontakt med spørsmål om den medisinske historia hennar. I 1981 kom det eit påbod om å hente inn samtykke frå personar som donerer celler til forsking, men lovendringa gjeld ikkje bakover i tid. Fleire organisasjonar, mellom anna den katolske kyrkja, støttar likevel bruken av cellene på grunn av den enorme medisinske gevinsten.