Kommentar

I år er det 30 år sidan Bioteknologirådet blei oppretta, då under namnet Bioteknologinemnda. Det er tretti år som har vore prega av ei enorm utvikling innan gen- og bioteknologi, ei utvikling som har vist at dei etiske spørsmåla vi i Bioteknologirådet diskuterer berre blir viktigare.

Av Ole Frithjof Norheim

Bruken av den nye teknologien dreiar seg om det verkeleg store spørsmålet: Skal vi styre evolusjonen av menneska og naturen rundt oss?

Livet på jorda har alltid vore i endring, dagens plantar og dyr har alle utvikla seg over tid, men no er vi i startfasen av ein periode der vi menneske kan styre korleis menneske, plantar og dyr skal utvikle seg vidare. I takt med at vi kartlegg og lærer meir om arvematerialet til oss sjølve og naturen rundt oss, utviklar vi også teknologien som kan endre på dette arvematerialet. I kva grad skal vi endre på gen for å lage supermenneske og superplantar, og kva risikerer vi å miste ved å gå i den retninga?

Portrett av rådsleder Ole Frithjof Norheim
Ole Frithjof Norheim, leder i Bioteknologirådet

For dei som er sjuke i dag, kan det kjennast som om det tek lang tid før det kjem behandling som kan hjelpe akkurat dei, men ein finn stadig oftare samanheng mellom gena våre og sjukdom. Ny kunnskap gir betre behandling. Men kunnskapen skapar òg nye utfordringar. Skal vi bruke preimplantasjonsdiagnostikk på befrukta egg for å unngå at nokon får alvorleg sjuke barn? Og kva er eigentleg alvorleg? Skal vi teste alle som ønskjer å bli foreldre for å unngå at dei som ber på genvariantar som gir alvorleg sjukdom, gir dette vidare til nye generasjonar? Skal vi endre gena, for å utrydde alvorleg sjukdom for all framtid? Kva med forholdet mellom personvern og genetisk informasjon? Er det kanskje samfunnsøkonomisk rett å kartleggje alle, slik at vi kan hjelpe flest mogleg tidleg og bruke pengar og ressursar der det verkeleg trengst?

Med alt vi veit i dag, veks også lista over ting vi ikkje veit. Det kan verke fornuftig å endre på eit gen som er knytt til sjukdom, men kva om vi ikkje veit kva anna denne genvarianten verkar inn på?

Vi kan stille mange liknande spørsmål rundt bruken av genteknologi på plantar, dyr og mikroorganismar. Skal vi bruke genredigering for å finne fram til plantar og dyr som toler klimaendringane? Eller er risikoen ved å «tukle med naturen» for høg, og faren for at vi mistar mangfaldet vi har i dag for stor? Er det feil å bruke genteknologi for å løyse utfordringar rundt matproduksjonen i verda, og er dette noko vi eigentleg burde ha løyst med å fordele goda betre? Eller kan ein snu det heile på hovudet og spørje om det er uetisk å ikkje bruke genredigering, når verda står overfor ein kombinasjon av veksande befolkning og klimaendringar?

Det er desse samansette utfordringane som gjer at Bioteknologirådet, og det opplysningsarbeidet sekretariatet gjer, er så viktig. Rådet har i handlingsplanen sin vist til berekraftsmåla som peikar fram mot 2030. Ny teknologi kan gi betre helse og fremje matproduksjon. Samtidig må vi sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster og bevare og bruke havet og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling. Difor er det òg svært viktig at de, lesarane våre, er med i debatten om korleis vi skal nytte gen- og bioteknologi i den felles framtida vår.