Publisert: 28. juni 2021

Bioteknologirådet har fått to nye medarbeidarar våren 2021;
Eirik Joakim Tranvåg og Stine Hufthammer Indrelid.

Eirik Joakim Tranvåg
Seniorrådgjevar

Eirik er lege og har akkurat levert doktorgradsavhandlinga si om persontilpassa kreftmedisin og korleis skreddarsydd diagnostikk og behandling av kreft kan gjere det meir utfordrande å ta rettferdige prioriteringsavgjersler i helsetenesta. Han har og vore medlem i Klinisk etikk-komité i Helse Bergen i fleire år. Eirik er særleg interessert i ny medisinsk teknologi og etiske dilemma dei kan føre til, og ser fram til å jobbe med problemstillingar i skjeringspunktet mellom teknologi, vitskap og samfunn.

Stine Hufthammer Indrelid
Seniorrådgjevar – vikariat

Stine har bakgrunn frå genetikk og har ein doktorgrad i cellebiologi frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. I doktorgradsarbeidet og i seinare forsking har ho vore oppteken av korleis bakteriar og immunsystemet samhandlar i frisk og betent tarm, og seinare også i munnhola. Stine er særleg interessert i etikken rundt bruk av genteknologi og medisinsk bioteknologi. Moderne bioteknologi gjev mange nye moglegheiter til å studere, førebygge og behandle sjukdom, men kan også flytte grenser for kva vi meiner er etisk akseptabelt. Stine synest det er viktig at alle får ta del i debatten rundt kva som skal og bør vere lovleg.