Eirik
Publisert: 21. september 2023

Ved å skanne eit bilete av andletet finn kunstig intelligens ein egg- eller sæddonor som likner mest mogleg på den blivande forelderen. Internasjonalt er det stadig fleire som tilbyr denne teknologien, men vil den og komme til Noreg?

Internasjonalt er trenden tydeleg. Under ESHRE, verdas største kongress for assistert befrukting, i København i år var fleire kommersielle aktørar synlege i si marknadsføring av kunstig intelligens for donorutveljing. Metoden er stort sett den same: Først lastar ein opp eit portrettbilete av den som donor skal likne på. Deretter nyttast avanserte algoritmar til å analysere bilete, før programmet leitar seg gjennom ein database med bilete av donorar og finn den som liknar mest.

Stor variasjon i regelverk

Å finne ein donor som liknar på foreldra som skal bruke donoregg eller -sæd omtalast internasjonalt som donor-matching. I ein oversiktsartikkel frå 2022 har Rafał Łukasiewicz og Sonia Allan sett på korleis reguleringa av dette er i ulike land i Europa. Dei fleste landa i Europa har lovverk som avgrensar blivande foreldre sin rett til å sjølv velje donor. Slik er det i Noreg. Her seier rettleiinga frå Helsedirektoratet at «… behandlande lege bør velje ein donor som i størst mogleg grad liknar på foreldra som mottek behandlinga.». Nokre få land, som Danmark, har langt mindre regulering og her kan den eller dei som mottek behandling med assistert befruktning velje donor sjølv ut frå bilete og dels omfattande skildringar av donorane.

I Noreg vel legen

I tidlegare utgreiingar rundt bioteknologilova står det at ein bør freiste å velje ein donor med same høgde, hudfarge, hår- og augefarge som dei blivande foreldra. Men korleis gjer legen dette i praksis?

– Saman med kvinna eller paret har eg ein generell diskusjon om kva for trekk donoren skal ha. Deretter er det eg, som behandlande lege, som vel donor, seier Jon Hausken, medisinsk direktør og leiar av Klinikk Hausken, ein av Noregs største private fertilitetsklinikkar.

Jon Hausken, medisinsk direktør og leiar av fertilitetsklinikken Klinikk Hausken. Foto: Øystein R. Lundberg

For einslege kvinner, som dei siste åra har blitt ei stor gruppe som nyttar seg av donorsæd, er ikkje dette med likskap så viktig, ifølge Hausken. Men mange heterofile og lesbiske par ønskjer at donor skal likne på far eller mor. I nokre tilfelle hender det òg at ei kvinne eller et par heller vel å reise til Danmark, fordi dei ønskjer meir kontroll over donorutveljinga.

– Idéen om å bruke kunstig intelligens og ansiktsgjenkjenning er for så vidt ein god idé, men eg ser ikkje noko direkte bruk for teknologien hjå oss i dag. Mest av alt ser eg kanskje på det som ein gimmick og ein måte for kommersielle aktørar i utlandet å tene meir pengar på, seier Hausken.

Frå hysj-hysj til openheit

I artikkelen skriv Łukasiewicz og Allan at føremålet med å velje ein donor som likna mest mogleg på den blivande faren historisk har vore å skjule at paret har nytta donorsæd og assistert befrukting. Det same peikar Hausken på.

– Før var dette meir hysj-hysj. Då var behandlinga berre aktuell for heterofile par der mannen sine sædceller ikkje var befruktingsdyktige. Å velje ein donor som likna på mannen i parforholdet hjelpte para å halde barna sitt opphav skjult. I tillegg er mange av dei som mottek donorsæd i dag anten einslege kvinner eller kvinner i likekjønna parforhold. I slike familiar gir denne tankegangen mindre meining.

I dag er openheit rundt assistert befrukting og donorbehandling langt meir vanleg, og i tillegg er eggdonasjon blitt tillaten. Etter bioteknologilova har foreldrane plikt til å informere dei barna som har blitt til ved hjelp av donorsæd eller -egg om korleis dei har blitt til. Łukasiewicz og Allan peikar på fleire  grunnar til at donor-matching likevel kan vere etterspurd: Det kan gi barna større råderett over si eiga historie ved at det ikkje er beinveges synleg at dei har eit anna genetisk opphav. Vidare kan likskap mellom barn og foreldre forsterke familieband, tilhøyrsle og sosialt slektskap, samstundes som det kan skape avstand til donor. I likekjønna parforhold kan desse grunnane vere spesielt viktige, skriv Łukasiewicz og Allan.

Hårfargen til far – eller postmannen?

Sjølv om fysiske trekk som høgde og hår- og augefarge ofte går igjen frå foreldre til born, hender det at naboar og svigermor synes barnet liknar meir på postmannen enn sin far. For ikkje alle barn liknar veldig på sine genetiske foreldre. Eit barn sine fysiske særtrekk er i stor grad bestemt av genane til barnet, og når eggcella og sædcella smeltar saman etter befrukting, blandast genmateriale frå mor og far tilfeldig saman. Nokre gonger førar det til at barnet liknar mest på mor, andre gonger på far – og nokre gongar postmannen.

Og medan nokre trekk, som augefarge, blir bestemt av eit lite antal gen, blir andre og meir komplekse ansiktstrekk bestemt av mange gen. Og for å gjere det enda meir komplisert så blir utsjånaden òg påverka av livsstil og miljø. Eit enkelt døme er vekt, som påverkast av matinntak og fysisk aktivitet. Men miljøfaktorar spelar òg langt fleire og meir samansette rollar i korleis ein person ser ut. Epigenetiske   forandringar kan slå av og på gen utan å endre sjølve arvematerialet og soleis vere ei direkte kopling mellom arv og miljø. Det står att mykje arbeid før vi fullt ut forstår korleis epigenetikk påverkar oss både generelt, og rolla i utvikling av fysiske trekk.

GENialt har kontakta tre føretak som tilbyr kunstig intelligens for donorutveljing og bede om dokumentasjon på at dette faktisk resulterer i barn som liknar på sin donor; Fenomatch, IVI Fertility og Fairfax Cryobank. Ingen av dei tre har svara på førespurnaden.

Kjelde:
Łukasiewicz & Allan 2022 doi.org/10.1093/lawfam/ebac006
Det kan vere mange grunner til å velje ein donor som liknar på den blivande mora eller faren. Foto: iStock