Eirik
Publisert: 26. februar 2024

Verdas største database med komplette DNA frå 500 000 personar vart før jul opna for forskarar. Det kan gje nye gjennombrot for medisinsk forsking.

I snart 20 år har UK Biobank samla inn helseinformasjon frå 500 000 vaksne personar i Storbritannia. All informasjon du kan tenke deg har blitt samla inn: høgde, vekt, kosthald, medisinbruk, lungekapasitet, augetrykk, urinprøver, sjukehusinnleggingar, koronavirustesting og mykje meir. Ein viktig del av informasjonen har etter kvart vore å lese av DNA-et, arvestoffet, til deltakarane.

DNA er oppskrifta på kvar enkelt av oss og inneheld all informasjonen som krevjast for at alle cellene i kroppen skal fungere som dei skal. Små variasjonar i denne koden kan vere årsak til sjukdom og risiko for sjukdom. Ofte kan det vere eit samspel mellom fleire hundre ulike gen, som saman med livsstil og miljøfaktorar gjer at ein person blir sjuk.

Det er nettopp desse komplekse årsakssamanhengane forskarar ønsker å forstå når dei studerer store mengder helseinformasjon. Når DNA frå alle deltakarane no vart gjort tilgjengeleg opnar det for mykje spanande forsking på samanhengane mellom genetikk og sjukdom. Men trass i at forskarane no har 3 milliardar basepar tilgjengeleg frå kvar av dei 500 000 personane i biobanken er det ikkje nok. Det krev store mengder data å finne samanhengar når så mange faktorar er involverte. Soleis er frigjevinga berre eit første steg på vegen inn i den nye æraen.

Foto: iStock
Kjelde:
Callaway. Nature (2023) doi.org/10.1038/d41586-023-03763-3