Publisert: 9. mai 2025

Ruth Kleppe Aakvaag, den første sekretariatsleiaren i Bioteknologirådet (da Bioteknologinemda) og første redaktør av tidsskriftet GENialt, gikk bort i desember 2024.

Av Dag E. Helland, Lars Haarr og Rein Aasland, tidligere kollegaer av Ruth på dei dåverande institutta ved Det medisinske fakultetet, Universitetet i Bergen: Biokjemisk institutt og Felleslaboratorium for bioteknologi.

Ruth Kirsten Kleppe Aakvaag døydde 86 år gammal, 4. desember 2024, på Slettebakken aldersheim i Bergen. Ho voks opp i Bergen og tok ei svært brei realfagsutdanning ved Universitetet i Bergen: frå matematikk til biokjemi og pedagogikk.

Etter utdanninga vart Ruth adjunkt i 1964 og i 1966 vart ho vitskapleg assistent ved det nye Biokjemisk institutt. Ho tok hovudfagseksamen i biokjemi i 1968 og vart amanuensis og førsteamanuensis frå 1970 – 1991 i biokjemi ved UiB. Saman med den første mannen hennar, Kjell Kleppe, arbeidde ho som forskar i den nobelprisvinnande forskaren professor H.G. Khorana si gruppe ved University of Wisconsin frå 1968 til 1970 og seinare med Khorana ved Massachusetts Institute of Technology i Boston i 1974. Arbeida med Khorana omfatta kjemisk og enzymatisk syntese av arvestoffmolekyl og analyse av eigenskapane deira. Deler av desse arbeida gav grunnlaget for utvikling av den no såkalla PCR-metoden (Polymerase Chain Reaction), som gjer at små mengder genmateriale kan aukast opp i nok mengder for å løysa både medisinske og biologiske spørsmål. Det akademiske kollegium ved UiB tildelte Ruth Henrik Sundts Prisbelønning i 1994 «for hennes innsats i den forskinga som ligger til grunn for beskrivelse av prinsippene bak DNA polymerase kjedereaksjoner».

Frå fyrstninga av 1980-åra var ho sterkt engasjert i og ein viktig støttespelar for professor Kjell Kleppe sine forsøk på å styrka genteknologisk arbeid i Bergen og i Noreg. Dette resulterte i planlegging av det som no er Høyteknologisenteret i Bergen (HiB). Spesielt var ho med i detaljplanane for Bioblokka. Fram til 1989 utførte ho eit omfattande undervisningsarbeid innan biokjemi både for ulike studentgrupper og på ulike nivå. Ho var også medforfattar av læreboka «Biokjemi – en grunnbok» (1985, 4. utgåve i 2001), og i «Kursprogram for laboratorieøvelser i biokjemi», begge for gymnasnivå.

Med dei store utfordringane som utvikling av bioteknologi og genteknologi førte til, både for menneske og andre levande organismar, vedtok Stortinget genteknologilova i 1993 og bioteknologilova i 1994. Stortinget vedtok også at ei Bioteknologinemnd (kalt Bioteknologirådet frå 2014) med medlemmer utpeika av regjeringa, skulle opprettast. Ruth fekk jobben som første sekretariatsleiar i Bioteknologinemda i 1991 og hadde stillinga til 1998 og var fram til år 2000 seniorrådgivar for nemnda. Ho var også den første redaktøren for tidsskriftet «GENialt», frå 1992 fram til ho slutta som sekretariatsmedarbeidar.

Ruth deltok på mange internasjonale konferansar innan bioteknologi, human genetikk, patentspørsmål og dei etiske, samfunnsmessige og juridiske konsekvensane ved bruk av moderne bioteknologi. I OECD WP for Biotechnology var ho observatør. Ruth var sterkt engasjert i ulike tillitsverv ved UiB og på nasjonalt- og internasjonalt nivå, både som leiar i Norsk Forskerforbund frå 1980 – 1984 og som vararepresentant på Stortinget for Høyre. Ho pensjonerte seg i 2002.

Me hugsar Ruth som ein svært dyktig, engasjert og svært aktiv fagperson med omfattande kunnskapar og stor interesse på mange felt. Ho har sett djupe spor! Me lyser fred over minnet etter Ruth Kirsten Kleppe Aakvaag.