Vi søker seniorrådgjevar til Sekretariatet i Bioteknologirådet
Vi har no ledig ei 100% fast stilling som seniorrådgjevar i Sekretariatet i Bioteknologirådet – moderne bioteknologi. Arbeidsstad er ved Bioteknologirådet sitt sekretariat i Bergen, men du må rekne med noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
- Større faglege utgreiingar innan nemnde fagområde.
- Utetterretta verksemd.
- Utarbeide skriftlege faglege tekstar til det offentlege rommet.
- Noko administrative oppgåver som å skipe til møte m.m.
Vi søkjer ein person med desse kvalifikasjonane:
- Doktorgrad innan genteknologi, genetikk, bioteknologi, molekylærbiologi, cellebiologi eller stamceller.
- Minst 8 år relevant arbeidsrøynsle.
- Kurs og/eller forskingserfaring innan molekylær genetikk i både planter, dyr, mikroorganismar og menneske.
- Kommuniserer særs godt – både skriftleg og munnleg på engelsk og norsk. Du må òg meistre nynorsk skriftleg.
- Røynsle frå administrativt arbeid i staten.
- Det er ønskjeleg med relevante kurs i etikk/vitskapsfilosofi og forståing av tverrfaglege samfunnsordskifte.
- Erfaring frå formidlingsarbeid.
Personlege egenskapar
- Sjølvstendig.
- Aktiv.
- Samfunnsengasjert.
- Interesse for fagområda i Bioteknologirådet.
- God vurderingsevne.
- Fleksibel og omgjengeleg.
- Samvitsfull med gode samarbeidsevner.
- Du må vere skriveglad og ein god kommunikatør. Vi legg særleg vekt på breidda i dei faglege kvalifikasjonane dine og på god skrivetame.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Søknadsfrist
24. desember 2021
Les meir her.
