Kveik – ein bevaringsverdig norsk genressurs

Kveik, ein gjærsopp som truleg har vore brukt til å bryggje øl på Vestlandet i over 1000 år, har fått status som bevaringsverdig genressurs i Noreg. Men kva er eigentleg kveik? Og korleis har molekylærbiolog og genetikar Hans Geir Eiken (Nibio) og historikar Atle Ove Martinussen (Vestnorsk Kulturakademi) arbeidd for å kartleggje genetikken og historia til denne mikroorganismen? Det får du lære meir om i denne episoden av Biotekpodden.

Programleiar: Mette Risa

Foto: Svein Isungsæt Støve/Bioteknologirådet