På desse sidene finn du informasjon om materiell og aktivitetar som kan brukast i undervisning.
Nytt prosjekt for ungdomsskulen: Eit digitalt univers i livsvitskap og bioteknologi
I dette digitale universet kan eleven lage historiar og presentasjonar om kloning, genmodifisert mat, gentestar og mykje meir. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bioteknologirådet, UiO:Livsvitenskap og teknologiselskapet Creaza. Lansering 14. februar 2019.

Nytt prosjekt for vidaregåande skule: Følg bloggaren Genja
Bloggaren Genja vurderar å bestille gentest over internett. I dette prosjektet skal eleven gi råd til Genja og løyse oppgåver undervegs. Oppstart vinteren 2019. Prosjektet er eit samarbeid med Naturfagsenteret.
Temasider
På Bioteknologirådets temasider finn du informasjon som høver både for elevar og lærarar
.
Tidsskriftet GENialt
Tidsskrift frå Bioteknologirådet kjem både i papir og elektronisk utgåve. Det er gratis å abonnere.

Prosjekt: Ungdommens bioteknologiråd
«Ungdommens bioteknologiråd», eit skuleprosjektet om bioteknologi i vidaregåande skule. Prosjektet vart gjennomført våren 2015. Her kan du lese hva elevene sendte til ministeren. Her finn du meir informasjon om prosjektet.

Kurs for lærere
Bioteknologirådet held kurs for lærarar i vidaregåande skule. Vi kan tilby fagleg solide foredrag om utviklinga i moderne bioteknologi og om etiske spørsmål rundt teknologien. Vi kjem helst til samlingar for lærarar frå fleire skular. Kontakt oss på post@bioteknologiradet.no.

Bioteknologiskolen: Filmar om bioteknologi
Bioteknologirådet, Naturfagsenteret og Snøball Film har laga 10 korte undervisningsfilmar om bioteknologi. Til saman gir filmane ei fin oversikt over kva bioteknologi er, og kva det kan brukast til, saman med innblikk i nokre av dei etiske utfordringane som følgjer med. Filmane er laga for bruk i skulen og for alle som ønskjer ei rask innføring i bioteknologi. For meir informasjon og for å sjå filmane, gå til Bioteknologiskolen.