Assistert befrukting er metodar for å befrukte ei eggcelle, anten utanfor kroppen eller ved inseminasjon. Metodane er ein viktig del av behandlinga for ufrivillig barnlause slik at dei kan få eigne barn.

For nokre er assistert befrukting den einaste moglegheita til å få genetisk eigne barn. Den teknologiske utviklinga gjer at fleire kan få barn, og på fleire ulike måtar. Men bør alle dei ulike metodane vere lovlege? Og bør alle som vil kunne få eigne barn, om det er teknologisk mogleg å få det til?

I dag er assistert befrukting ein vanleg måte å lage barn på. Av om lag 55 000 barn som kvart år vert fødde i Noreg er rundt 5 prosent blitt til etter assistert befrukting. I 2019 vart 3137 barn fødde etter assistert befrukting, det høgste talet som er registrert. Det betyr at i ei vanleg norsk skuleklasse med 25 elevar vil det i gjennomsnitt vere ein elev som er blitt til etter assistert befrukting.

I 2019 vart 3137 barn fødde etter assistert befrukting. Foto: iStock

Kva er assistert befruktning?

Assistert befrukting er ei samlenemning av fleire metodar for å befrukte ei eggcelle. For å bli gravid må ei eggcelle smelte saman med ei sædcelle, og den befrukta eggcella må så feste seg til livmorveggen. Av ei rekke ulike grunnar kan dette vere vanskeleg, og val av metode for assistert befrukting avheng av kva som er årsak til infertiliteten.

Godkjende metodar er:

  • Inseminasjon: sæd frå anten kvinna sin partner eller ein donor føres inn i livmora
  • In vitro fertilisering (IVF): ei eggcelle frå enten den kvinnelege partnaren eller ei donor vert tilsett i ei skål med tusenvis av sædceller frå anten den mannlege partnaren eller donor. Befruktinga skjer ved at ei av sædcellene finner vegen inn i eggcella.
  • IVF med mikroinjeksjon (og kalla intracytoplasmisk spermieinjeksjon): Ved mikroinjeksjon injiserast ei sædcelle direkte inn i ei eggcelle på laboratoriet. Gjerast typisk når årsaka er dårleg sædkvalitet og spermiane kan hentast direkte ut frå mannens testiklar eller bitestiklar med ei nål eller ved eit lite kirurgisk inngrep.

Donasjon av egg- eller sædceller er òg metodar som er tilknytt assistert befrukting. Ved IVF er det ikkje tillat å bruke både donoregg og donorsæd (såkalla dobbeldonasjon) 

Antall barn fødd etter assistert befrukting 1990-2019. Figur: Eirik Joakim Tranvåg / Bioteknologirådet, basert på tal frå Medisinsk fødselsregister – statistikkbank

Kvifor treng nokon assistert befrukting for å få barn?

Det er fleire grunnar til at nokon blir ufrivillig barnlause. I heterofile forhald kan både kvinna og mannen av ulike medisinske grunnar vere infertile. Infertilitet er definert som regelmessig samleie utan prevensjon i eit år utan å bli gravid. Om lag ein tredjedel skuldast grunnar hjå kvinna, ein tredjedel skuldast grunnar hjå mannen, ein tredjedel hjå begge, og hjå ein liten andel finn ein inga årsak.

Det er fleire medisinske tilstandar som reduserer evna til å få barn. For kvinner er uregelmessig eggløysing, skada eller blokkerte eggleiarar, endometriose eller tidleg overgangsalder vanlege grunnar til infertilitet. For menn er lavt sædcelletall, dårleg sædcellekvalitet eller ejakulasjonssvikt dei vanlegaste grunnane til infertilitet.

Generelt er det og slik at fruktbarheita er fallande etter kvart som vi blir eldre. På starten av 1970-talet var gjennomsnittsalder på førstegongsfødande i Noreg rundt 23,5 år. Sidan då har gjennomsnittsalder auk og i 2019 var gjennomsnittsalder på førstegongsfødande i Noreg 29,8 år.

Ein annan årsak til ufrivillig barnlause kan vera fråvær av ein mannleg partnar. Einslege kvinner eller kvinner med ein likekjønna partner som ønsker å bli gravid med eigne eggceller treng ein sæddonor. Ein donor er óg naudsynt dersom ein mannleg partnar er steril. Andre gonger kan det vera kvinna som av medisinske grunnar ikkje har levedyktige egg. Då kan eggdonasjon vere eit alternativ.

Når eit par utgreiast for infertilitet kan hormonprøvar, sædprøve, og ulike formar for klinisk undersøking vere aktuelle. Det er viktig å avklare årsaka til infertiliteten slik at riktig form for assistert befrukting kan veljast.

Regelverket for assistert befrukting

Assistert befrukting er eit behandlingstilbod til barnlause og er ein del av tilbodet i den offentlege helsetenesta. Assistert befrukting er regulert i bioteknologilova. Lova seier at assistert befrukting kan utførast på gifte kvinner, sambuande kvinner i ekteskapsliknande forhald, eller til einslege. Øvre aldersgrense for kvinna er 46 år, som tydar at kvinna ikkje kan vere eldre enn 46 år ved inseminasjon eller innsetting av befrukta egg. Denne grensa gjeld både for offentlege og private klinikkar i Noreg.

I tillegg til infertilitet, einslege kvinner og kvinner i likekjønna forhald kan assistert befrukting òg nyttast om ein av partane er smitteførande med ein alvorleg og kronisk seksuell overførbar sjukdom, eller om kvinna er berar av ein alvorleg kjønnsbunden sjukdom. Bioteknologilova seiar også mykje om mellom anna informasjonsplikt, val av donor og korleis sæd, egg og befrukta egg kan lagrast.

Foreldre som har fått barn ved hjelp av assistert befrukting med egg- eller sæddonor har plikt til å informerer dei barna det gjeld så snart det er tilrådeleg. Dei som er fødde etter slik assistert befrukting har ved fylte 15 år rett til å få opplysningar om donor sin identitet. Før 1.januar 2021 var aldersgrensa 18 år, og denne grensa gjeld for alle som har vorte gravid med donert sæd før 1.januar 2021. Eit donorregister gjer det mogeleg for barn å eventuelt finne donor. Det er behandlande lege som skal gjere ei medisinsk og psykososial vurdering av søkjar eller paret. Her skal det leggjast vekt på omsorgsdugleik og omsyn til barnets beste. Dei som søkjar om assistert befrukting må også legge fram ein barneomsorgsattest. I nokre tilfelle kan det vere tvil om dugleiksevna til søkjarane. Då kan behandlande lege innhente meir opplysningar om til dømes helse, økonomi og buførehald. Ei slik innhenting krev samtykke frå søkjar. I særleg vanskelege avgjersler kan legen og be om at ein ekstern instans gir ei vurdering av omsorgsdugleiken.

In vitro fertilisering, IVF

Behandlinga startar med hormonbehandling av kvinna. Føremålet er å modne fleire egg samstundes, slik at dei kan befruktast og sjansen for å lukkast med behandlinga aukar. Nokre få kan overreagere på hormonbehandlinga og få uønskte biverknadar . Om ein får fram mellom seks og ti modne egg reknast dette som eit gunstig tal. Egga hentast ut frå eggstokkane i eit mindre inngrep gjennom skjeden, som gjerast i lokalbedøving. Dei fleste har menstruasjonsliknande smerter under uttaket, og kan ha smerter i timane etterpå. Om alt går som det skal reiser kvinna heim same dag.

Laboratorietekniker bruker mikro-nål til å befrukte en eggcelle.
Intracytoplasmisk spermieinjeksjon, der ei sædcelle førast inn i egget med ei glaspipette (Foto: Science Photo Library/ Scanpix)

Dei modne egga blandast med sæd i ei skål i laboratoriet, og dei første teikna til befrukting overvakast i eigne varmeskap. Om sædkvaliteten er dårleg, eller den vanlege IVF-metoden ikkje har vore vellukka tidlegare, kan ein gjere ein intracytoplasmisk spermieinjeksjon. Her blir ei enkelt sædcelle føra inn i egget ved hjelp av ei tynn glaspipette. Sjølv om sædcelle her puttast direkte inni eggcella er det ikkje alltid egget blir befrukta.

Trinna i ei IVF-behandling. Figur: Eirik Joakim Tranvåg, basert på figur av Sigrid Bratlie/Bioteknologirådet

Sjølve befruktinga skjer vanlegvis innan 18 timar. Dei befrukta egga følgjast vidare i to til fem dagar for å sjå korleis dei utviklar seg. Det er ikkje alle dei befrukta egga som har ei normal utvikling. Egget som vurderast til å ha best kvalitet setjast så tilbake i kvinna si livmor. Då nyttast ein tynn slange som førast gjennom skjeden og inn i livmora. Prosedyren er ikkje rekna som smertefull.

Tidlegare var det vanleg å setje inn fleire befrukta egg, men då fleirlingsvangerskap er den største  risikofaktoren for både mor og foster er det no vanleg å setje inn berre eit befrukta egg. Generelt ser risikoen for små eller store misdanningar hjå fosteret ut til å vere noko høgare for dei som er blitt til ved hjelp av assistert befrukting. Ein nordisk studie frå 2018 fann at det var eit 0.5 prosentpoeng auka sannsyn for at barn fødde etter assistert befrukting hadde misdanningar. Det er i uklart om det er metoden i seg sjølv som aukar risikoen, eller om det er knytt til årsakene til infertiliteten hjå kvinna.

Nedfrysing av kjønnsceller og befrukta egg

Befrukta egg som er til overs og ikkje setjast inn i livmora kan frysast ned og lagrast inntil kvinna er 46 år gamal. Slike lagra egg kan og nyttast til assistert befrukting dersom far som har befrukta egga dør. Lagra sæd frå avdøde kan og nyttast til assistert befrukting, men det må i begge tilfella dokumenterast at det er i tråd  med avdøde sitt ønskje, og den gjenlevande ektefellen eller sambuaren må vere einsleg.

Den reviderte bioteknologilova tilet no også at kvinner frys ned eigne ubefrukta egg. Dette har tidlegare vore tillaten ved nokre medisinske høve, som til dømes før enkelte formar for kreftbehandling eller andre behandlingar som kan påverke befruktingsevna. No er det og tillèt utan ein medisinsk grunn. Dette vert ofte omtala som sosial nedfrysing, og må betalast for privat.

I Noreg er alderen på førstegongsfødande kvinner aukande, og nokre kvinner når slutten av sin reproduktive alder utan å ha fått barn. Dette kan vere bevisst hjå enkelte, då nokon ikkje ønskjer å få barn. For andre kan det vere andre val i livet som spelar inn, som til dømes å ikkje ha funne ein partnar. Det kan og vere grunnar på samfunnsnivå som spelar inn, til dømes krav til høgare utdanning og arbeidssituasjon. For nokre kvinner kan derfor lagring av egg til seinare bruk vere eit alternativ.

Donasjon av egg eller sæd

Det er ikkje alltid mogleg å bli gravid med eigne egg- eller sædceller. Då kan egg eller sæd frå ein annan person nyttast – ein donor. Om ein nyttar ein eggdonor vil ikkje kvinna som går gravid og føder barnet vere barnets genetiske mor. Og om ein nytter ein sæddonor vil ikkje den eventuelle mannlege partneren bli barnets genetiske far. I begge høva vil dei på alle andre måtar reknast som barnets forelder. Assistert befruktning basert på både donert egg og donert sæd, såkalla dobbeldonasjon, er ikkje lov – med eit unntak for kvinner i likekjønna forhold kor ei av kvinnene kan donere egg og den andre bere fram barnet. Embryodonasjon er heller ikkje lov, noko som betyr at einslege kvinner berre kan få assistert befrukting dersom ho kan nytte eigne egg.

I 2009 fikk også likekjønnede kvinnelige par mulighet til å få assistert befruktning i Norge. (Illustrasjonsfoto: iStock)
For kvinner i likekjønna forhald er donasjon av både egg og sæd tillét. Illustrasjonsfoto: iStock

Surrogati

Surrogati er når ei kvinne blir gravid og føder eit barn for andre. Surrogati er ikkje tillate, korkje i Noreg eller andre nordiske land. Surrogatmora kan vere barnets genetiske mor, ved at ein nyttar hennar eggcelle, men ho kan òg vere utan genetisk slektskap til barnet. Då nyttast både donert egg og sæd. I dei fleste land er det kvinna som føder barnet som reknast som barnets juridiske mor, og etter fødselen blir barnet derfor adoptert bort til paret eller personen som skal bli barnets sosiale og juridiske forelder.

Surrogati nyttast mellom anna av menn som er i eit parforhold til ein annan mann og som ønskjer eigne barn og av kvinner som sjølv ikkje kan bera fram eit barn og som ønskjer eigne genetiske barn. Det er vanleg å skilje mellom ubetalt og betalt surrogati, ofte omtala som altruistisk og kommersiell surrogati. Ved altruistisk surrogati kan surrogatmora typisk vere ein ven eller slektning av dei som ønskjer seg barnet, og får berre dekka utgifter i samband med graviditet og fødsel. Ved kommersiell surrogati får surrogatmora, og eventuelt andre, betaling for tenesta i tillegg.

I nokre land, som i USA, er begge formane for surrogati tillèt. Andre land tillèt berre altruistisk surrogati, medan det i mange land er begge formane for surrogati forbode. Nokon vel derfor å reise til land der surrogati er tillét, for å oppfylle draumen om eigne barn. Korleis surrogati praktiserast i ulike land varierer mykje.

Framtidas moglegheiter

Utviklinga i det som omtalast som avanserte reproduksjonsteknologiar (advanced reproductive technologies) er rask, og ligg stort sett alltid framfor det som er tillèt og tilgjengeleg i Norge. Difor kan ein vere rimeleg trygg på at det òg vil komme fleire etiske problemstillingar i framtida.

Kunstig eller donert livmor

Medan teknologien kan hjelpe i stadig fleire av trinna i prosessen fram til å skape eit barn, må det mest tidkrevjande og kanskje tyngste arbeidet enno gjerast av kvinna sjølv: graviditeten. Men kanskje kan òg svangerskapet erstattast av teknologi. Forskarar har i fleire tiår prøvd å utvikle ei kunstig livmor. I 2018 kunne vi i media lese om lam som vart født etter å ha lagt fire veker i ei kunstig plast-livmor. (Link til sak i genialt) og i 2021 greidde israelske forskarar å dyrke fram myseembryo utanfor livmora (Link GENialt #2 2021) . Vil dette bli mogleg også hjå menneske? Og er det ønskeleg?

Ein annan metode har vore forsøkt mellom anna i Sverige. Der vart det i 2014 fødd eit barn som hadde utvikla seg inne i ei transplantert livmor. Mor til barnet hadde fått ei livmor frå ein anna kvinne. I ei oversiktsstudie frå 2021 (Jones et al. 2021) er fleire titals slike inngrep kjende internasjonalt, og over 20 barn har blitt født.

Egg- og sædceller frå hudceller

Denne fullvaksne musa er fødd av to kvinne-mus og har no fått eigne musebarn. Foto: Leyun Wang.

I 2017 gjekk bilete av søte, små museungar verda rundt. Musene hadde blitt til frå hudceller i eit laboratorium. Dette starta ein debatt om metoden òg ville bli mogleg for menneske. Om det blir mogleg, vil det opne mange dørar. For hudceller kan takast frå ein kvar levande person, noko som betyr at alle, uavhengig av alder, vil kunne få barn. Behovet for eggdonasjon vil ikkje lenger vere til stades.

Etiske problemstillingar

Diskusjonane om kven som skal kunne bli foreldre og ikkje, kan bli kjensleladde. Desse spørsmåla er for mange djupt personlege og angår enkeltpersonar eller par som kan sjå på teknologien som den einaste moglegheita til å realisere eit viktig livsmål. Forskjellar i synet på bruk av reproduksjonsteknologiar kan og komme av at ein har ulikt syn på kven som er dei viktigaste partane i spørsmåla og kva for verdiar og omsyn som er viktigast. I vanskelege etiske debattar er det ofte gode argument på begge sider av saka, og utfallet er i stor grad avhengig av korleis ein vekter desse argumenta.

Retten til å få barn

Dei fleste vaksne ønskjer seg eigne barn. Nye metodar for assistert befrukting har ført til mange diskusjonar om det er ein rett å få barn – og om innføring av metodar for assistert befrukting òg betyr ein rett til å få samfunnets hjelp til å få barn, om metodane kan sjåast på som etisk akseptable.

Det er ulike syn på om barnløyse er ein sjukdom eller ikkje, men dei aller fleste aksepterer at det kan vere ei stor belastning å ikkje kunne få eigne barn dersom ein ønskjer seg det. Det er derfor liten tvil om at assistert befrukting fyller eit stort behov.

Barnets beste

I mange land som har lovregulering for assistert befrukting, setjast det krav om at barna som blir fødd skal sikrast så gode oppvekstvilkår som mogleg.

Dei fleste barn som blir fødde blir til utan teknologisk hjelp. Samfunnet har då, med særs få unntak, ikkje anledning til å regulere kven som kan få eigne barn. For assistert befrukting meiner mange at samfunnet i større grad kan bestemme kven som skal få barn, fordi det med den teknologiske hjelpa og følgjer eit større ansvar – om staten har bidrage til at eit barn blir til, har det og eit større ansvar for at barnet får eit så godt liv som mogleg.

Likestilling

Nokre av debattane om assistert befrukting handlar om likestilling. Diskusjonen om eggdonasjon er eit døme. Eit argument for eggdonasjon er at kvinner bør ha lik rett som menn til å donere kjønnsceller. Nokre vil òg meine at det er urettferdig at likekjønna mannlege par og einslege menn ikkje har moglegheit til å få eigne genetiske barn. Dei treng ei surrogatmor for å få dette til. Motstandarar av surrogati kan godt anerkjenne dette argumentet, men meine at surrogati òg inneber så mange andre etisk krevjande val at det likevel ikkje bør tillatast i Noreg.

Spørsmål til diskusjon:

  • Når ein einsleg person får barn ved hjelp av assistert befrukting har barnet berre ein forelder. Mange meiner at dette gjer barnet meir sårbart. Samtidig har mange norske barn ei god oppvekst hjå aleineforeldre. Kva meiner du om dette?
  • Assistert befrukting med eggdonasjon eller med lagra ubefrukta egg gjer det mogleg for kvinner å bli gravid i høg alder. Bør det vere ei øvre grense for assistert befrukting? Bør det og vere ei grense for menn?
  • Eggdonasjon kan vere ubehageleg og inneber òg en liten risiko for donoren. Nokon meiner også at det er ein forskjell på å donere egg og sæd, sidan det frå naturen si side er slik at kvinna som føder barnet alltid er barnets genetiske mor, og det ikkje alltid er slik at partnaren hennar er barnets genetiske far. Er det viktige ulikskap mellom sæd- og eggdonasjon?
  • Dagens norske lovverk tillèt ikkje at ei kvinne blir gravid og føder eit barn for ein annan person. Er det riktig å nekte ei kvinne å vere surrogat for ei søster eller venninne, sjølv om ho er fullt informert og kjenner risikoen? Er det greitt å betale ei kvinne i eit anna land for å føde barnet ditt om ho gjer dette for å tene pengar?
  • Lagring av ubefrukta egg gjer det mogleg å utsetje det å få barn i mange år. Nokon meiner dette kan føre til at graviditet er noko som kan utsetjast og nedprioriterast, og at det kan presse kvinner til å prioritere karrieren før det å få barn. Andre meiner at dette må kvinner sjølv få bestemme, og at fordelen med å fryse egg er at ho kan unngå uro for at ho seinare skal få vanskar med å bli gravid – anten fordi ho ikkje har ein partner, eller fordi eggkvaliteten er lågare. Kva tenkjer du om dette?

Innhaldet på denne sida ble sist oppdatert i januar 2022. 

Send oss ein e-post om du har kommentarar eller spørsmål til innhaldet.