God helse er ein av dei viktigaste føresetnadane for eit meiningsfullt og godt liv. Kva er dei viktigaste globale helseutfordringane, og korleis kan moderne bioteknologi brukast til å betre helseforholda i land verda over?

Global helse er eit omgrep som handlar om korleis ein på medisinsk og samfunnsvitskapleg grunnlag kan betre folkehelsa i verdas land. Dette kan innebere medisinske tiltak som førebygging og behandling, men òg politiske, økonomiske og teknologiske verkemiddel til dømes i forbindelse med matproduksjon, hygiene og utdanning. Mykje av det globale helsearbeidet rettar seg mot lav- og mellominntektsland. Koronapandemien har likevel vist at nokon helseutfordringar verkeleg kan vere globale.

Det er ikkje full einigheit om terminologien i global helse. Eldre omgrep som utviklingsland (u-land), den tredje verda og det globale sør er ikkje mykje brukt lenger. Verdsbanken si inndeling i låg-, mellom- og høginntektsland, basert på økonomi og brutto nasjonalinntekt, har vore meir brukt i dei seinare åra. Dette har også nokre problematiske sider, som mellom anna at ein høg del av verdas aller fattigaste bur i mellominntektsland som India og Kina. Det er difor mange som meiner at slike inndelingar av land ikkje bør nyttast, og at ein til dømes heller skal nytte geografi eller indeksar om det er naudsynt å omtale grupper av land.

Koronapandemien

Spreiinga av SARS-CoV2-viruset i frå 2020 og framover har vore ei global sjukdomskrise der sjukdommen kan ramme deg enten du bur i New York eller Addis Abeba. Sjølv om pandemien har råka alle land i verda hardt, er det òg klart at den har syna ulikskapen i global helse og råka mange låginntektsland ekstra hardt. Fordelinga av smittevernutstyr, testutstyr, og ikkje minst vaksiner har vore avgjort av land sin kjøpekraft og prioritering av eigne interesser, heller enn ei rettferdig global fordeling.

Sett vekk frå fordelingspolitikken er likevel utviklinga av vaksiner mot koronaviruset ein stor bioteknologisk suksess. På under eit år vart det utvikla fleire effektive mRNA-vaksiner, som har vore særs viktige i arbeidet med å kontrollere pandemien. Samstundes har det blitt synleg at denne vaksineteknologien ikkje er eit verktøy som er like tilgjengeleg for alle. Vaksinane er dyre og er avhengig av eit distribusjonssystem med nedkjøling  som gjer at desse vaksinane ikkje er reelt tilgjengelege i mange land. Koronapandemien viser at i ein slik global sjukdomskrise kan ein fort komma i ein situasjon der dei kanskje mest folkerike og etterkvart hardast ramma områdane berre får tilgang på vaksiner basert på eldre teknologi – vaksinar som kan ta lengre tid å utvikle og kanskje har dårlegare effekt.

Koronaviruset har råka barn hardt. Foto: iStock

Sjukdom rammar ulikt

Tradisjonelt har global helse først og fremst omhandla infeksjonssjukdommar og mødre- og barnehelse. Sjukdomar som HIV/AIDS, tuberkulose, malaria, lungebetennelse og diaré har tatt, og tar framleis mange liv, spesielt i Afrika sør for Sahara. Sjukdom og skadar på mødrer og nyfødde har òg stor påverknad. Underernæring, luftforureining, ureint vatn og dårlege levekår er viktige risikofaktorar for desse sjukdommane. Manglande tilgang på moderne diagnostikk, vaksinar og medisinar, inklusiv dei utvikle med moderne bioteknologi utgjer, aukar også sjukdomsbyrda.

I fattige land er barn og mødrer særleg utsette for helseproblem. Foto: iStock

Etter kvart som levekåra har blitt betra for stadig fleire og levealderen aukar, har òg sjukdomsspekteret utvida seg. Det som omtalast som ikkje-smittsame sjukdommar (NCDs), til dømes kreft, hjartesjukdommar, diabetes og KOLS er no opphav til sjukdom og død òg i låginntektsland. Dei landa som frå før hadde store utfordringar med infeksjonssjukdommar har no ein dobbel byrde med desse ikkje-smittsame sjukdommane i tillegg. Samstundes vil tilgangen til forskingsinformasjon relevant for eigen befolkning, til dømes genetisk informasjon og tilhøyrande nye behandlingsstrategiar, vere langt lågare enn i land som Noreg. (Les meir i: Afrika tek kontroll over eigne gendata)

Dei ti vanlegaste årsakene til helsetapsjusterte leveår i Noreg og Etiopia i 2019. Blå farge viser ikkje-smittsame sjukdommar, raudt er infeksjonssjukdommar og mødre- og barnehelse, medan grønt er skadar og ulukker. Figuren er tilpassa etter Global Burden of Disease-data frå Institute of Health Metrics and Evaluation

Globalisering, urbanisering og befolkningsvekst bidrar til økt spreiing av smittsame sjukdommar, noko som koronapandemien er eit døme på. Det er òg eit aukande problem at bakteriar og andre mikrobar, som for eksempel malariaparasitten, utviklar resistens mot tilgjengelege legemiddel. Antibiotikaresistens er allereie i dag eit stort problem i mange land.

Klimaendringar vil òg kunne gjere at smittsame sjukdommar blir spreidde til nye område ved at organismane som overfører infeksjonssjukdommane, som til dømes malariamyggen, kan leve i nye område. Klimaendringar vil og endra forholda for matproduksjon. Dømer på dette er tørke, flaum og utbreiinga av skadedyr. Dette er særleg ille i område der matproduksjonen allereie er låg og under- og feilernæring allereie utgjer ein stor del av helseproblema.

Store framsteg, men enno ikkje i mål

FNs berekraftsmål er 17 globale felles mål for innan 2030 å utrydde fattigdom, minske ulikskap og stanse klimaendringar. Helse er eit gjennomgåande tema. Sjølv om det i stor grad er grunnleggjande og ikkje spesielt teknologiske helsetiltak som vil vere viktig for å nå desse måla, kan òg bruk av bioteknologi spele ei viktig rolle i alt frå lokalt tilpassa matplantar og auka matproduksjon, til å førebyggje og behandle sjukdommar som mellom anna aids, tuberkulose og malaria. Eit døme er den nye vaksina mot malaria, som vart godkjend i 2021.

Vaksinar som polio-vaksina kan spele ein viktig rolle i å sikre og fremje god helse. Foto: iStock

Nær halvparten av befolkninga i verda lever i område med malaria.  Årsaka til denne febersjukdommen er parasitten Plasmodium, som spreiast av Anopheles-mygg. WHO registrerte 241 millionar tilfelle av malaria i 2020, eit tal som har vore nokså stabilt dei siste tjue åra. 93 prosent av dødsfalla grunna malaria skjer i Afrika sør for Sahara.

Malariamyggen kan få større utbreiing grunna klimaendringar. Foto: iStock

Insektnett, insektspray og ulike legemiddel som førebygger infeksjon har vore viktig i kampen mot malaria. Etter fleire tiår med arbeid vart det i 2021 òg godkjend ei ny vaksine mot malaria. I Mosquirix-vaksina er det nytta genteknologi til å framstille eit protein som liknar eit av malariaparasitten sitt overflateprotein. Gjærsopp vart genmodifisert for å produsere proteinet, som i tillegg til parasittproteinet inneheld deler av eit hepatitt B-virusprotein.

Sidan 1990 er talet på barn under fem år som døyr meir enn halvert i verda. Framleis har likevel barn fødde i land sør for Sahara mange gonger høgare risiko for ikkje å overleve femårsdagen sin enn barn i høginntektsland. Medan dødelegheita for barn i Noreg i 2019 var på 2.4 pr. 1000, var den i Nigeria på 117 pr. 1000. Ein av mange grunnar til dette er malaria. Nesten ein tredjedel av alle malariadødsfall skjer i Nigeria, og barn under fem år står for 80% av desse.

Barn som veks opp i fattige område er òg utsette for infeksjonar i nedre luftvegar og for diaré. I låginntektsland var infeksjoner i nedre luftvegar årsak til 15 prosent av alle dødsfall for barn under fem år i 2019.  Diaré var årsak til like mange dødsfall. Her er tilgang til reint drikkevatn viktig for å forebygge sjukdom. Globalt er talet på dødsfall hos kvinner i samband med graviditet og fødsel redusert med om lag 43 prosent frå 1990 til 2017. Ifølge Verdshelseorganisasjon, WHO, døyr likevel framleis om lag 830 kvinner kvar dag i samband med komplikasjonar under graviditet og fødsel. 99 prosent av alle dødsfalla er i låg- og mellominntektsland.

Mat og ernæring er viktig for global helse. Data fra WHO koplar nesten halvparten av alle dødsfall hjå barn under fem år til underernæring. Dei fleste av desse skjer òg i låg- og mellominntektsland. Paradoksalt nok er det òg ei auke av barn med overvekt og fedme i dei same landa.

Kva kan moderne bioteknologi bidra med?

For å førebygge og behandle sjukdommar kan moderne bioteknologi spele ei viktig rolle. Men forsking på bioteknologi krev ofte mykje laboratoriekapasitet, utstyr og kompetanse, og det er dyrt å utvikle vaksinar og medisinar. Likevel finst det ei rekke initiativ for å ta i bruk moderne bioteknologi i helsearbeidet. India har for eksempel bygd opp ein eigen farmasi- og biotekindustri, og i Sør-Afrika er det kliniske forsøk for å utvikle vaksine mot hiv. Det er òg fleire samarbeidsprosjekt mellom høg og låginntektsland for å løyse ulike helseutfordringar. Eksemplar der moderne bioteknologi kan bidra til å betre helsa for befolkningar i låginntekstland:

  • Analysemetodar for å overvake/sikre trygt drikkevatn
  • Tilpassa testar for diagnostikk og smittesporing av lokalt relevante infeksjonssjukdommar
  • Medisinar og vaksinar tilpassa samfunnstrukturane i låginntektslanda der dei trengs
  • Matplanter tilpassa lokale forhold, for økt produktivitet og avlingsføreseielegheit
Moderne bioteknologi kan betre matproduksjon. Eit forskingsprosjekt ser på bruk av genredigering for å unngå sjukdom på kokebananar, som er ein av dei viktigaste matvarene på det afrikanske kontinentet. Illustrasjonsfoto: iStock

Spørsmål til diskusjon:

  • Korleis kan ein sørge for at meir ressursar blir tilgjengelege for forsking på sjukdommar som rammar folk i låginntekstland hardast?
  • Kven bør betale dersom ein skulle sikre at land som ikkje har råd skal få same tilgang på nye og moderne vaksiner som oss i høginntektsland?
  • Kan det forsvarast å prøve ut eit legemiddel på populasjonar i eit låginntekstland, fordi ein sjukdom er vanleg der, samstundes som ein veit at det landet ikkje vil ha råd til å kjøpe legemiddelet når det blir godkjend? 
Kjelder:
https://sml.snl.no/global_helse 
https://vizhub.healthdata.org/gbd-compare/
https://www.who.int/news-room/fact-sheets/detail/malaria

Innhaldet på denne sida vart sist oppdatert i desember 2021. Send oss ein e-post dersom du har spørsmål eller kommentarar til innhaldet.