Meir om strukturen til DNA-molekylet
Du finn meir informasjon om strukturen til DNA-molekylet på temasiden om arv og genetikk.
Fleire genteknologimetodar
Hybridisering
Eit sentral prinsipp i mange av dei teknikkane ein brukar for å studere DNA (og RNA) er hybridisering. Her tek ein utgangspunkt i at DNA-et er bygd opp av to DNA-trådar på ein slik måte at basane A og T på motståande trådar alltid er kopla saman og basane G og C på motståande trådar alltid er kopla saman. Vi seier at trådane er komplementære. Dersom ein har baserekkjefølgja i den eine tråden, veit ein altså kva basar ein har i den andre tråden.
Dersom ein syntetiserer korte enkelttråda DNA, såkalla probar, kan ein få desse til å binde seg til nykleinsyrene (DNA eller RNA) ein studerer. Desse probane kan ein kople til radioaktivt merka stoff eller fluorescerande stoff slik at ein kan finne dei igjen når ein brukar dei i analyser.
Ved hybridisering er temperatur viktig. DNA-et er dobbelttråda ved normale fysiologiske temperaturar. Dersom ein varmar opp DNA-et, vil trådane gå frå kvarandre, dei denaturerer. Når ein senker temperaturen igjen vil trådane finne saman att. Dersom ein har høg temperatur her må det vere fullstendig samsvar mellom trådane. Dersom temperaturen er lågare vil og trådar og probar som ikkje har heilt samsvar kunne binde saman.
Hybridisering er prinsippet bak mange av dei analysemetodane ein brukar innan genteknologien blant anna PCR-metoden (lenke), moglegheita for å analysere genvariantar ved mikromatrise (lenke), moglegheita for å finne det genet ein er ute etter (lenke), in situ hybridisering der ein fargar deler av kromosoma, heile kromosom eller enkeltgen for å finne ut kva kromosom eit gen ligg på eller for sjå etter RNA-molekyl i cella.
Sekvensering
For å finne rekkjefølgja på basane i eit gen eller eit anna DNA-området, kan ein sekvensere DNA-et. I staden for å utføre PCR der ein få ei mengde av det same produktet, deler ein DNA-prøva på 4 ulike røyr. Til kvar av desse tilset ein det same som i ein vanleg PCR-reaksjon, men i tillegg tilset ein ei modifisert form av ein av dei fire basane, A, C, G; og T. Desse modifiserte basane er laga slik at kopieringa av DNA-et stoppar opp dersom desse byggjesteinane blir brukte. Dermed får ein danna DNA-trådar med ulike lengde i dei ulike prøvane. Desse kan etterpå analyserast på ein sekvenseringsgel slik at ein ser kva lengde det er på dei ulike produkta og dermed kan ein lese av basesekvensen.