Sidan desse informasjonshefta kom ut i 2010 har det skjedd fleire endringar:
- PGD, som står for preimplantasjonsgenetisk diagnostikk, heiter no PGT – preimplantasjonsgenetisk testing.
- PGD-nemnda, som tidlegare var dei som vurderte og godkjende søknadar, vart nedlagd i 2020, og ansvaret for vurdering av søknadar ligg no hjå St.Olavs hospital i Trondheim og Rikshospitalet i Oslo. Desse er òg ansvarleg for organisering av sjølve prosessen, mellom anna dei genetiske analysane som framleis må gjerast i utlandet.
Bioteknologirådet har ei eiga temaside om PGT/PGD med oppdatert informasjon.
PGD kan vere aktuelt for par som:
- veit at det er ein arveleg sjukdom i familien og ønskjer å få eit barn utan arveanlegg for denne sjukdommen
- har fått barn med ein alvorleg, arveleg sjukdom
- har hatt fleire spontanabortar som skuldast kromosomavvik hos ein av dei
Spesialisthelsetenesta vurderer søknader om å få ta i bruk PGD.
Brosjyren inneheld kort informasjon om PGD for at par det er aktuelt for, får kjennskap til tilbodet.
Last ned
- PGD-brosjyre, bokmål (pdf) (frå 2010)
- PGD-brosjyre, nynorsk (pdf) (frå 2010)
- PGD-brosjyre, engelsk (pdf) (frå 2010)