Mitokondriedonasjon er ein metode som gjer at kvinner med genfeil i mitokondriane kan få biologiske barn utan sjuke mitokondriar. Metoden overfører cellekjernen frå kvinna si eggcelle til ei donor-eggcelle med friske mitokondriar. Det er ukjend kva konsekvensar metoden vil kunne få for framtidige barn og deira etterkommarar.

Trass i at metoden blir kalla mitokondriedonasjon, så er det i praksis snakk om ei cellekjerneoverføring gjort i samband med assistert befrukting. Cellekjernen frå kvinna si eggcelle vert overført til ei kjernelaus eggcelle frå ein donor som har friske mitokondriar. Bruken av mitokondriedonasjon er både ein diskusjon om tryggleik for barnet som blir til, og ein etisk diskusjon om arveleg genetisk endring av menneske.

Kva er mitokondriar?

Mitokondriar er som små kraftverk i cellene våre der dei omsett energi; frå maten vi et, til energi som cellene kan nytte. Dei er ein type organell, som ligg utanfor cellekjernen i cellene si cytoplasma. Celler med høgt energibehov, som til dømes muskel- og nerveceller, har fleire mitokondriar enn celler med lågt energibehov. Nokre menneske har meir effektive mitokondriar enn andre, og kan produsere energi meir effektivt.

Mesteparten av arvematerialet vårt, DNA, ligg som kromosompar i cellekjernen, men ein liten del ligg i mitokondriane. Figur: Håvard Øritsland Eggestøl/Bioteknologirådet

Alle menneske arvar sine mitokondriar frå mor og ei eggcelle inneheld om lag 100 000 mitokondriar. Sædcellene har berre eit fåtal mitokondriar, naudsynte for å gje cellene rørsleevne til å symje fram til eggcella. Desse er lokalisert i midten av sædcella og følgjer difor som hovudregel ikkje med når sædcella sitt hovud smeltar saman med eggcella.

Mitokondriane har sitt eige DNA med 16 569 basepar. Til samanlikning har DNA-et i ei cellekjerne om lag tre milliardar basepar. DNA-et i mitokondriane har oppskrifta til eit lite antal protein som er naudsynte for at mitokondriane skal fungere normalt. Dei fleste proteinkodande gen som er naudsynte for mitokondriane sin funksjon ligg saman med alle dei andre gena våre i cellekjernen sitt DNA.

Mitokondriesjukdom

Mitokondriesjukdom skuldast genfeil i DNA som inneheld oppskrifta til protein. Desse proteinane er viktige for korleis mitokondriane fungerer. Genfeila kan oppstå både i kjerne-DNA og i mitokondrie-DNA, men det er berre for sistnemnde at mitokondriedonasjon kan vere til nytte. Typisk for mitokondriesjukdommar er at dei rammar organ som krev mykje energi, som til dømes musklar, auge, hjarte og nervesystemet. Kor alvorleg mitokondriesjukdommen er avheng av kor dårleg mitokondriane fungerer. Dei mest alvorlege formane for mitokondriesjukdom byrjar tidleg i livet og er som oftast dødeleg. Gravide som er mitokondriesjuke sjølve, har auka risiko for spontanabort og andre svangerskapsrelaterte komplikasjonar. Nokre barn kan vere sjuke frå fødselen av, medan andre kan få gradvise symptom.

Til no kjenner vi til om lag 50 ulike mitokondriesjukdommar, inkludert dei som skuldast genfeil i kjerne-DNA. Då sjukdommane kan ha forskjellige symptom og ulik alvorsgrad, er det truleg at nokre pasientar med mitokondriesjukdom ikkje har fått ei diagnose, eller har fått feil diagnose. I dag er tilbodet til pasientar med mitokondriesjukdom avgrensa til behandling retta mot symptoma som sjukdommen gir. Det finns enda ingen årsaksretta behandling, men fleire genterapiar retta mot spesifikke genfeil i ulike sjukdommar er under utprøving.

Mitokondriedonasjon

Ved å nytte mitokondriedonasjon er det mogleg å redusere, og potensielt fjerne, risikoen for at mitokondriar med genfeil overførast til barnet. Metoden er, trass i namnet, ikkje å donere friske mitokondriar, men å overføre kjerne-DNA frå kvinna som ønskjer barn til eit kjernelaust donoregg med friske mitokondriar. Metoden er heller ikkje ei behandling av eit mitokondriesjukt barn, då overføringa skjer før det befrukta egget blir sett inn livmor til kvinna.

Dei finnast fleire ulike teknikkar for å gjere ei slik kjerneoverføring. Felles for dei er at ein nyttar in vitro fertilisering (IVF) til å hente ut modne eggceller frå kvinna som skal bli mor og befruktar eggcella med sæd i laboratoriet. I motsetnad til vanleg IVF treng ein og eit donert egg frå ei kvinne med friske mitokondriar. Dette er egget som skal settast inn i livmora etter at eggcellekjernen til donor er bytta ut med eggcellekjernen frå den som skal bli mor.

Mitokondriedonasjon med ubefrukta egg. 1. Kjernen frå egget til den mitokondriesjuke tas ut, resten av egget destruerast. 2. Frå donor nyttast egget med friske mitokondriar, men utan kjernen, som destruerast. 3. Kjernen frå den blivande mora setjast inn i det kjernelause donoregget. 4. Det nye egget, med kjerne frå den blivande mora og med friske mitokondriar og resten av cella frå donor, nyttast til assistert befrukting.
Figur: Eirik Joakim Tranvåg/Bioteknologirådet

Det er mogleg at nokre sjuke mitokondriar blir med når cellekjernen blir overført. Då vil det befrukta egget kunne innehalde ei blanding av friske mitokondriar frå donor og nokre sjuke mitokondriar frå den blivande mora, noko som kallast heteroplasi. Ved heteroplasi vil andelen av kvar av dei to mitokondrietypane vere avgjerande for om barnet blir sjuk og i tilfelle kor alvorleg.  

Storbritannia er det første, og førebels det einaste, landet som aktivt har tillate mitokondriedonasjon ved lov. Der er metoden eit tilbod til mitokondriesjuke kvinner som har særs høgt sannsyn for å få sjuke barn. Det finns ikkje noko tilgjengeleg register for kor mange barn som er fødde etter mitokondriedonasjon, men det er rapportert om at minst to kvinner har motteke slik behandling i Storbritannia. I andre land er ikkje mitokondriedonasjon tillate, men heller ikkje forbode. Det første kjende barnet som vart fødd etter bruk av mitokondriedonasjon har foreldre frå Jordan, egget vart befrukta i New York og satt inn i kvinna si livmor i Mexico. Det har og vore fødd eit barn i Kina, sju barn i Ukraina og eit barn i Hellas.

Mitokondriedonasjon er ikkje tillate i Noreg, men i 2020 gjorde Stortinget eit vedtak om at regjeringa skal arbeide for å endre Biomedisinkonvensjonen, eller korleis den skal forståast, slik at mitokondriedonasjon kan bli tillate i Noreg når metoden er trygg og forsvarleg. Fordi mitokondriedonasjon er ein form for arveleg endring av menneskje er metoden truleg i strid med Biomedisinkonvensjonen, ein internasjonal avtale om biomedisin om menneskerettar, som Noreg har underteikna.

Etiske betraktningar

mor holder baby
Mitokondriedonasjon kan gje kvinner med genfeil i mitokondriane moglegheita til å få eigne biologiske barn utan same genfeil. Foto: iStock

Arvelege genetiske endringar

Mitokondriedonasjon førar til arvelege genetiske endringar. Det inneber at endringane går i arv til vidare generasjonar, viss barnet som blir fødd er jente. Det strir mot Europarådet sin Biomedisinkonvensjon og UNESCO si verdserklæring om bioetikk og menneskerettar.  Argument mot å tillate arvelege genetiske endringar er mellom anna at konsekvensar og skadeverknadar for både enkeltindivid, slekt eller samfunnet er ukjende og vanskeleg å føreseia.

Nokre meiner at  dei etiske innvendingane mot arvelege genetiske endringar ikkje gjeld for mitokondriedonasjon, fordi endringane skjer i mitokondriane sitt DNA og ikkje i kjerne-DNA. Andre meiner at då metoden inneber overføring av cellekjernen til eit egg med anna mitokondrie-DNA, så er det ingen prinsipiell skilnad mellom mitokondriedonasjon og andre arvelege genetiske endringar som det har vore stor einigheit om at ikkje er greitt.

Medisinsk tryggleik

I vedtaket frå 2020 bad Stortinget regjeringa om å «…jobbe for endringer i biomedisinkonvensjonen, eller forståelsen av den, slik at mitokondriedonasjon kan tillates i Norge når metoden er trygg og faglig forsvarlig.»

Generelt vurderast og godkjennast nye medisinske behandlingar dersom den potensielle nytta av behandlinga for ein sjuk person er høgare enn risikoen. For mitokondriedonasjon er det fleire høve som kompliserer denne vurderinga. Metoden er behandling for barnløyse grunna i faren for at kvinna vil få eit barn med alvorleg sjukdom. Barnet eksisterer ikkje på det tidspunktet mitokondriedonasjonen utførast og utan behandlinga vil aldri barnet eksistera. Den direkte nytta tilkomer kvinna eller paret.

Risikoen vil derimot først og fremst gjelde for barnet, og for jentebarn også hennar etterkommarar. Korleis skal denne typen nytte og risiko vurderast? Når skal ein kunne fastslå at ei slik behandling er trygg? Etter at barnet er vaksen? Etter at enda ein generasjon har blitt fødd? Sidan det er snakk om arvelege genetiske endringar vil desse, for jenter, også følgje vidare generasjonar. Blir det annleis om ein bestemmer å berre lage gutebarn slik at endringa stoppar med barnet som blir fødd og ikkje går vidare i generasjonane?

Eit viktig prinsipp i medisinsk etikk er det informerte samtykket.  Den eller dei som let seg behandla skal få tilstrekkeleg informasjon om kva det inneber å ta i mot behandlinga. Eit slikt samtykke er og nedfelt i pasient- og brukarrettigheitslova. Barn som blir til ved hjelp av mitokondriedonasjon eksisterer ikkje når metoden nyttast og er såleis ikkje i stand til å samtykke.    

Fleire, mellom anna ein EU-rapport om arveleg genredigering publisert i 2021, peiker på at nytte og risiko må inngå i ei vurdering av proporsjonalitet. Metoden må då sjåast i lys av sjukdommane sitt alvor, som for mitokondriesjukdommar varierer mykje, og fråvær av alternative behandlingsmetodar. I ei slik vurdering vil nokre vekte sistnemnde faktorar høgare, medan andre vekter usikkerheita rundt nytte og risiko høgare – og dermed konkludere ulikt om og når mitokondriedonasjon er trygg og fagleg forsvarleg.

Spørsmål til diskusjon

  • Nokon meiner at ei viktig etisk grense blir kryssa dersom ein tillet genetiske endringar i arvematerialet til menneskje. Eksisterer slike grenser, og er dei i så fall relevante?
  • Sidan mitokondriane berre arvast frå mor, meiner nokre at metoden kan tillatast dersom det berre fødast guteborn. Kva meiner du om ein slik form for kjønnsseleksjon?
  • Vurderinga om mitokondriedonasjon er trygg og forsvarleg er kompleks. Kven meiner du bør ha ansvaret for å ta ein slik avgjerd? Er det ei medisinfagleg avgjersle, ei etisk avgjerd eller er den politisk?

Innhaldet på denne sida vart sist oppdatert i januar 2022. Send oss ein e-post dersom du har spørsmål eller kommentarar til innhaldet.