20.03.2013

Korleis laksen vart husdyr

Frå lakselv

Laksen er truleg det første ville dyret som vi har tamt til husdyr her i landet, kanskje bortsett frå reinsdyr. Foto: Scanstockphoto

Den norske oppdrettslaksen er forandra gjennom systematisk avl sidan 1975. – Å nytte dyr som er genetisk forbetra, er å utnytte ressursane best mogleg, seier avlspioner Trygve Gjedrem.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Våren 1969 sette firmaet Mowi, som dei første i Noreg, ut laksesmolt i merdar i sjøen på Sotra utanfor Bergen. På Hitra i Sør-Trøndelag plasserte brørne Sivert og Ove Grøntvedt ut 20 000 smolt våren 1970. Grøntvedt-brørne tente pengar allereie på første forsøk, og det inspirerte mange fiskarar og småbønder langs heile kysten til å starte med oppdrett. I 2012, vel førti år seinare, produserte Noreg éin million tonn oppdrettslaks til ein verdi av 30 milliardar kroner og eksporterte laks til 100 land.

– Ingen spådde at produksjonen skulle bli stor, seier professor Trygve Gjedrem (84), ein av pionerane i avlsarbeidet på laks, no seniorrådgivar ved Nofima og Akvaforsk Genetics Center.

Portrettfoto

Trygve Gjedrem. Foto: Kjell J. Merok / Nofima

Saman med Harald Skjervold, professor ved Institutt for husdyravl ved Noregs landbrukshøgskole, sette han i gang dei første avlsprogramma på laks i Noreg og var med og bygde opp Akvaforsk, der han òg var leiar.

Skjervold og Gjedrem ville nytte kunnskapen og røynslene frå husdyravl til å temje laksen. I 1970 skaffa Skjervold finansiering frå fleire hald, mellom anna frå Landbruksdepartementet via Kraftfôrfondet, og året etter starta bygginga av verdas største forskingsstasjon for fiskeoppdrett på Sunndalsøra. Eit par år etter bygde Akvaforsk òg ein forskingsstasjon på Averøya, finansiert av Noregs landbruksvitskaplege forskingsråd.

Mangla kunnskap

Frå byrjinga av 1900-talet hadde det vore drive med oppdrett av regnbogeaure i ferskvatn i Noreg, utan at det vart noka stor næring. Det var òg kjent korleis ein kunne produsere smolt for å setje ut i vassdrag. Men ein mangla kunnskap om oppdrett i sjøen og kva laksen burde fôrast med. Folk meinte at ein i alle fall ikkje kunne bruke tørrfôr i sjøen, det måtte vere ferskvatn i fôret. Grøntvedt-brørne prøvde seg fram og fôra laksen med lodde. Andre året brukte dei lodde som var lagra så lenge at ho harskna. Da fekk fisken leversjuke og mange døydde, men dei fann ut kva årsaka var.

På Sunndalsøra sette forskarane i gang med fôringsforsøk. Dei fann ut at når dei ga laks i sjøen tørrfôr, vaks han dobbelt så fort som med våtfôr. Etter dette gjekk alle oppdrettarane i løpet av nokre år over til å fôre laks i sjøvatn med berre tørrfôr.

Innsamling av laks

I tillegg til å forske på fôring ville Akvaforsk avle fram laksestammar med eigenskapar som var nyttige i oppdrett, slik at oppdrettarane kunne kjøpe rogn frå dei.

– Vi ante ikkje noko om kva stammer som kunne høve, det vart berre snakka om smålakselvar og storlakselvar, seier Gjedrem.

For å få eit avlsmateriale med størst mogleg genetisk variasjon, samla forskarane inn rogn frå førti norske lakselvar, frå Altaelva i nord til Glomma i sør. Rogna fekk dei frå klekkeria til dei lokale elveigarlaga. Etter som ein laksegenerasjon blir rekna som fire år, samla dei inn rogn frå fire årskull. Forskarane laga så heil- og halvsøsken frå kvar elv som dei tok med til avlsstasjonen på Sunndalsøra. Der kryssa dei laksestammane slik at dei fekk fire nye stammar. Sjølv om den opphavlege rogna kom frå ulike elvar, synte det seg at dei kunne nytte den same stammen til oppdrett både nord og sør i landet.

Flyfoto

Forskingsstasjonen på Sunndalsøra på Nordmøre. Bildet er tatt rundt 1976. Foto: Ola Sveen / Nofima

Merking

For å halde styr på kva fisk som var i slekt, var dei nøydde til å merkje fisken. I førstninga frysemerkte dei skinnet og klipte i finnane. Etter kvart kom PIT-tagen, eit merke på éin til to centimeter som blir skoten inn i bukhola på fisken. Merket gir frå seg eit signal når fisken passerer eit magnetfelt. I dag kan ein òg nytte gentestar for å fastslå slektskap.

Forbetring av eigenskapar

Målet med avlsprogramma er å forbetre utvalde eigenskapar for kvar ny generasjon. Forskarane vel ut fiskar med visse eigenskapar som skal bli foreldre til neste generasjon. Viss tilvekst er målet, vil det bli fleire blant avkomma som har gen som bidreg til å auke tilveksten, medan det blir færre som har gen som skaper dårleg tilvekst.

– Avlsframgang er som å gå i ei trapp, forklarer Gjedrem. – Kvart trappetrinn utgjer ein ny generasjon. Dess større framgangen er, dess brattare blir trappa.

Da dei starta med avlsarbeidet i 1975, valde dei ut fiskar berre med tanke på tilvekst.

– Internasjonalt var det stor skepsis til avlsarbeid på fisk, fortel Gjedrem.

Til dømes hadde forsøk med karpe i Israel ikkje gitt nokon framgang når ein avla på tilvekst. På Akvaforsk dobla dei likevel tilveksten på laksen i løpet av fem-seks generasjonar. Fôrforbruket per kilo tilvekst vart redusert med ein femdel. Etter kvart utvida dei avlsmålet slik at dei frå 1980-åra òg valde ut fiskar etter alder ved kjønnsmodning, og frå 1990-åra motstandsevne mot sjukdommar som furunkulose og ILA og slaktekvalitetar som feittprosent og filetfarge.

Det som avgjer kor stor avlsframgangen blir for kvar generasjon, er for det første kor sterkt utvalet av foreldrefisk er, altså kor mange av foreldrefiskane som har eigenskapen vi ønskjer, til dømes god tilvekst. Det andre er arvegraden, det vil seie kor mykje av eigenskapen som skuldast arv i høve til miljø. Det tredje er kor stor variasjon det er i eigenskapen.

Avlsforskarane ønskjer på den eine sida å velje ut dei fiskane som er aller best på til dømes tilvekst, men dette kan på den andre sida føre til innavl og gå utover den genetiske variasjonen. Derfor parar dei ikkje slektningar.

Dei siste åra har moderne bioteknologi vorte viktigare i avlsarbeidet. Mellom anna er det utvikla gentestar mot sjukdom (sjå GENialt nr. 3/2012). Gentestar kan òg gi oss betre oversyn over slektskapen mellom fiskane, til dømes kor like heilsøsken er genetisk.

Merder og bygning ved sjøen

Forskingsstasjonen på Averøya på Nordmøre. Bildet er frå 1986. Foto: Vidar Vassvik / Nofima

Tam laks

Temjinga har forandra oppførselen til laksen, og særleg ser ein det på yngelen.

– Vill lakseyngel er mykje meir redd for folk og lydar enn yngel frå oppdrettslaks, fortel Gjedrem. – Villyngelen dannar òg lettare eit hierarki der nokre få fiskar dominerer.

I dei første tamde generasjonane var det dessutan vanleg med kannibalisme blant yngelen.

Gjedrem held fram at vaksen oppdrettsfisk i sjøen òg er mindre redd no enn før, og har mindre av stresshormonet kortisol. Nokre forsøk tyder på at ville hannar jagar bort oppdrettshannar på gyteplassen, men det ser ut til å avhenge delvis av kven som kjem først til gyteområdet. Det er òg vist at ville hoer jagar bort dei tamme, og at den tamme hofisken grev grunnare gytegroper.

Sjukdomsproblem

På 1980-talet og først på 1990-talet hadde laksenæringa store problem med sjukdom i merdane, og mange oppdrettarar gjekk konkurs. Antibiotika var mykje brukt, og næringa fekk negativ omtale i media. Etter kvart vart det utvikla vaksinar for fleire sjukdommar, og i dag nyttar oppdrettsnæringa svært lite antibiotika. Laksen har òg fått betre plass i merdane. Andre tiltak som har vore prøvd, er å brakkleggje anlegga etter ei viss tid med produksjon, og å avle for å gjere laksen meir motstandsdyktig mot sjukdom. Likevel er lakselus framleis eit stort problem. Oppdrettsnæringa får òg kritikk for at laks rømmer frå anlegga, blandar seg med villaks i elvane og dermed påverkar villaksen.

Krev ressursar

Før vart det meste av laksefôret laga av råvarer frå havet, men fisk og sjødyr er ein knapp ressurs, og halvparten av fôret kjem derfor i dag frå plantar. Laksen blir framheva som særskilt sunn fordi det er ein feit fisk som inneheld dei lange, sunne omega- 3-feittsyrene. Men no når laksen får meir plantefôr, har han mindre av desse feittsyrene enn før.

Viss næringa skal halde fram med å vekse, vil det bli ei stadig større utfordring å skaffe nok fôr frå havet. Gjedrem peikar på at det enno finst ressursar som ikkje er utnytta. Til dømes kan vi nytte meir fiskeavfall som i dag blir dumpa på sjøen, saman med avfall frå husdyrproduksjon. Det blir òg forska på å produsere protein i bakteriar dyrka på metangass. Internasjonalt kjem berre ein tidel av oppdrettslaksen frå systematiske avlsprogram, så her er det meir å hente både på fôrutnytting og andre eigenskapar.

– Avlsprogramma har vore den store styrken til norsk oppdrettsnæring, og å nytte dyr som er genetisk forbetra, er å utnytte ressursane best mogleg, seier Gjedrem.

Genmodifisering vs. avl

Verken i Noreg eller andre land nyttar oppdrettsnæringa laks som er genmodifisert. Men det amerikanske selskapet AquaBounty har fått mykje merksemd for å ha laga ein genmodifisert laks som dei hevdar veks fortare enn vanleg laks. Laksen har fått sett inn eit ekstra gen for veksthormon frå ein annan fiskeart. No er ei miljørisikovurdering på høyring i USA.

Men Gjedrem trur ikkje den genmodifiserte laksen er framtida.

– Dette selskapet legg berre vekt på tilvekst, medan vi har eit breitt avlsmål som tek omsyn til mange eigenskapar. Elles er det store manglar i dokumentasjonen frå selskapet. Vi får ikkje vite kor mange fiskar som døyr, og kva genmodifiseringa vil ha å seie for helsa til laksen. Dei fleste eigenskapar avheng dessutan av mange ulike gen, og det er sjeldsynt å finne enkeltgen som åleine avgjer ein eigenskap.

LES MEIR:
Genmodifisert laks med ekstra veksthormon (GENialt nr. 3/2010)
Avlsarbeid – viktig bidrag til fremgang i norsk fiskeoppdrett (GENialt nr 2/2010)
Gentestar laks mot sjukdom (GENialt nr. 3/2012)

Laks

 

 

 

Siden ble opprettet: 20.03.2013. Siden ble oppdatert: 03.06.2014

Relevante temasider

Flere nyheter

Åpent møte: Sekvensering av nyfødte

07.06.2019

Genomsekvensering på friske nyfødte er nå mulig. Hindrer.. Les mer »

Sjå direkte: Trenger vi dyr for å få kjøtt?

06.06.2019

Laboratoriekjøtt, reint kjøtt, dyrefritt kjøtt og kunstig kjøtt… Les mer »

Trenger vi dyr for å få kjøtt?

16.05.2019

Laboratoriekjøtt, rent kjøtt, dyrefritt kjøtt og kunstig kjøtt… Les mer »

Regjeringens forslag til endringer i bioteknologiloven på høring

15.05.2019

  – Vi foreslår to hovedendringer: Å gjøre.. Les mer »

Frokostmøte 11. juni: Genteknologi og Crispr mot kreft – Hype eller håp?

09.05.2019

Med genteknologier som CRISPR utvikles neste generasjons immunterapier… Les mer »

Workshop for lærere: Nytt digitalt verktøy for ungdomsskolen

08.05.2019

På denne workshopen blir du kjent med det.. Les mer »

Debatt i Tromsø 22.5: Ungdomspolitikere om GMO   

07.05.2019

Hva mener neste generasjons politikere om genredigert mat?.. Les mer »

Bioteknologirådets forslag til ny GMO-regulering er publisert internasjonalt

30.04.2019

I desember i fjor presenterte Bioteknologirådet et forslag.. Les mer »

Uetisk å ikke ta i bruk GMO, mener Etisk Råd i Danmark

29.04.2019

Et stort flertall i Etisk Råd i Danmark.. Les mer »

Arendalsuka: Genredigert mat – hvordan skal den reguleres?

20.04.2019

Hvordan bør genredigert mat reguleres?   Tid: Torsdag.. Les mer »

© 2019 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter