Publisert: 7. mai 2015

Bioteknologirådet kritiserer Miljødirektoratet si handsaming av ein genmodifisert maissort.

Den insektresistente, genmodifiserte maisen MON81o er godkjend til dyrking, import, prosessering og fôr i EU, og regjeringa skal derfor vurdere om Noreg skal godkjenne eller forby han. Miljødirektoratet tilrådde i ein rapport til Klima- og miljødepartementet 9.3.2015 å forby dyrking av maisen MON810 i Noreg, men tillate import, prosessering og bruk i fôr.

Genteknologiloven krev at Noreg vurderer om ein genmodifisert plante bidreg til berekraftig utvikling og er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg før han eventuelt kan godkjennast. Planten må heller ikkje skade helse eller miljø. Perspektivet på berekraft er langsiktig og globalt.

LES MEIR: Fråsegna frå Bioteknologirådet

Bioteknologirådet uttaler seg i ei ny fråsegn om handteringa av kriteria berekraft, samfunnsnytte og etikk. Bioteknologirådet meiner at Miljødirektoratet i sin rapport
–      har trekt konklusjonar som ikkje samsvarer med prinsippa for korleis ein skal vurdere berekraft og handtere usikker kunnskap. Desse prinsippa gjer direktoratet greie for tidlegare i rapporten
–      ikkje har teke omsyn til råda frå Bioteknologinemnda om kva som bør vege tyngst når ein vurderer berekraft, og har late vere å drøfte fleire av momenta som Bioteknologinemnda har peika på som viktige

Bioteknologirådet oppmodar Klima- og Miljødepartementet til å be Miljødirektoratet
–      vurdere berekraft, etikk og samfunnsnytte i tråd med føringane i genteknologiloven
–      leggje rettleiingsdokumenta om berekraft som Bioteknologinemnda har utarbeidd, til grunn i dei kommande GMO-vurderingane. Miljødirektoratet har finansiert og gitt Bioteknologirådet i oppdrag å lage desse dokumenta
–      gjere greie for korleis direktoratet har komme fram til konklusjonane, inkludert kva for rammeverk det har nytta, og korleis det har vurdert kva som bør vege tyngst når ein vurderer berekraft
–      gjere greie for korfor direktoratet lèt vere å omtale visse relevante spørsmål

Bioteknologirådet oppmodar òg Klima- og miljødepartementet og regjeringa til å ta omsyn til innvendingane frå rådet når regjeringa skal vurdere å forby dyrking og import av maisen MON810.

LES MEIR: Rapporten frå Miljødirektoratet